fredag, februar 12, 2016

Bilethistorie - gamlehuset på Eskeland - FEM


Den fyrste våren. Eit flott og fargerikt bed framfor ein naken grunnmur. 
Det var flott å sjå. Og betaling for all hagearbeidet. 


Lam og liv på garden. Dyr møter dyr, herleg.


Seinvår og blømande løvetannhimmel. Så vakkert det året der. 



I drivskåpet framfor hønsehuset vaks plantene. Og litt urter fekk plass. 


Eg fekk ruga meg fram mine fyrste kyllingar. Fine små nøster som hadde eit godt
liv i møte. 


Ute var det prosjekt nordveggen i gong. Her ser ein at berre ein del er tømra og den delen
til høgre, kammerset, faktisk er plankar frå eit anna hus, flytta frå ein stad. 
Dei gjorde nemlig slik.




Sjølv om ny bordkledning var mala i løa så måtte eg allikevel gå
over med malarpenselen på listverk og anna. Utfordring for meg med
høgdeskrekk, men eg vart tøffare etterkvart og dette måtte jo
dokumenterast. Det å sjå tunet frå høgt oppe er spesielt.



Prosjekt krakkar. Arv frå far, om han har plukka dei med seg frå ungdomskulen eller
kva veit eg ikkje. Hos meg fekk dei seg både vask, maling, skummadrass og trekk. Og
er stadig i bruk.




Og så var det prosjekt kjøken. Eg måtte flytte opp i andre og byrje å klargjere rommet
for kjøkeninnredning. Eg måtte behandle veggane med måttmiddel og lakka dei slik at dei
skulle tåle meir. Og så var det maling. Ein ekstra runde på golvet og gode rundar i taket og på
takbjelkane. 


Ute yra det av liv.


Døra inn til kjøkenet, ei teakdør, fekk seg tavlemaling. Det har eg heller 
ikkje angra på. Så kjekt å kreativt. 


For å spare litt på pengane kjøpte eg inn ei enkel kjøkenøy frå Ikea. 


Krakkane fekk heklatrekk.




Mens eg venta på kjøkeninnredning så fekk kammerset seg også ein runde. Eg valte
å ikkje ha mykje kjøkenredning slik at kammerset vart den viktigaste lagringsplassen for mat.
Her sette eg opp hyller av gammal bordkledning. Og golvet her også måtte behandlast fritt for maling
og fekk seg ein runde golvmaling det også.




På kjøkenet laga eg ein herleg sitjeplass framfor det eine vindauge. Av gammal
bordkledning, noko eg har brukt mange gonger til forskjellige ting. Er glad eg tok
vare på nokre av dei brukande borda. Bestemor sitt lintøyskap står der inne og
har hyller med litt fine serviser og anna. Praktisk og fint. Den fine ovnen i bakgrunnen 
er sjølve skatten i huset men er berre i bruk ved særs kalde dagar eller ved straumbrot. 
Då er den super å koke kaffi og lage middag på. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!