torsdag, desember 31, 2015

Ei biletkavalkade frå 2015


Marianne frå Toten spådde året 2015 til å bli skönt. Noko som det egentleg
vart faktisk. Me er jo litt svenskglad eg og Marianne, så det norske ordet
hadde vel vore skjønt då. 


Eg fekk gjort litt forskjellig gjennom året. Ute og inne. Sydd gardiner
til kjøkenøya.


Jobba litt ute og blei sterk i både armar og rygg av å sage med motorsag.


Mekka tre Norgesglaslampar. 


Skreiv eit heilt innlegg om Noregsglas.


Feira at huset, sjølve gamlahuset, vart mitt, og berre mitt!


Feira grønkålen som berre vaks og vaks ute.


Laga meg herleg saltkrukke av noregsglas og trådsnelle. 
Framleis i bruk! 


Fotoshoot av hanen Inge inne i stova. Heile Sunnhordland har jo 
fått sett han på kjøkenbenken i haust så sjølvsagt må han få vise 
seg fram!


Fine turar med hund (og katt). Alltid godt med turar. Og sol. 


Hekta på aluminium. Ei lita samling. 


Mekka ei hylle til kjøkenreiskapar og ei stadig veksande sleikepott-
samling!


Byrja å pynta opp litt ute då våren stakk innom. God
stemning det!


Ampel laga av ein lampeskjerm. 


Leika meg med tusj og tallerkar. 


Satsa stort på grønsaker. Sådde i veg og laga meg fine planteskeier. Men
det ga visst lite resultat. Pytt pytt! 


Fest med den store spekeskinkespretten! Steike god skinke laga heilt sjølv, av
Gissen og Gossen.


Det vart ein del kvilar i hengekøya med Inge. Han lika å bli dyssa inn
i kvilen i lag med meg. Snodig ja, herleg også!


Kylling kom det i år også. Alltid like koseleg det!


Vips, så var eg i gong ei helg med å rive det fæle teppet i stova. Støv, støv og
tre øydelagde støvsugarar (!!). 


Og eit festleg hol i golvet som ga nokre luftige veker før eg fekk tetta det og ordna
resten av golvet.



Mykje sylting og safting i år! Alltid like kjekt! 


Og det vart revolusjon innan baking på Eskelandskjøkenet. Surdeigen
entra kjøkenbenken og vart verande gitt. Mange, mange brød, med 
store luftbobler og nøgde magar etterpå. 


Mekking av dørmatte. Gøy!!


To ender vart adoptert frå Halsnøy. Guro og Kvitveis. Artige typar.


Og så var oppussinga i gong. I fleire veker budde eg på kjøkenet. Og styrte på
med stova. Blått som eit basseng gitt!

 Benken eg hadde planlagt lenge kom endeleg opp. Nøgd med den!

Blått og gult, fin-fine fargar! Herleg stemning!


Og så var det Finlandstur. Med besøk til Strömsö. Skikkeleg inspirasjonstur.


Kreative folk i Finland!!


Og så herleg språk då!


Og så var det ny inspirasjon. Naturmat! Gratis mat!


Då vart dette skrive på døra. Og det gjaldt heile hausten. Heile. 


Ramslauksmør. Steike godt det. 


Hausta inn blomar. Nydeleg. 


 2015 var vel eit sirupsår? Så gøy å lage det! Vart ein mengde sirupar og 
mange forskjellige smakar gitt.


Baking vart det også med bruk av bær og anna.


Mykje blåbær og litt godt med multer vart det også. 


Så starta jomfrubaksten av søt surdeig. Steike gode boller det har
blitt i haust! Med krydder og smørblandingar. Nam!


Enda ein tur med Marianne frå Toten, til Sverige denne gongen. Moro! Og 
kom heim med litt emalje og anna fint frå loppisverda.


Så vart eg finalist i konkurransen "Sunnhordlands finaste heim". Eg vann nok
ikkje, det hadde eg vel ikkje trudd heller, men steike moro var
det å få med hanen Inge i ein slik reportasje!  Absolutt verdt det!
Det syns han også. 


Desember kan vel også kallast dropsdesember. Vart visst hekta 
på det også. Desse vart kanskje dei beste - karamelldropsa. 


Mekka opp eit speil på veggen med gammal kjetting.


Vips så hadde eg adoptert ein andefamilie til. Mykje liv på tunet og
ein hypersosial andegjeng kjem meg i møte kvar dag. 


Til slutt og ikkje minst, 2015 var året for kjærleiken for meg! 
Eg fann meg ein grisebonde, og eg som så gjerne ville ha meg
ein bonde! Endeleg! 

Alle bør få oppleve litt kjærleik i livet! 
Og det er mitt ynskje for de der ute for året som kjem!
Kjærleik og glede innimellom sure og tunge dagar.

Godt nytt år!


5 kommentarer:

  1. Så kjekk oppsummering av bloggen din, har fått med meg de fleste innlegga og har lest mellom linjene at det er mann på gang. Det er best å være to! Ønsker alt godt for det nye året.

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt at du følgjer bloggen og påfunn Elisabeth, og kjekt når du legg frå deg nokre ord! Og ja, det er godt å vere to, og kjekt å gå inn i eit nytt år som to! Godt nytt år!!

      Slett
  2. Sitter med en kopp te og litt julegodis og leser gjennom dette utrolig artige innlegget - her har det skjedd og blitt gjort mye. Fin oppsummering av 2015.

    Det har vært veldig trivelig å bli kjent med deg på denne måten, takk for at du ga fra deg et pip på min blogg i sin tid. Jeg ønsker deg og mannen i ditt liv godt nytt år! Takk for følget i 2015, jeg ser fram til å følge deg også i 2016.

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt å høyre Maria! Og herleg å følge med på dine påfunn også!! Vert inspirert til å jobbe med mitt hus også, sjølv om ikkje alltid den store energien er det akkurat når eg vert inspirert ;-)Takk for følge i året som gjekk og så ynskjer me eit nytt år vælkømmi til gards!

      Slett
  3. Godt nyttår til deg og alle dine to- og firbeinte! Gleder meg til å følge bloggen din videre i 2016, en av de beste og triveligste! Mvh Margrethe :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!