tirsdag, februar 16, 2016

Bilethistorie - gamlehuset på Eskeland - SEKS


Endeveggen var ferdig, rein og kvit og fin. Det kjentes godt ut. 


Så var det på tide med veggen på framsida av huset. Fint å sjå tømmeret komme fram.
Her var det berre noko rusk og rask som isolasjon. 



På veggen heilt til høgre, der ved kjøkenet no, står det rissa 1888 i veggen. Spesielt syn.


Og eitt kjekt spor tid dukka opp, nemleg eit eksemplar av avisa Stavangeren frå 1889.
Staselig å lese gitt. Noko av den er kome i glas og ramme og heng som eit minne i stova. 



Litt møbeloppussing inne vart det også tid til. Gamle senger fekk seg ein runde og vart friska opp.
Desse var originalt lysrosa, mor mi malte dei i bondefargar ein gong og eg ville
ha dei tilbake i pastell, men denne gongen i blått.


Eit lite kosebilete frå baksida av huset. Blad, god drikke og sol. I roen på tunet. 
Deilig det. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!