mandag, desember 21, 2015

TId for jul




Tid for jul.
Tid for ferie.
Tid for at sola snur.

Jau, det ser ikkje slik ut på Eskeland om dagen. Det regnar og bles.
Men eg hadde så lyst til å finne fram nokre fine vinter- og julebilete til
å krydre mi julehelsing på bloggen med. Sjå kor fint! Kanskje me får nokre
slike dagar i året som kjem i alle fall! Så får det berre regne i jula, me skal no
få traske på tur og slappe av for det! 



 I år skal eg ikkje feire jul på Eskeland. Som mange andre så
pakkar eg saker og ting og reiser vekk i jula. Men noko er litt
annleis. Eg skal ikkje så langt, eg skal berre til nabokommunen. Og 
så pakkar eg ikkje berre klede og julepresangar, men også både ender og
andunger, katt og hund, høner, hanar og min vesle kylling. 


Så i år vert det julefeiring på Fitjar. Og dyra skal på ferie også. Litt forvirrande 
kanskje, men dei må jo ha stell og pleie desse små. 
Og på Fitjar bur min kjære mann og me skal ha vår fyrste jul saman.
Sidan han er grisebonde så vert det ein del jobbing i grisefloren også,
men det er no berre kjekt.


Jula er forskjellig for alle. Om jula er lik i år som i fjor og som alle
andre år. Eller om det har skjedd noko sidan sist, nokon har gått 
bort eller nokon har kome til. Det er me som gjer jula til det ho kan være.
Og der spelar ikkje dyre presangar og perfekt pynt og perfekt mat den
største rolla. Men å vere i lag med dei ein er glad i, le
i lag, smile i lag, slappe av i lag, ete godt i lag, kanskje lære noko nytt
om kvarandre. For min del handlar det om ny jul, om ny familie, om
noko nytt. Og det ser eg fram til.

Og med det, og attåt litt julete Eskelandsbilete 
ynskjer eg deg og dine ei god jul.

Og så stikk eg kanskje innom her, alt etter korleis aktivitetsnivået er. 
Men kikkar du innom instagram så er det sikkert nokre kjekke bilete der! 












2 kommentarer:

  1. God jul til deg og grisebonden
    Blir litt av ei oppakning du skal ha med deg!
    Vi sees på Insta

    SvarSlett
  2. Nydelige bilder, og fin tekst. (",) Det er nok ikke mange som har så mange spesielle "pakkenelliker" med seg når de drar for å feire jul.
    Jeg ønsker deg ei riktig trivelig jul, og ser fram til å følge deg både her og på IG.

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!