fredag, januar 29, 2016

TeppeGLAD


Dei som føl meg på instagram har allereie sett dette teppet her. Som eg drog
med meg bakpå sykkelen heim frå Kvinnherad ein dag. Ein dag fylt av ørlite
ekte lukke. Det har seg nemleg slik at dei på bruktbutikken Retro på Husnes
også sel varer laga av Kvinnherad Vekstbedrift i Uskedalen. Dei både syr, tovar, vev
og snekrar. Og anna. Eg har tidlegare kjøpt ei nydeleg grøn fillerye derifrå. Og
gleda var stor då eg kom over eit vevd ullteppe med nydeleg mønster. 
Eit solid handarbeid som ein sjeldan kjem over no til dags. 900kr betalte eg for det
og det betalte eg med glede. Mange timar har nok gått med i dette teppet
her. Fargen kjentes fyrst ikkje ut som min farge, men den har eg no blitt
svært glad i. Ein sterk og klår blåfarge, som på det lyseblå golvet mitt
vert ein fin kontrast. 


Teppe har fått landa under spisebordet mitt og gir ein lun stad til kalde føter.


Eg syns mønsteret var nydeleg. Ei helsing er sendt til Kvinnherad Vekstbedrift
og eg håpar dei lagar fleire slike tepper som kan glede fleire enn meg! 

Rocka veving TO




Eit lita rockeringsvevingerfaringsmelding. Dette er fyrste gongen
eg har prøvd meg på denne type veving. Egentleg fyrste gong eg har veva
sidan eg var lita faktisk! Då også likte eg godt å veve, men då på 
ein bitteliten trevev. Uansett så nytta eg meg av husholdningstråd og ein 
vanleg liten rockering frå leikebutikken. Den viste seg å bøye seg litt
og trådane glei litt rundt. Så teppet, som eg fekk vevd, vart litt skeivt. 
Eg nytta sengetøy og dongeri i strimler til dette. God gjenbruk!


Før eg var ferdig fann eg meg ein ny rockering, til nye utfordringar. 
Større og betre og meir haldbar. 


Slik vart teppet. Til ei lita korg. Eg hadde stramma inn ganske godt undervegs og difor
stramma det seg til ei korg i staden for eit teppe. Men den fekk sin funksjon!




Katten storkosa seg i si nye korg. Den passa nett fint. Og er mjuk
og god å ligge i. Neste prosjekt håpar eg vert eit teppe. Men med
tynnare tråd denne gongen!

onsdag, januar 20, 2016

Eskeland i vinterdrakt


No kjem mildveret snart. Difor er det kjekt å få dele litt vinterbilete frå
heimen min. Ingen veit, kanskje er det lenge til neste gong tunet er dekka
med så mykje snø og herleg lys! 
Øverst er eit svart-kvittbilete frå i går, men det er noko med svart-kvitt foto
og snø. Det ser nesten ut som i gamle dagar spør du meg. 



Morgonstund ute. Sola har nett klatra over fjellet og lyser inn på tunet. 
Endene har ikkje heilt skjønt dette med snøen og eg har teke nokre
på fersken i å fly eit stykke, lande og så bom sit dei der i den 
høge snøen. Denne vesle her henta eg med meg opp til mammo si.


Ettermiddagssol.


Sola som kikkar over fjellet, rett før ho lyser opp snøen rundt.
Fuglebrettet ber tungt på all snøen som har kome. Eg har fylt 
på med mat til dei, det treng dei no!


Tidlege stråler, magisk augeblink dette her. Det er mørkt og lyst
på ein gong. 


Vegen må brøytast, denne gongen har den blitt brøyta mange
gongar og brøytekantane veks seg større og større. 


Det freistar ikkje å sette seg på dei kalde stubbane eller på
benken. Men fine å sjå på er dei i alle fall!


Hønsehuset i vinterlys og ettermiddagssol.


Når sola går ned over kanten her kan den framleis
sjåast på fjella i Kvinnherad. Her kan eg sjå innover
Rosendalsalpene, eit nydeleg syn.

Nyt dei siste dagane med kulde og vinter, snart kjem plussgradene att! 

søndag, januar 17, 2016

Skattar frå lemen TO


På min skattejakttur på lemen dukka også denne opp. Ein STOR skatt.
Far min sitt sjølvlaga herbarium, frå då han var rundt 15-16 år gamal.
Blomar sirleg pressa og festa med enkle tapebitar, enkle notater
med hans løkkeskrift. Og laga til eit flott samlehefte med band som
kan knyttast og held alt i saman. 




No ligg dette herbariumet på benken på kjøkenet, og ventar
på ettermiddagsstunder med krutsterk kaffi og ro og
nysgjerrigheit i kroppen. 


Skattar frå lemen EIN


Eg har hatt meg ein tur på lemen. Dvs eit stort rom i andre etasje som enda står
ugjort. Der står det framleis lagra nokre ting etter bestemor. Og eg trur alltid
at eg har kontroll på kva som er der, men det har eg visst aldri. For det dukkar
stadig opp små skattar. Som nokre nydelege gamle blad, informative og vakre.
Her kan eg lære om oppvask og helautomatikk, og mykje anna rart.


Gammal utgåve av Vestlands landbruk, adressert til min bestefar Sigurd. 
1950 gitt. Og fin hønsereklame frampå!


Nynorsk ordliste, god og gammal. Kjekk å kikke i om
ein skulle lure på nokre eldre ord. Nynorsk ordliste burde
jo alle ha i hus og heim!


Og ein fin fin trehest. Som nok far min har laga i
yngre år. Ein ekte skatt spør du meg. Måtte fram på
spisebordet med ein gong. 

tirsdag, januar 12, 2016

På tide med perler!


Perla du då du var lita? Kanskje barna dine har perla? 
Og du fann perler overalt i periodar? Eg heiv meg visst over 
det eg også. I romjula hadde eg og to kjekke jenter
ei perlestund. Perling er stillesittararbeid. Ein kan ikkje 
vere rastlaus då. Vel, kanskje slitnar vel ein nakke eller
nokre skuldre etterkvart, men det er vel verdt det? 


Her har eg hekla nøkkelringar! Blå for nøkkel til blåbilen min, ja,
eg kallar den det, for den er så blå. E er husnøkkelen til Eskelandshuset mitt, 
El er til min nye sykkel som ja, er ein el-sykkel! Og den siste er berre 
rosa og gul og grønn og glad og er for jobbnøklar. Så no vert det
herlege fargar i kvardagen gitt!



Eg har lenge ønska meg eit fint skilt til kammerset. Har
til og med vurdert eit svensk skilt, det svenske ordet for 
spisskammers er skafferi og er ganske så sjarmerande. 
Men bestemor sa alltid kammerset og då vart det det. 
Og her er skiltet. Botnen er eit lite brett, faktisk Cathrineholm
som eg har arva. Skrudd opp og festa på "kammers" som eg
sjølvsagt har kosa meg med på perla. Nøgd!


Og så var det gryteunderlag eller anna eg kan bruke det til. 
Og eksperimentering med strikkemønster og ankermønster
frå eit prosjekt på Strömsö. 


Snålt? Er perler berre for ungar? Neida. Hiv deg på
det du også! Skikkeleg kjekt putlearbeid og mange, mange
mulegheitar! 


mandag, januar 11, 2016

Vinterleg på Eskeland


Det er kanskje ikkje så mykje snø. Men det er litt. Og det er frost
i bakken. Og sola stikk innom. Så fint det er om dagane.
Det er sjeldan det er slikt her, så ein må nyte tida ute mens ein
kan! Det gjer i alle fall eg når eg kjem heim frå jobb.
Eg steller med dyra; hund skal ut, ender skal ha brød, hønsa
skal ha mat, egg skal hentast inn, ved skal hentast, hund skal
på tur, kanskje katten vert med. Det er godt det. 


Gamlehuset i kvitt og brunt teppe rundt. Og raudleg ettermiddagssol.


Når snøen kjem er det herleg mange fotavtrykk rundt på 
tunet. Fotavtrykka til endene er noko for seg. Dei vandrar
både her og der og ein ser for seg den vaglande gangen 
rundt om. 

Vinnarbilete - og eit litt forsenka julebilete!





I sommar heiv eg meg på dette Instagramgreiene. Har ikkje hatt noko
interesse for slikt før, men det var før eg fann ut at det var jo på 
ein måte ein "lett-blogg", ein måte å legge ut små bloggbilete på, kort
tid tek det og moro er det. Og så kan eg følge spennande folk innanfor 
kreativitet, mat, gjenbruk og anna. Så eg heng fortsatt der inne. Og innimellom
tek eg med meg mobilen inn i grisefloren på Sæterbø. Det har blitt nokre bilete
der sidan i sommar, grisar er nemleg så snåle og svært fotogene dyr. Og det 
er jo kjekt å dokumentere Gilde Edelgris som du kanskje kjøper i butikken.
Uansett så tok eg med meg ei nissehue i floren på litle julafta. Og hadde
det litt moro. Grisane også, trur eg. Og eg merka bilete mitt med bygdagram 
(tag foravisa Nationen)
som eg gjerne gjer med gardsbilete og vips så var eg med i ein 
julefotokonkurranse! Og no hin dagen fekk eg beskjed om at eg 
hadde vunne den! Det var moro det og no ligg det ein liten artikkel
på Nationen.no om dette.
Her kan du ta ein snikkitt om du tør!

Her er to herlege bilete til frå grisefloren. Nokre svultne små grisungar som
forsyner seg av frukosten.



Og sjølv om grisungar no kjem i posten og må insiminerast manuelt, så vert
det her av og til gjort på gamlemåten med purker som ynskjer seg det.
Og rånen får oppleve litt lukke ein kvardag. Svært snodig å sjå på dette
her, det tok si tid og rånen kvilte heile si vekt på purka så lenge. Men
ho såg ikkje ut til å slite for det. Fascinerande med grisehald. 


torsdag, januar 07, 2016

Rocka veving!


Dette lærte eg frå eit tidlegare Strömsöprogram. For dei
som ikkje kjenner til det enda så er det eit vestfinsk kreativt
tv-program som innimellom går på nrk. Men ligg gratis på
nettet og som eg og Marianne frå Toten faktisk besøkte i
fjor sommar. Lee frå Strömsö festa trådar til ein rockering
og laga ein liten vevd duk. Ho nytta tynn tråd, eg gjekk
laus med husholdningstråd eg. Så litt grovare. Og så stoff-
remser då. Utruleg kjekt men skikkeleg putlearbeid er det. 


Slik ser det ut når eg vever innerst i sirkelen. Eg må veve over 
ein del trådar om gongen og så ta færre og færre trådar. Til
saman har eg 52 trådremser men for at det skal fungere så
må eg ha oddetal, så eg har knytta to trådar saman slik
at det vert 51 i staden. Då vert det annakvar gong og veven vert
tett og fin.


Hin kvelden gjekk ei laus på buksene mine. Buksene no til
dags er jo ikkje produsert for å halde så lenge så dei
vert gjerne fort slitt her og der. Nokre bukser vil eg
redde med lapping, andre gjekk under saksa og vart
stoffremser.


Her er det sengetøy og dongeri. Framleis er ikkje teppet så
stort. Men eg håpar eg kan få litt storleik på det. Om ikkje
så får eg sjå om eg finn ein stoooor rockering og feste på
mange trådar og rett og slett prøve på ny! 


Eg har faktisk lengta etter veving i heile haust, så det var på tide.
Men eg kjenner meg sjølv godt og eg veit at eg kan ta litt
av med ulike prosjekt. Og gå lei. Så ein skikkeleg vev 
får eventuelt vente og så får eg rocke vidare imens! 

onsdag, januar 06, 2016

Storslakt på Eskeland (hihi)


I desember gjorde eg desse funna på bruktbutikken på Husnes. Flotte
plastdyr og fine smøreknivar. Til ein slikk og ingenting. Men det var eg
som skulle leike meg med dyra, ikkje nokre ungar nei.


Det gjekk hardt for seg på kjøkenet den dagen. Brødkniv, skjærefjøl og halve kroppar
som låg her og der.


Med magnetar frå Clas Ohlson, ein god limpistol og litt ledig tid
så vart det utruleg kule dyremagnetar! Dei var ein del av eit kjekt
presangprosjekt der eg hadde fått ordna fine bilete, malt ei tavle 
og så festa eg bilete med dei herlege magnetane til ei minnetavle! 


Måtte testast på kjøleskapet først. Likte nok best grisen, 
men rompene er ikkje så verst dei heller! 
Gøyalt prosjekt som gjor stor glede, billeg og 
enkelt og kjekt!