fredag, februar 26, 2016

Bilethistorie - gamlehuset på Eskeland - NI


Gamlekjøkenet. Det gjekk faktisk nesten eitt år frå nyekjøkenet var på plass
til det gamle kom seg ut. Er noko med desse somrane, er då det er
best arbeidsenergi. 


Riving var gøy, men litt styr ja. Praktisk å kunne hive alt ut på bakken!


Spennande med kva som lurte under kjøkeninnredninga - tre typar golv. 
Og veggane var også litt interessante, i ulik tjukkleik av plater. 


Puss puss så får du ein suss. 




Rett ned til "grunnmuren" eller ei god steinsamling. Fekk lagt litt 
isolasjon då. 



Og strålande gøy å setje inn eit vindauge i veggen!



Tid for panel og rommet endra totalt karakter! 


Det innebygde skapet fekk stå og fekk seg litt ny maling. 






Kjøkenet vart kontor. Eg må ærleg innrømme at eg ikkje sit
der så ofte, er noko med at eg heng mest i stova og på kjøkenet. 
Men å ha ein god lagringsplass er veldig bra! Og mulegheit til å mure 
meg inne her med jobb eller symaskinen. Godt rom som eg går igjennom 
kvar einaste dag, då bør det vere god eneregi der. 

onsdag, februar 24, 2016

Bilethistorie - gamlehuset på Eskeland - ÅTTE


Den vinteren gjekk eg laus på soverommet mitt oppe på kvisten. Det var eit av dei
nyaste romma i huset og hadde allereie panel på veggar og tak og eit gulna
og lakka golv. Det vart pussa ned og måla grått. Veggane fekk ein kald og roleg
blåfarge. Det er rart korleis maling kan endre eit rom totalt ned. Ny seng vart kjøpt
inn og nokre ekstra fargar fekk krydre rommet. Godt soverom!







Våren sette i gong enda meir maling. Denne benken arva eg då
den skulle hivast. Den vart sjølvsagt gul og står ute heile året
ved "fin-inngongspartiet". 


Særs kjekt når ein kan innta maten og kaffien ute. Her på vegen 
fram til huset satt bestemor og heile familien også når veret var
fint og varmt.



Den våren, for to år sidan fekk eg besøk av ein journalist og fotograf
i frå Bergens Tidende. Dei laga ein utruleg flott reportasje om meg, 
huset og tunet som kom på trykk 1. mai. Denne reportasjen ga ein god
boost i sjølvutvikling og enda meir inspirasjon til å fortsette med å
jobbe med huset og dyrke mine interesser. 



Frodig i inngongspartiet. I ettermiddagssola der er det fint å vere
sommarstid. 





Godt med grønsaker og anna den sommaren der. Herleg. 


Fint å pynte med urter og små grønsaksplanter i inngongspartiet. 
Så utruleg frodig og godt etande!


Ved oppussing av framsida av huset dukka det opp nokre gamle plankar
i ein nydeleg grøn farge. Er nok malt med linoljemaling ei tid. Desse
tok eg vare på og etterkvart snekra eg ein benk av dei. Ved hjelp av
hylleknektar i metall som støtte for rygglenet. 
Denne benken står fast bak huset no, ved inngongspartiet. Eg er utruleg glad i
den benken. 




Eg fann ut at eg ville male alle fire ytterdører i huset. To inngongs-
dører og to kjellardører. Eg valte ut ein fin blåfarge til slutt på
butikken og fekk blanda meg farge. Då eg til slutt hadde malt
alle dører og fekk sjå innsida av kjellardøra på eine sida såg
eg at eg hadde malt nesten ein identisk farge med den som har
vore før ein gong. Som eg ikkje visste om. Ein nabo kunne
støtte opp om det, og det var ein spesiell oppleving.



Lys blått og godt. 

lørdag, februar 20, 2016

Vinterleg sommarsmak






Det som er så fint med å vere sankar, syltar og saftar, er at ein alltid har noko
ståande eller liggande. Til dømes har ein fryse ned heile bær, det er alltid lurt
å gjere. For ja, dei kjem til god nytte ein dag. Eg er av gamle sorten, eg gidd
rett og slett ikkje å kjøpe desse ferske utanlandske bæra ein finn i butikken
no om dagen. Då prisar eg heller den plukkejobben eg gjorde sommaren eller
hausten før. Så her kjem ei god oppskrift på knallgod pai! Til kvardag eller
til fest! Ein smak av sommar, ein smak av naturen vår, midt i månaden februar.
Er ikkje det fantastisk?



Paideig - 2 former

300 g mjøl
200 g kaldt smør i terningar
100 g melis
1 egg

Bland saman alt saman enten for hand eller veldig enkelt
med ein foodprocessor/kjøkenmaskin. Legg deigen i ein pose
og legg den i kjøleskapet eller i frysen til den er kald (ca 30 min).
Kjevle den så ut tynt, legg den over paiformer og set dei i frysen
til avkjøling i nye 30  minutt. Set ovnen på 170 grader og forsteik
paiskala i ca 30 minutt, hugs å prikke botnen med ein gaffel. Om
du vil lukke botnen heilt så tek du ut paiskalet, penslar med vispa
egg og steiker den i ytterlegare fem minutt. 

Ekte eggekrem

9 eggeplommer
3 dl kremfløyte
4 dl mjølk
1 dl sukker
1 vaniljestang 
2 ss maisenna

Varm opp fløyte, mjølk, sukker og frø av vaniljestang. 
Visp saman eggeplommer og maisenna og ha oppi, visp
heile vegen. Når det mjuknar ta panna av plata. Avkjøl.

Dekk paiskala med eggekrem. Ha på det du ynskjer av bær.
Eg hadde bananskiver og blåbær på den eine paien og
ei blanding av rips og bringebær på den andre. Der laga eg også eit
lite flettalokk av resten av deigen som ikkje vart nytta. Steik så paien 
på 200 grader i ca 20-25 minutt. Banan - og blåbærpai er super
med vispa krem med litt brunt sukker i på toppen. Bringebær- og
ripspaien er fantastisk som den er, men ei iskule attåt er ikkje å
forakte! Nam nam nam!


Enkelt kunstverk, litt styr for å lage det perfekte paiskalet, men absolutt verdt det! 

fredag, februar 19, 2016

Bilethistorie - gamlehuset på Eskeland - SJU


Kjøkenet. Den store draumen. Eit stort og godt rom. God plass
til matlaging. God plass til baking. Kjøkenet vart bestilt, teikna og snekra
på plass på det skeive golvet mitt av Sunde Snekkeri frå Kvinnherad. Alt i 
heiltre og med frontar i eik. Og malt i ein roleg og kald blåfarge. 



Eg valte ei enkel løysing med berre underskap av fleire grunnar, både fordi eg
likar det ope og fordi eg ville sjå dei fine tømmerveggane. Og så
ville eg lage til hyller sjølv. Å snekre hyller er veldig enkelt. Du må
berre bestemme deg for mål, kjøpe inn hobbyplank, måle opp
og skru saman. Eg målte faktisk opp etter glasa mine og mummikoppane.
 Det skulle kunne stå to mummikoppar oppå kvarandre på nederste hylla.
Det er genialt med å snekre sjølv, det er DU som bestemmer kva som skal 
passe inni der. 



På andre veggen valte eg enkle hylleknektar og hobbyplank. Til å bære kjørel. 



Kjøkenlampen laga eg av ei mjølkesil frå lemen her. Enkelt og kult. 



Fint lysspel i taket av den lampen. 


Den gamle lampen som var i taket frå før vart flytta til veggen over kammersdøra.
Den nyttar eg når eg treng litt ekstra lys i rommet. 


Gammal-nye lysbrytarar fann eg på Clas Ohlson. Eg diggar dei!


Knaggar av dei der eg aldri hugsar namnet på, 
som ein subrar strømgjerdet rundt. 


Gamle mjølskuffer fann eg på ein loppis på Fitjar, på husmorskulen der.
Eg fekk raska med meg seks stykk, ei venninne tok resten. Ei enkel
hylle til kvar og ein vart laga og festa under ei hylle. Her har 
eg alt av frø.




Kjøkenet på tidleg stadium. Eit varmt og godt rom som eg brukar mykje tid i!