fredag, desember 04, 2015

Steike saftig sjokoladekake versågod!


Skikkeleg saftig sjokoladekake!

Denne kaka fekk eg oppskrift på når me hadde eit matlagingskurs
for unge, me i Bygdekvinnelaget er nemleg opptekne av at barn
og unge skal få lære seg å lage mat. Så flott ungdom laga denne
kaka og den var litt annaleis i oppskrifta enn vanlege sjokoladekaker
og samtidig utruleg saftig! Ei skikkeleg langpannesjokoladekake til
helgekos eller bursdag eller anna. Den beste kaka eg har smakt til
no! Her kjem oppskrifta:

400 g smør
5 dl vatn
8 ss kakao
9 dl sukker (gjerne 2 dl brunt, resten kvitt)
3 dl lettrømme
4 store egg
1 ts godt salt
 6 ts bakepulver
9 dl sikta kveitemjøl eller speltmjøl

Glasur:
8 ss smelta smør
8 ss sterk kaffi eller mjølk
7 dl melis
2 ss kakao
3 ts ekte vaniljesukker

KAKA: Smelt smøret i ein god kjele. Tilsett vatn og kakao og rør godt. 
Ta kjelen av plata og rør så godt inn sukker, rømme og samanpiska egg. 
Ha så i dei tørre ingrediensane og rør til deigen er jevn og fin. Fyll ei
bakepapirkledd langpanne med deigen og steik kaka midt i ovnen i 200
grader i 25-30 minutt. Stikk gjerne ein trepinne nedi for å sjå om den
er ferdig. Avkjøl på rist. 

GLASUR: Smelt smøret i ein kjele og ha i kaffi/mjølk, melis, kakao og
ekte vaniljesukker. Rør glasuren jevn og fin. Smør over avkjølt kake og
pynt med det du har lyst til! Seigemenn og non stop er ALDRI feil! 





2 kommentarer:

  1. Jeg synes det høres så flott ut med et aktivt Bygdekvinnelag! Har også ei oppskrift på sjokoladekake som inneholder rømme. Tror det er det som er hemmeligheten, for den er helt farlig god!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er eit kjekt lag å vere med i! Særleg matlagingskveldar og kurs som me har med damer, barn og unge flyktningar. Det gir mykje det!!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!