fredag, februar 26, 2016

Bilethistorie - gamlehuset på Eskeland - NI


Gamlekjøkenet. Det gjekk faktisk nesten eitt år frå nyekjøkenet var på plass
til det gamle kom seg ut. Er noko med desse somrane, er då det er
best arbeidsenergi. 


Riving var gøy, men litt styr ja. Praktisk å kunne hive alt ut på bakken!


Spennande med kva som lurte under kjøkeninnredninga - tre typar golv. 
Og veggane var også litt interessante, i ulik tjukkleik av plater. 


Puss puss så får du ein suss. 




Rett ned til "grunnmuren" eller ei god steinsamling. Fekk lagt litt 
isolasjon då. 



Og strålande gøy å setje inn eit vindauge i veggen!



Tid for panel og rommet endra totalt karakter! 


Det innebygde skapet fekk stå og fekk seg litt ny maling. 






Kjøkenet vart kontor. Eg må ærleg innrømme at eg ikkje sit
der så ofte, er noko med at eg heng mest i stova og på kjøkenet. 
Men å ha ein god lagringsplass er veldig bra! Og mulegheit til å mure 
meg inne her med jobb eller symaskinen. Godt rom som eg går igjennom 
kvar einaste dag, då bør det vere god eneregi der. 

6 kommentarer:

  1. Det er veldig inspirerande å sjå korleis du har gjort huset til ditt. Spreke fargar og kloke løysingar! Eg er innom stadig vekk og er alltid glad når du har lagt ut eit innlegg. Takk! Helsing AnneMa

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt å høyre AnneMa! Alltid kjekt å høyre frå faste lesarar rundt om :-) Vert inspirert til å fortsette å skrive då :-)

      Slett
  2. Greit med kontor, sjøl om det ikke brukes så ofte. Fint å ha et sted for permer og papir, som ikke er stua... (",) Veldig fint at den gamle innebygde innredninga kunne stå, den blei veldig frisk med ny maling!

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt å ta ein runde og sjå litt på kva eg har gjort og korleis det var. Og det gamle kjøkenskapet rommar så utruleg mykje, litt skummelt det der, då blir det bustad for mykje rot gitt ;-)

      Slett
  3. Det er med litt vedmod jeg følger denne serien din, det er noe mellom linjene.
    Jeg leser bloggen din med stor glede og inspireres veldig!

    Har forresten (endelig) satt surdeigsstarter i dag, takk for tips, det blir et lite innlegg i bloggen om hvordan det går

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, er ein prosess dette her, så å lage ein serie om huset er ein fin måte å jobbe igjennom det på. Ikkje berre berre å ha bygd sitt reir i draumehuset og så dukkar kjærleiken opp. Men det er ikkje alt ein får i livet. Førebels så nyt eg å bu i huset mitt enda ;-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!