torsdag, februar 04, 2016

Bilethistore - gamlehuset på Eskeland - EIN


Det er mykje tankar og kjensler som svirrar for tida. Eg bur i verdas finaste hus,
men kjem eg til å kunne bu her resten av livet? Eg lovte ei fin tante for nokre år
sidan at "her skal eg leva og her skal eg døy", og eg meinte det. Men
ting skjer, ting forandrar seg, noko kjem til og noko fer i frå. Huset er mitt
og det skal det vere. Men det er ikkje sikkert eg får bu i det og døy i det.
Så eg følte for å lage ei lita biletforteljing, frå mi tid i huset. 

Øverst er eit bilete frå ei bok om Stord. Her er gamlehuset i kvitt. Ikkje så stort
som no og eit mindre hus til høgre samt ein skut. Det seier seg at huset her vart sett
opp i ca 1860 av min tippoldefar Østen Eskeland. Han kjøpte denne garden. Det er
usikkert om han då bygde huset nytt eller om han flytta ei allereie eksisterande stove.
Uansett så var ikkje huset stort, men vart etterkvart bygd på, del for del. På bilete har
hans familie teke over huset og han sjølv på sine eldre dagar bygde seg ei lita stove oppanfor.
Den står ikkje lengre, men ein kan sjå spor etter noko grunnmur her oppe. 
Faktisk spøkte Østen i huset fyrste gong eg flytta inn her, men ikkje no lengre, og 
den som ikkje trur på det treng heller ikkje å tru på det. Østen var i 
tillegg til gardsbrukar også ordførar i Stord kommune i nokre år. 


Eg vaks opp med bestemor mi buande i dette huset. Ho sat alltid på kjøkenet, i godstolen
og hadde der ein liten tv, radio, telefon og aviser som ho fekk frå oss. Maten vart
ete framfor kjøkenbenken og eg hugsar ho ofte åt ein slags kruskakli med surmjølk
og rips. Surt og sunt og godt. Eg fekk ofte nokre bitar med den mørkaste kokesjokoladen,
sjølvaste Freia Selskapssjokolade, då eg stakk oppom på besøk. Resten av huset til bestemor
var sjeldan i bruk. På kammerset hadde ho matvarer, syltetøy og saft, frysar og slikt. På soverommet
fekk eg sjeldan kome inn. Der sto der to lyserosa gamle senger og der var det alltid kaldt. 
Stova var berre i bruk ved selskap og difor var det heller aldri fyrt opp her. På lemen 
fekk eg lure meg opp ein gong i blant. Eg hugsa eg fekk rote litt rundt og leite etter 
gammalt stoff som eg kunne bruke til å sy barbieklede av. Bestemor var ei bra dame, arbeidssom, sta og bestemt og snill. Ho var ei ekte bestemor med stakk og tjukke strømpebukser og permanent
i håret. Då eg var yngre, vart ho sjuk og budde sine siste år på ein sjukeheim. 


Ein ting dette huset og bestemor var kjent for var hagen hennar. Den var stor og frodig. Det seier
seg at ho var ein av dei fyrste her som faktisk anla hage og brukte pengar på slikt. Eg hugsar at
det var rhododendron store som tre som ein måtte krype igjennom, ein rein jungel. Eg hugsar
ho kasta oske framfor eit tre i hagen og at det ein gong byrja å brenne i treet. Ho hadde blomar
og rabarbra, stauder og buskar og bær og anna. Bed laga ho med hjep av skiferheller og 
nokre turar til sjøen med steinar i korga har det nok blitt for her er mange fine steinar. 
Etter at ho flytta ut har huset blitt leigd ut nokre få gongar, men elles har huset stått tomt i mange år.
Eg har ofte søkt opp mot huset dei gongar eg kom heim frå mine studiar i Bergen,
eg måtte berre sjå opp mot det kvite verket eller ta ein tur opp og berre kikke.
Lenge drøymde eg om å ta over huset, men 
ting gjorde at draumen ikkje var så realiserbar. 


I 2008 var eg ferdig utdanna og flytta heim i nokre månader før turen vende tilbake
til Bergen for jobb. Det var nokre fine og harde månader. Far hadde blitt sjuk
og det var eg og mor mi som styrte rundt på garden. Den sommaren hugsar eg at eg
høya mykje ute, broderte på dikt, koste meg med diverse urter, leste på Dag og Tid
og sprang mykje i fjellet. 


Utanfor "fininngongen" hadde eg både tomat- og agurkplanter, eg lurer meg
på om eg fekk dei av ein fin slektning. Her i døropninga sat eg ofte på
kveldstid.


Frodig på Eskeland i 2008.


Denne sommaren var far sjuk og det vart bestemt at kyrne måtte selgast. Det
vart tungt, eg grein då slaktebilen kom. Og eg har no aldri likt desse slaktebilane heller. 


Kjekt å ha spart på nokre bilete frå denne tida. Her kosa eg meg med nokre små
søte kalvar. Desse vart heldigvis selt vidare til ein annan bonde.



Eskeland i svart-kvit. Sauge hadde me nokre år til. 


Vinterdrakt. 


Ein annan ting eg kosa meg med på den tida var at på nabogarden hadde
dei ein hest. Den gjekk i lag med ein vèrsaug, og dei to var verdas beste vener. 
Det var så koseleg! Eit lite eventyr å følge med på rett og slett. 



Tunet. Eit litt slitt gamlehus.


Det var litt forskjellige møblar som sto i huset. Nokre frå huset si tid som skap og
nokre stolar og kister. Nokre som mor mi hadde sett opp og nokre kjøpte brukte
møblar som vart nytta under utleige. Her er mor sine gamle spisebord-
møblar og litt middagsmat servert til venner. Dette var bestemor sitt gamle soverom 
med tømmerveggar og breie golvbord i grønt. Dette er no mitt kjøken.


Det gjorde seg med kyr på Eskeland. Det skulle det ha vore igjen. 

4 kommentarer:

  1. Kjekk lesing om huset ! Historikk er så viktig, og mange nostalgiske drypp ramlet inn her av å lese og se bildene. Savn av kyr kjenner jeg godt til, de gjør noe med omgivelsene med sitt herlige lune vesen. Og dyr som sniker seg inn i huset er jo bare råfestlig ☺️

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt at du likte å lese om huset! Tenkte det var greit å samle det litt, og godt for min eigen del å gå igjennom det kjenner eg :-)

      Slett
  2. Så fint med et sånt tilbakeblikk, skjønner at endrede forutsetninger setter i gang tankene. Du skriver bra!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Maria! Godt å få skrive litt kjenner eg!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!