fredag, februar 05, 2016

Bilethistore - gamlehuset på Eskeland - TO


Eit drøymebilete av huset. Ein gong. Eg budde i Bergen i totalt ti år. Seks år som
student og fire år i arbeid. Eg hadde ikkje trudd at eg skulle komme meg heim.
Eg hadde tenkt til å bli, i Bergen hadde eg jobb, eg hadde fjella, loppemarked
og anna kjekt. Eg skulle kjøpe meg leilighet men det var ikkje så lett
å kjøpe seg inn i ein hard marknad. 


Eit slitt hus som ber om ei handsrekning. Ein overgrodd hage. 


På denne tida var søreveggen svært dårleg og foreldra mine
valte å skifte både kledning og vindauge. På eit tidspunkt kjem 
det eit valg med ubebudde hus. Skal ein la dei forfalle eller skal ein
legge i pengar og prøve å halde dei gåande. Heldigvis valte dei det
siste. 


Garden på Eskeland med skjønne små lamb. Det sikraste vårteiknet. Det
har eg sakna her dei siste åra.


Ein tur heime for å ta bilete i våren 2011. Eg hadde nett fått meg Buster, han vart henta
frå ein familie i Odda. Det var gøy og uvant. Og her på garden kunne han springe og
kose seg i det høge graset. 


Som førebuing til leilighetskjøp starta eg med litt maling i gamlehuset. 
Oppussing av bestemor sitt gamle spisebord og gamle stolar
som eg arva. Og ei bokhylle og noko anna. 


Dei som trur at eg har mala gult berre det siste året eller to må tru om att. 
Det er mange mange år sidan eg måla første gong med min faste gulfarge. 
Her er gulstolen, som framleis er gul og fin i stova. Og min beste maling 
er Bengalakk. Den held så godt!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!