søndag, desember 13, 2015

Honninghjarter


Har du høyrt om honninghjarte? Ei hjarteforma kake med smak av pepperkake
og honning, dekka med sjokolade? Det er ikkje så mange eg har snakka med frå
Stord som kjenner til denne godsaken. Men folk med tilknytning til Haugesund
veit gjerne kva det er. Då eg var liten budde bestemora mi i Haugesund og kvar
gong me reiste på besøk så handla me honninhjarter på Obskafeen. Dei var 
så gode! Og etter at Obs flytta inn i det store Amandasenteret, og Obs vart
Coop Obs så får ein framleis tak i slike kaker der, både på butikken og
hos bakaren. Men i julenummeret av bladet Bake så dukka desse
kakene opp. Dei er visst frå dansk tradisjon og helst skal ein feste 
eit glansbilete til kvar kake. Etter nokre oppskriftsjekkar ser eg at dei 
varierer veldig, til dømes skal ein i nokre oppskrifter blande mjøl og
honning og la det stå ein mnd før baking. Jøye meg. Så eg fann ut 
at eg ville prøve meg på første og beste oppskrift, nemleg frå Bake. Og
kakene var fine og gote, med skikkeleg smak av honning gitt! Vil du
prøve deg også? Så deler eg oppskrifta her:

HONNINGHJARTE

500 gram god honning
3 eggeplommer
2 ts malt kanel
1 ts malt nellik
1 ts malt allehånde
1/2 ts natron
2 ts bakepulver
500 gram kveitemjøl

ca 300 gram mørk sjokolade

Varm opp honningentil den vert flytande, men ikkje for varm. Brukar du 
flytande honning på flaske så treng du ikkje det. Ha honningen i ei bolle og 
visp inn eggeplommene. Bland det tørre og rør det inn i honningblandinga.
Deigen er gjerne litt blaut no, så ta den ut på eit mjøla bord og kna den 
lett nokre gongar. Pakk den inn i plast og legg den i kjøleskapet, der den
skal ligge minst 24 timar. Til utbaking brukar du litt mjøl på bord og kjevle,
men ikkje for mykje. Kjevle deigen forsiktig ut til ca 1 cm tjukk dei, Skjær
ut hjarter og legg forsiktig på eit brett med bakepapir. Steik dei i ca 12 minutt
på 170 grader, dei skal vere lett gyldne og heve seg litt. Avkjøl på rist. 

Smelt sjokoladen over vassbad. Om du berre har smelta sjokolade på så 
bør du oppbevare kakene i kjøleskapet då sjokoladen lett smeltar. Dei smakar
nok like godt. Om du vil prøve deg på eit steg lenger så inviterer eg på ny 
til temperering av sjokoladen. Smelt over vannbad, varm opp til over 45 grader,
avkjøl over kaldt vannbad og avkjøl til under 27 grader, varm så lett opp att
til ca 32 grader, men ikkje over 34. Komplisert? Det treng det ikkje vere. Du treng
sukkertermometer, konsentrasjon/merksemd/tid/interesse til å gjere dette og å
røre godt i sjokoladen heile vegen. Klarer du dette kan du smøre flott sjokolade
utover kakene etter at dei er avkjølt og la dei stivne på rist med bakepapir under. 

Kjekt med litt dansk og Haugesundsk juleglede! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!