onsdag, november 04, 2015

Varm haustdrikk - kald sommardrikk


Eg har ei oppskrift på ein drikk som fungerer like godt varm som kald, kald
som varm. Opprinneleg er det ei isteoppskrift, men den skal varmast opp
og den smakar heilt nydeleg varm i haustkulda, ute på vinteren, saman
med gode vener.. Litt annleis enn den vanlege gløggen som er litt
for søt for min smak.

Hovudingrediensane er svart te og kanel, og som førre innlegg
seier så bør ein bruke ekte kanel her. Det gir ein heilt anna smak.
Og så er det svært praktisk å ha ei god vekt og ein temperaturmålar.
 For her er det greit å følge måla!

Varm haustdrikk med te og kanel
Ca 2 liter drikke

2 liter vatn
200 g sukker
5 g knust kanelstang av ceylonkanel
1 dl sitronjuice (går bra frå flaske)
20 g svart te i lausvekt
2 gode appelsiner

Kok opp vatn, sukker, kanel og sitronjuice til ca 82 grader varmt (før det kokar).
Ha oppi den svarte teen. La det trekke i 10 minutt. Om det trekk mindre får det
meir kanelsmak, om det trekk lenger vert det sterk tesmak. Sil av te og kanel
og ha det oppi ei eller to mugger. Skrell appelsinene og del dei oppi fine skiver.
Ha oppi appelsinskiver og server straks, gjerne med ei kanelstang til pynt og
som ekstra smak! Og la mørke november berre gli forbi. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!