fredag, februar 19, 2016

Bilethistorie - gamlehuset på Eskeland - SJU


Kjøkenet. Den store draumen. Eit stort og godt rom. God plass
til matlaging. God plass til baking. Kjøkenet vart bestilt, teikna og snekra
på plass på det skeive golvet mitt av Sunde Snekkeri frå Kvinnherad. Alt i 
heiltre og med frontar i eik. Og malt i ein roleg og kald blåfarge. 



Eg valte ei enkel løysing med berre underskap av fleire grunnar, både fordi eg
likar det ope og fordi eg ville sjå dei fine tømmerveggane. Og så
ville eg lage til hyller sjølv. Å snekre hyller er veldig enkelt. Du må
berre bestemme deg for mål, kjøpe inn hobbyplank, måle opp
og skru saman. Eg målte faktisk opp etter glasa mine og mummikoppane.
 Det skulle kunne stå to mummikoppar oppå kvarandre på nederste hylla.
Det er genialt med å snekre sjølv, det er DU som bestemmer kva som skal 
passe inni der. 



På andre veggen valte eg enkle hylleknektar og hobbyplank. Til å bære kjørel. 



Kjøkenlampen laga eg av ei mjølkesil frå lemen her. Enkelt og kult. 



Fint lysspel i taket av den lampen. 


Den gamle lampen som var i taket frå før vart flytta til veggen over kammersdøra.
Den nyttar eg når eg treng litt ekstra lys i rommet. 


Gammal-nye lysbrytarar fann eg på Clas Ohlson. Eg diggar dei!


Knaggar av dei der eg aldri hugsar namnet på, 
som ein subrar strømgjerdet rundt. 


Gamle mjølskuffer fann eg på ein loppis på Fitjar, på husmorskulen der.
Eg fekk raska med meg seks stykk, ei venninne tok resten. Ei enkel
hylle til kvar og ein vart laga og festa under ei hylle. Her har 
eg alt av frø.




Kjøkenet på tidleg stadium. Eit varmt og godt rom som eg brukar mykje tid i! 

2 kommentarer:

  1. Funderer også veldig på å droppe overskap når vi en gang begynner med nytt kjøkken. Dette får meg bare mer overbevist om at det er lurt. (",) Det heter forresten isolatorer, tror jeg...

    SvarSlett
    Svar
    1. Heilt enig, er noko mykje opnare med det. Eg har ikkje hatt problem med opne hyller og støv. Blei advart om det kan du skjøna. Men kjøkenøy med opne hyller var noko anna, der kom det mykje støv og slikt, så der måtte det til med gardiner. Kjør på! :-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!