lørdag, november 28, 2015

Karamelldrops

Ein av mine nyaste bruktfunn fylt med deilige karamelldrops!

Sakte men sikkert kjem eg i gong med godteri til jul. Eller før jul. Det
vert jo gjerne så mykje akkurat i jula har eg funne ut, så heimalaga godt
kan gjerne nytast i tida før! Eg kom over ein oppskrift på smørkaramelldrops,
frå ei svensk jente som heiter Frida, og driver Fridas bakblogg. Ho lagar så 
mykje godt! Karamellar har eg laga mange gongar, men desse er harde, som 
drops. Og med litt forandring i oppskrifta så laga eg heilt nydelege karamelldrops!
Ikkje var det vanskeleg heller, berre moro. Vil du prøve? Her kjem oppskrifta:

Karamelldrops
(ein heil del drops!)

1 dl brunt sukker
3 dl kvitt sukker
2 dl lys sirup (eg nytta hemmalag granskotsirup!)
2 dl kremfløyte
50 g ekte smør
2 ts knust maldonsalt

Ha alt saman i ei panne med tjukk botn. Kok opp og rør om av og til. Etter ei 
stund kan det vere lurt å setje ned temperaturen litt. Du må nytte eit sukkertermometer
til å måle rett temperatur. Røra skal koke til den når 140-145 grader. Ta panna
av plata og hell massen utover eit smurt bakebrett, eit bakeark i silikon eller
anna. Det bør vere smurt slik at den ikkje klebrar seg fast. Vend på massen med
ein bakespade eller spatel til den er kjølig nok til å jobbe med hendene på (framleis
litt varm). Eg delte den opp i fire deler og laga ei lang pølse om gongen. Det beste er 
å dra pølsa ut, ikkje å rulle den. Klypp så pølsa opp i passelege bitar og la
dropsa kjøle seg på bakepapir. Etter dei er avkjølte kan det vere lurt å rulle dei
i melis slik at dei ikkje klebrar seg til kvarandre. Ha i lufttett boks, i fin papirpose
eller på glas. Supert til å gi vekk til jul! 


onsdag, november 25, 2015

Styving av tre


På tunet mitt har eg tre gamle asketre. Dei er ikkje så høge, men dei er
breie og forma av tida. Før nytta dei nemleg styving, å sage av greinene
på trea, særleg asketre, for å kontrollere høgda på treet. Men ein viktigare
grunn var kanskje å kunne nytte det gode askelauvet som fôr utover året.
 Askelauvet er næringsrike og nesten som snop å rekne for saugene. Før hausten
slo heilt inn saga dei av greinene og samla saman lauvet Og trea vart ståande
att, nakne og stutte. 

Det er ein del år sidan desse trea mine har vore styva. Men eg syns det var på tide no.
Det eine asketreet, nærast huset, hadde allereie klart å strekke nokre svært
høge greiner rett opp i lufta, ganske så nære huset mitt. Og så er det no kjekt
å halde ved like ein tradisjon. Planen var å ta dei før lauvet fall, men det
fekk eg ikkje tid til. Og no står dei der, mine fine, krokete tre. Og til neste år
er nok smågreiner på strak veg ut att. Så får me satse på at desse trea lev i mange,
mange år vidare. 




tirsdag, november 24, 2015

Brente mandlar


Det nærmar seg desember, det nærmar seg advent, det nærmar seg jul. Surrealistisk.
Eg er ikkje der i år i det heile. Eg er trøtt og energilaus og kjenner mest lyst til å 
berre ligge strak ut. Så kreative prosjekt er i pausemodus, men bakst og kjøkentjeneste
er det eine som framleis får lokka meg ut av sofaen. Og om eg bestemmer meg for noko
så får eg kanskje til å lage ein porsjon av noko godt, kanskje noko julete. Og i år
har eg sett i gong med brente mandlar. I utforskingsmodus sjølvsagt. Korleis kan ein lage
ulike smakar av brente mandlar? Jo, tilsette ulike smakar som ein syns er gode!
Her har eg laga brente mandlar med ekte ceylonkanel (bilete over) og brente mandlar med
lakrisrotpulver (bilete under). Og det var snopen sin det! Eg utforskar også bruk av 
brunt sukker i tillegg til kvitt sukker for å få litt ekstra mørk og karamellaktig smak. 
Desse to mandensortane smakar vidt forskjellig, sjølv om ikkje kryddersmaken er veldig
sterk. Og dei er gode på kvar sine måtar. Kanelen er på ein måte litt frisk, lakrisen
vert litt ekstra søt. Og eg skal love deg at dette vert ein hekta på! Krydder kan ein jo
variere med etter kva ein føler for; vanilje, chili, røykt paprika, kardemomme,
 sitron, appelsinog anna. Kanskje du vil prøve litt honning i? 
Ut på kjøkenet og prøv du også!

Brente mandlar med kanel

450 g mandlar
1/2 dl vatn
50 g brunt sukker
100 g kvitt sukker
2 ss malt ceylonkanel (evnt 1 ss vanleg kanel)
1 ss smør

Kok opp vatn, sukker og kanel og la det småkoke i 2-3 minutt. Ha oppi
mandlar og rør godt. Skru varmen på middels temperatur. 
No vil massen dekke mandlane, så kjem sukkeret til å 
krystallisere seg, og så vil sukkeret smelte på ny att. Dette kan ta litt
tid så det er viktig at du rører godt heile tida. Etter at sukkeret byrjar
å smelte att og dekkar mandlane så har du oppi smør. Dette er
for at dei ikkje klistrar seg så til kvarandre. Rør godt smøret ut
og så hell du mandlane over på eit brett dekka med bakepapir. 
Prøv å skille dei frå kvarandre, det kan vere greit å bruke to gaflar
til dette. Avkjøl og bruk eit tørkepapir til å klemme ut overflødig
fett av mandlane (etter smøret). Ha oppi fine glas og prøv å gøym
vekk til jul - det spørs det om du klarar! 


fredag, november 13, 2015

Nye leigetakarar i hønsehuset






Sju nye leigetakarar har dukka opp på tunet her. Ei andemor og seks ungar, dvs
den eine ungen er litt slapp så det spørs om det lev så lenge. Dei er adoptert
av ei som også måtte adoptere dei, men som ikkje kunne ha dei lengre. Er
vel slik det går med adoptivdyr gitt. 


Mora er skjønn og flott og passar
veldig godt på ungane sine. Ho held både hanar og andre ender på lang avstand.


Ein flott liten andunge. Eg anar faktisk ikkje kor gamle dei er og kva
kjønn dei er, men det vil no vise seg etterkvart. 


I motsetning til mine to andre latsabbar av nokre ender så er desse
veldig aktive. Dei leitar rundt etter godsaker og går lange rundar. 


Mens dei "eldre" damene berre sit og ser på, som vanleg. Ikkje ante dei at dei 
skulle få konkurranse av fleire av same sort. 

tirsdag, november 10, 2015

Oh la la for nokre kjeks!








Marianne frå Toten introduserte meg for desse kjeksa
i sommar. Faktisk så knaska eg i meg ein god del på 
Finlandsturen vår. Og no syns eg det var på tide å 
lage dei sjølv altså. Det må seiast at desse er vannvittig
gode og også mettande! Dei har rugmjøl i seg i staden for
vanleg kveite. Men jammen har dei mykje sjokolade og sukker
også, så dei er no absolutt ikkje så supersunne. Men det er
vel også sunt å unne seg noko usunt av og til?
Kjeksa er ikkje sprø som ein er vant til, meir mjuke og deilige.
Og så litt salte då, akk....
Oppskrift under:

Oh la la SJOKOLADERUGKJEKS nam nam!

200 g mørk god sjokolade
28 g smør
45 g grov rug
1/2 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker - ekte vanilje
1 klype salt
2 store romtempererte egg
170 gram muscovadosukker eller brunt sukker
Maldonsalt/flaksalt

Smelt smør og sjokolade forsiktig i panne eller
over vassbad. Kjøl det lett ned. Bland mjøl, bakepulver,
vanilje og salt saman. Visp egg luftig, ha i sukker og visp 
til alt sukkeret er oppløyst. Bland forsiktig i sjokoladeblandinga
og så mjølblandinga. Set deigen i kjøleskapet i om lag 30 minutt.
Set ovnen på 180 grader og dekk bakeplater med bakepapir.
Bruk skei eller isskei og ha på ei skei per kjeks. Trykk dei lett ned 
og strø på litt godt flaksalt på toppen. Steik i ovnen i 10 minutt,
ta ut og avkjøl på rist. Kjeksa er veldig skjøre så ver forsiktig når du
flyttar på dei. Dei held seg i kjøleskapet i nokre dagar, eller dei 
kan frysast ned. 

mandag, november 09, 2015

Vesle speil på veggen der...


Dei som likar å følge med på interiør har sett trenden med runde speil
med gjerne ei skinnreim rundt. Eg likar slike speil veldig godt, men eg likar
heller å lage slikt sjølv enn å kjøpe mykje nytt til hus og heim. På badet har
eg ein variant med eit gammalt 70-talls brunt rundt speil med far sine
gamle heimalaga skinnbelter rundt. Og då eg såg eit rundt speil frå
ca 80-90-talet på eine bruktbutikken på Stord så grubla eg lenge om eg 
skulle kjøpe det eller ikkje, og kva eg eventuelt skulle finne på med det. Så det
har stått her langs med veggen nokre veker no og idear har blitt forkasta
ein etter ein. Til eg fann ein gammal og godt rusta kjetting i steinmuren 
i gamleløa her borte. Den fekk seg eit colabad, ein vask og så vart den 
festa på speilet. Eg syns det var herleg! Ikkje har eg bestemt meg enda om eg
skal male speilet eller ikkje, det må eg kjenne litt på gitt. 




Speil i stova gir enda meir rom i rommet. Og plutseleg fleire
detaljar. 


Rust kan vere ganske så fint syns eg. Det gir liksom både ein anna
farge og tekstur til heimen. 


Eg laga hol på begge sider av speilet og sette inn to krokar som eg 
kunne feste speilet på. Enkelt og billig og herleg! 

torsdag, november 05, 2015

November - gard og grunn og dyr


Rekk ein tur før lyset slås av så er det fint å sjå utover frå haugane her. 


Mine fine asketre. Truleg veldig gamle, meir enn 150 år i alle fall. Min teori
er at Eskeland har fått namnet etter asketre. Eg veit at det har stått fleire her.
No mistar dei blada og vert nakne med dei spinkle greinene sine. I år
er planen å styve dei, altså å sage av greinene. Det vert spennande å 
sjå korleis det ser ut med berre trestammer her oppe. 


Tre asketre, utruleg store mengder med blad. Overalt. Som grøne blad er dei 
skikkeleg godsaker for saugene og tidlegare styva dei trea for å samle
blada til saugene til vinteren blant anna. 


Liv på tunet. Høns og Frensur er som regel gode vener, men av og til litt nysgjerrige på 
kvarandre. Naturleg nok. Inge kikkar ekstra i dag.


Og Frensur kikkar tilbake.


Inge og Husmor. Som eg trudde var ei høne. Ho var kylling i vår. Men ho har skutt
fart og eg mistenker ho for å vere ein hane no. Eller ei sææærs stor høne. Men ho
galar ikkje og oppfører seg hønete. Ikkje lett med høns alltid, og kjekt er det!


Vikinghøna Eli har blitt kloks ho. Og nysgjerrig som eg er så la eg nokre egg under
ho for å teste ho ut. Og ho ser ut til å trivast med det. Så lite egg på meg om dagen, 
ei kloks og høne som har blitt hane og vintermodus som gjer at verping vert redusert
pregar hønsehuset.


Og så desse endene då. Snodige dyr. Dette er bilete av kva dei gjer om dagen. 
Dei sit stort sett akkurat her. Opp og ned. Kikkar. Badar seg litt. Eg får lurt dei 
litt ut på bakken av og til, særleg om eg har med meg noko brød. Men ender
som traska rundt på garden og knaska i seg brunsneglar fekk eg dessverre ikkje
i denne omgong, nei.


Saugene, eller årslamb som dei er, er supernysgjerrige på både høns, katt og ender.
Og interessa er ikkje delt. Endene beveger seg så seint at eine
lambet fekk snuten sin bak i rumpa til eine anda Guro utan at ho fekk gjort
noko som helst med det. Hardt å vere and. Og flaut gitt.


Ender i ettermiddagslys. Dei har litt preik på gong av og til. Eg anar ikkje
kva det betyr. Høyres ut som små kyllingar, bittesmå pipelydar. Koseleg
liv ute, fine fargar før nakne tre og snø tek over. 

onsdag, november 04, 2015

Varm haustdrikk - kald sommardrikk


Eg har ei oppskrift på ein drikk som fungerer like godt varm som kald, kald
som varm. Opprinneleg er det ei isteoppskrift, men den skal varmast opp
og den smakar heilt nydeleg varm i haustkulda, ute på vinteren, saman
med gode vener.. Litt annleis enn den vanlege gløggen som er litt
for søt for min smak.

Hovudingrediensane er svart te og kanel, og som førre innlegg
seier så bør ein bruke ekte kanel her. Det gir ein heilt anna smak.
Og så er det svært praktisk å ha ei god vekt og ein temperaturmålar.
 For her er det greit å følge måla!

Varm haustdrikk med te og kanel
Ca 2 liter drikke

2 liter vatn
200 g sukker
5 g knust kanelstang av ceylonkanel
1 dl sitronjuice (går bra frå flaske)
20 g svart te i lausvekt
2 gode appelsiner

Kok opp vatn, sukker, kanel og sitronjuice til ca 82 grader varmt (før det kokar).
Ha oppi den svarte teen. La det trekke i 10 minutt. Om det trekk mindre får det
meir kanelsmak, om det trekk lenger vert det sterk tesmak. Sil av te og kanel
og ha det oppi ei eller to mugger. Skrell appelsinene og del dei oppi fine skiver.
Ha oppi appelsinskiver og server straks, gjerne med ei kanelstang til pynt og
som ekstra smak! Og la mørke november berre gli forbi.