torsdag, desember 03, 2015

Brrrrrrringebærdrops


Jau!

Dette har eg drøymt om i fleire år. Å rett og slett lage
drops. Og med karamelldropsa så var eg plutseleg, utan
noko form for advarsel, i gong. Og då var vegen kort til 
å kjøpe in smaksessens nr. 1 - bringebær. For er ikkje 
bringebærdrops godt? Dei som ein nokre stader får kjøpt
i fine plastkremmerhus til ein dyr penge? Jau, desse kan
ein lage sjølv! Og det er ikkje så vanskeleg som ein skulle
trudd. Men nokre ting bør ein ha før ein lagar drops - helst. 
Sukkertermometer, enten vanleg eller elektronisk. Det er 
eit termometer som måler ei grad om gongen og som går opp
til 200 grader. Og så anbefaler eg eit "non stick"-bakepapir, som ein til 
dømes får kjøpt på Clas Ohlson. Og dette kan ein bruke
fleire gongar. Så bør ein ha smaksessensar og farge, det
kan ein få tak i på til dømes hobbybutikkar som Panduro Hobby, 
også på nett. Og eg anbefaler også eingongshanskar, for du må
jobbe med dropsmassen når den er varm. 

Og her kjem oppskrift!

Brrringebærdrops

225 g sukker
3 ss maissirup (eller vanleg sirup)
0,5 dl vatn
ca 1 ts bringebæressens
ca 10 dropar farge rød
Nøytral olje (raps, soya)

Ha klart bakepapir med olje på. 
Kok opp sukker, vatn og sirup i ei gryte. Følg med med sukker-
termometeret. Ha ein sleikepott klar til å røre rundt med. Når 
temperaturen når 145 grader tilsetter du smak og farge. Rør godt
og hell massen oppå bakepapiret. Bruk ein spatel eller ein bakespade
til å vende rundt på massen. Når massen byrjar å samle seg litt
tek du på deg hanskar. Eg deler massen i to og både tvinner og drar
ut to lange pølser. Dei klypper eg i bitar med ei saks. Dropsa legg 
eg raskt over på eit vanleg bakepapir og passar på at dei ikkje ligg
nær kvarandre. Du bør helst jobbe kjapt her for massen stivnar fort.
La dei så kjøle seg ned, tørk lett med tørkepapir slik at overflodig
olje går vekk. Ha så litt melis i ei skål eller eit syltetøyglas, ha oppi
dropsa og rist/bland godt. Då vert dropsa fine og så klissar dei ikkje. 
Og så er det berre å kose seg, eller gi vekk i fine glas/posar til jul!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!