onsdag, februar 24, 2016

Bilethistorie - gamlehuset på Eskeland - ÅTTE


Den vinteren gjekk eg laus på soverommet mitt oppe på kvisten. Det var eit av dei
nyaste romma i huset og hadde allereie panel på veggar og tak og eit gulna
og lakka golv. Det vart pussa ned og måla grått. Veggane fekk ein kald og roleg
blåfarge. Det er rart korleis maling kan endre eit rom totalt ned. Ny seng vart kjøpt
inn og nokre ekstra fargar fekk krydre rommet. Godt soverom!







Våren sette i gong enda meir maling. Denne benken arva eg då
den skulle hivast. Den vart sjølvsagt gul og står ute heile året
ved "fin-inngongspartiet". 


Særs kjekt når ein kan innta maten og kaffien ute. Her på vegen 
fram til huset satt bestemor og heile familien også når veret var
fint og varmt.



Den våren, for to år sidan fekk eg besøk av ein journalist og fotograf
i frå Bergens Tidende. Dei laga ein utruleg flott reportasje om meg, 
huset og tunet som kom på trykk 1. mai. Denne reportasjen ga ein god
boost i sjølvutvikling og enda meir inspirasjon til å fortsette med å
jobbe med huset og dyrke mine interesser. 



Frodig i inngongspartiet. I ettermiddagssola der er det fint å vere
sommarstid. 





Godt med grønsaker og anna den sommaren der. Herleg. 


Fint å pynte med urter og små grønsaksplanter i inngongspartiet. 
Så utruleg frodig og godt etande!


Ved oppussing av framsida av huset dukka det opp nokre gamle plankar
i ein nydeleg grøn farge. Er nok malt med linoljemaling ei tid. Desse
tok eg vare på og etterkvart snekra eg ein benk av dei. Ved hjelp av
hylleknektar i metall som støtte for rygglenet. 
Denne benken står fast bak huset no, ved inngongspartiet. Eg er utruleg glad i
den benken. 




Eg fann ut at eg ville male alle fire ytterdører i huset. To inngongs-
dører og to kjellardører. Eg valte ut ein fin blåfarge til slutt på
butikken og fekk blanda meg farge. Då eg til slutt hadde malt
alle dører og fekk sjå innsida av kjellardøra på eine sida såg
eg at eg hadde malt nesten ein identisk farge med den som har
vore før ein gong. Som eg ikkje visste om. Ein nabo kunne
støtte opp om det, og det var ein spesiell oppleving.



Lys blått og godt. 

1 kommentar:

  1. Det er ikke rart at du har vært interessant for flere boligskribenter, det er så forfriskende med farger etter en lang, lang periode med mange fargeløse hjem... (",) Og det soverommet tror jeg det må være skikkelig deilig å våkne i på morran.

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!