tirsdag, februar 09, 2016

Bilethistore - gamlehuset på Eskeland - FIRE


Så var det utetid. Og haust. Og mykje å gjere i hagen. Eg gravde
og gravde og drog og drog. Mange røter og buskar og ugras og tull. 
Og fann både restar av porselen og gamle bein. Bedet framfor huset
vart som nytt. Nokre stauder vart kjøpt inn, dessverre frå Plantasjen, 
det gjer eg ikkje igjen. For med dei kom også brunsneglane. Jaudå, eg
såg dei krøyp ut. Fysj!


På nordsida av huset vart det også ein storjobb. Her la eg heller og pynta så fint så.
Minuser vart berre at når graset gror hittegrann så ser ein ikkje spor av dette lenger.
Eg har gjort ein del i hagen, men mangel på tid og energi til å halde
det gåande har nok gjort at den veks litt til att og ugraset får kose seg. Det gjeld å bestemme
seg for ein hobby og bruke tid på den, men dessverre har eg visst ikkje valt hagen som
ein av mine store hobbyar året rundt. 


Tida kom for å skifte ut dei gamle trekkfulle glasa. Slik vart det gjort her. 
Hadde eg gjort det på nytt så kanskje eg hadde bevart det gamle, men då var
eg ikkje klar for det. Då var eg klar for å varme meg, og ordne huset. 


Ein kald seinhaustes dag sto det bokstaveleg talt open mot verda i gamlehuset. Skikkeleg
kaldt før det vert varmt. 


Eg fekk ordna meg inne i grisehusdelen av hønsehuset på tunet her
og fekk henta meg nokre kvite høner.
Det var stas. Dei var framleis store kyllingar og alle fekk namn. Sjefshøna
fekk namet Frøken og ho fungerte lenge som hanen i flokken. Det var kjekt å få litt
liv på tunet.Eg har aldri opplevd høns her oppe som yngre, men før mi tid hadde
bestemor mykje høns og kyllingar i hønsehuset, fordelt på to etasjar. Ho selte
både egg og kyllingar til slakt rundt om. 


Frøken i sine yngre dagar, eitt av mine ynglingsbilete. 


 Og vinteren kom. Med masse snø. Og Buster måtte ha strikkasokkar på.
Dette vart årets julekort i 2012. 


Ei lita pause ute ein vinterdag før jul, mi fyrste jul i huset. 
Litt krutsterk kaffi i fine mummikoppar.


På vinteren fekk eg meg også katten Frensur. Den måtte bli kjent med
både sauge, høns og hund. Travelt og skummelt liv. 


Eit vårbilete innanfrå.


Ein Buster i vårmodus. Snøklokker i hundrevis framfor huset. 


Oppussingsmodus og malingsmodus. Ny bordkledning til huset måtte til og alt vart
forhandsmalt ute. Berre synd at me malte feil side fyrst, og alt måtte 
malast på nytt att. Men alt gjekk no bra for det. Nokre møblar i frå her og der fekk
også litt maling på seg. Eg klarer alltid å samkjøre slik at eg har mange prosjekt på
ein gong, effektivt og slitsamt på ein gong det. 


Våren 2013. Brunsvidde frostskada bakkar. Nokre planta påskeliljer og ein
katt som glir liksom heilt inn i alt det brune. 


Ein av mine fyrste snekkerier her. Ein benk framfor kjellarvindauget. 
Den har eg brukt ein del gonger, særleg på kveldstid med kikking mot stjernehimmelen.


Ein stol eg fann på gjenbruksavdelinga på SIM malte eg sjølvsagt gul. Og den står no
her enda og er liksom tilhøyrande her på tunet. Høna Frøken poserer så fint. 


Frensur poserer derimot mellom dei gamle påskeliljene. Dei fylte. Det er stor
stas når dei kjem opp her. Flotte skattar frå bestemor det. 


Klestørk ute, som bestemor hadde det. For meg er klestørk synonymt med ei klessnor
hengande ute. Det er både fint å sjå på og så vert det så god lukt i kleda. 


Fyrste plantekasse. Litt salat og anna her. 


 Og drivskapet byggeplan ein. Det vart berre to nivå. Og det gjer
framleis nytta si. Men eg saknar sårt eit skikkeleg drivhus. Eit som eg vil 
bygge sjølv. Og som held betre på varmen. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!