onsdag, januar 06, 2016

Vesle apekatt, vesle apekatt, kor har du gjort av deg?


Denne vesle karen hekla eg i desember og ga den til mitt skjønne fadderbarn
Elias til jul. Han likte den godt og det er så kjekt! Tidlegare har han fått ei
aperangle som liknar. Apekatten har eg hekla ein gong før men denne
gongen fekk han litt andre klede og vart litt større. Ein skikkeleg
going! Eg lærte meg å hekle for nokre år sidan og må 
sei at det å hekle kosedyr, eller amigurumi som det også heiter (eit
ord eg aldri heilt klarer å lære meg), er utruleg morosamt! 
Det er liksom så givande å produsere eit kosedyr og leiketøy.

 Søker du på amigurumi på google
får du mykje forskjellig kult, flott, rart og morsomt av hekla figurar.


For å hekle denne fekk eg tak i oppskrift frå ei jente som kallar
seg kaptein biff. Oppskrifta kosta ikkje mykje, men no har ho 
dessverre slutta å selge oppskriftene sine på epla.no og
etsy.no. Så til dei som vil hekle desse og vil ha oppskrift
så må eg berre beklage! Men på etsy finn ein mange
kjekke oppskrifter som ein kan kjøpe til ein billig penge 
og laste ned som pdf. 


Om du vil inn og kikke på mykje heklafigurar så er det kjekke
adresser her: http://kapteinbiff.blogspot.no
www.etsy.com
www.epla.no


Apekatten måtte få henge og slenge litt i stova mi før
den vart pakka inn. Vert jo som ein liten baby som ein gir
vekk, så nokre bilete måtte tas først.


Halaient Elias, no kjem eg snart til deg! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!