søndag, februar 07, 2016

Bilethistore - gamlehuset på Eskeland - TRE


 Rundt junitider i 2012 hadde eg bestemt meg. Og ting falt på plass. Då hadde eg bestemt
meg for å flytte heim til Eskeland. Teste det som eg var no litt redd for, og gjere det som
eg hadde så lyst til. Og motsatt av mange andre så pakka eg tinga og flytta
heim åleine, utan mann og barn på slep. Eg angrar ikkje på det, å leve åleine og bu åleine
burde nok alle gjere nokre år. Mykje har eg lært om meg sjølv gjennom dei siste åra. 


Det var litt hage å ta tak i. Framfor huset vaks eit hylleblomtre, eller hydl som det
også vart kalla her.  To av vindauga på framsida av huset var "nye" medan dei til
venstre var eldre, munnblåst og ruglete. Og kaaalde. 

Tunet ein tidleg vårdag. 


Eg hadde nokre månader før flyttedato og fekk byrja å gjere nokre viktige
endringar før eg flytta inn. Der som eg har kjøkenet no var mitt fyrste
soverom, eg syns det var greit å bu på eitt plan. Men golvet hadde
mor mi mala grått og malingen prella nesten berre av. Så om eg skulle
starte med det så måtte eg få vekk malingen. Ein nabo tipsa meg om nokre fæle
greier, å helle ei balnding av salmiakk og raudsprit på og så skrape det av
etterpå. Det var eit hovudsusande prosjekt ja. Eg helte på, fordelte og sprang
ut. Pusta inn rein sommarluft og venta i ti minuttar. Så var det inn og skrape av det
eg fekk av. Det var nokre kvadratmeter med denne aktiviteten ja, men 
golvet vart betre og eg kunne male!



Det var den tida då golvet skulle gjerne vere kvitt. Eg likte kva det gjorde
med lyset i rommet. For min del så var ikkje grått
noko alternativ og på grunn av at veggane var i treverk så ville eg ha ein
kontrast. Så kvitt var faktisk eit naturleg val. Eg angrar innimellom bittelitt når eg ser
kor lett skiten er å sjå, men elles lysnar det så fint opp i rommet. 


Her hadde eg eit fint soverom, stort og herleg. 


Sjølv om det ikkje er så gode bilete, gamle mobilbilete så må
eg berre ha med desse også. Ein dag, midt i innflyttinga på soverommet,
kom eg heim etter ein middagstur hos ho mor. Det var nokre rare spor som 
møtte meg på veg inn i huset. Eg har alltid likt å ha dører opne, og
det syns saugene også var berre stas. To lamb hadde storkosa seg inne,
lagt frå seg nokre små brune helsingar og knaska i seg potteplantene mine. 
Og syns mitt flotte men rotete soverom var ein fin stad å "henge ut".



Ein annan viktig ting å ta tak i var stova. Mørk panel gjorde stova mørk mørk mørk. 
Teppet som gjekk frå vegg til vegg gjorde ikkje saken betre, men det fekk bli 
ei god stund til det. Den gamle lampen i taket, sikkert frå 50-60-talet, har eg enda, den
har blitt til både klokke og fin lampesokkel i porselen over spisebordet. 


 Eitt lag med grunning gjorde stor nok forskjell. Det vart så lyst og deilig!



Mine staselege "etterbilete". Dette var sommaren før eg flytta inn og
eg hadde ikkje mykje ting her, berre møblar som sto i huset. Syns det
vart litt kule bilete må eg sei. 


 Etter innflytting. Gamlekjøkenet låg mørkt til, i nordenden av huset. Ikkje ei solstråle
slapp inn der, så lenge ikkje dørene til kammerset og gongen sto opne då. Men eg
pynta opp så godt eg kunne. Dei gamle rørstolane eg hadde i mange år, fargerike ting,
blomar, fiskeplakat og anna. 



Det er vel berre desse to bileta eg har av det gamle kjøkenet. Kjøkeninnredninga var
gammel Evalet med vask og utslagsvask. Kjøkenhyller med skyvedører og noko
plassbygd kjøkeninnredning med fine skuffer. Ny komfyr hadde eg kjøpt meg i alle fall. 
Her sto som regel oppvasken i haugar men akkurat no var det jammen meg
ryddig. Trur ikkje eg hadde mange mummikoppar heller på denne tida. Berre nokre få. 

2 kommentarer:

  1. Artig å se disse bildene, kan ikke huske å ha sett de to fra gammel-kjøkkenet før. Det kan virke som kjøkkenet ikke var så viktig en periode, mitt kjøkken ligger også på den mørkeste flekken i huset, virker det som. En annen ting som blir helt tydelig, er jo hvor mange arbeidstimer som faktisk er lagt ned her. Bra jobba! (",)

    SvarSlett
    Svar
    1. Føler innimellom at eg ikkje har gjort så mykje her og at eg burde få gjort så mykje meir. Men ser no sjølv at det er no litt ja! Lurt å mimre litt innimellom!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!