mandag, desember 07, 2015

Svenska realt sprøa pepparkakor

Kvifor står det no S på grisen? Sjølvsagt for Sæterbø Gris, dei har eg hengt ein del med det siste halve året! 

På haustens svensketur kom eg over ei av Saltå Kvarn sine koke- og bakebøker.
Der fann eg mykje spanande! Blant anna svenska Dinkelpepperkakor!
Som på norsk tyder speltpepperkaker. Med ferskmalt kardemomme.
Og det måtte eg berre prøve meg på! 

På tur; herleg lesestoff, ein kopp te og ei mandarin og mykje matinspirasjon! 

Pepperkakene er skikkeleg sprø og har god kryddersmak! 
Hemmelegheita er nok vatn i staden for fløyte, ferskmalt
både ceylon kanel og kardemomme og kanskje
bruken av natron? Får ein ikkje malt krydder så bruk
vanleg og så vert dei nok gode uansett, prøv deg fram! 

SVENSKA DINKELPEPPERKAKOR
ca 100 stk.

250 g smør
2 dl lys sirup
300 g sukker
3 ts kardemomme, helst ferskmalt
1 1/2 ss kanel, helst ferskmalt ceylon kanel
2 ts malt muskatnøtt
1 ss malt ingefær
1 ss malt nellik
2 ts natron
2 egg
1 dl vatn
ca 1 kg sikta speltmjøl

Smelt smør, sirup og sukker i ei tjukkbotna gryte. Bland i alt av
krydder. Bland så i natron og litt og litt av speltmjølet enten i gryta
eller i ei stor bolle. Spar litt på mjølet, bland i egg og vatn og 
rør det godt inn. Bland inn mjøl til deigen er fast og fin, men ikkje 
for tørr. Ha på plast og la det stå kaldt over natta eller meir.

Kjevle ut deigen tynt, bruk godt med mjøl. Stikk ut kaker og
steik dei midt i ovnen på 200 grader i ca 8 minutt. 
Krønsj!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!