onsdag, desember 02, 2015

Desember på stølen










Så var me kome i desember. Eg seier adjø, farvel, hadet, gåvekk
til hausten. Til den mørke hausten, til det mørke regnet, til dei mørke
kveldane og til dei mørke dagane. Og seier velkomen, hallo, kom inn
til herr vinter. Difor vart eg så glad då vinteren stakk innom desse dagane.
Berre litt, berre ein korttur. I alle fall var bakkane her nesten kvite,
om det var snø eller hagl eller begge deler gjer ingenting. Det var kvitt 
og det var lyst og det var fint! Og sjølv om regnet tok med seg mørket
innover Eskeland att og regntøyet får køyrt seg skikkeleg så håpar
eg atter ein gong på litt vintervèr og litt kvitt lys.
Jammen ligg det mykje i dei årstidene våre, sjølv om ein av og til eller
ofte gjerne skulle ha ønskja seg noko anna enn det ein har for 
augneblinken, så kunne ein ikkje vore utan forandring i løpet av
året og i regn og sol, snø og hagl, kulde og varme. 

2 kommentarer:

  1. Det er deilig når snyen kommer og lyser opp tilværelsen igjen. Her har den første snyen blitt liggende - jeg håper på kvit jul! (",)

    SvarSlett
    Svar
    1. Vel, her regna den vekk dagen gitt...men var oppe på stølen i dag også og fann nokre småflekkar med snø attende. Og det varma mitt haustleie hjarte ;-) Håpar på kvit jul her også, men her i vest veit ein liksom aldri, det er nesten som å tippe lotto å håpe på snø til jul! :-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!