lørdag, februar 06, 2016

Eit innlegg om ein hane


Eg er i mimremodus for tida. Ikkje for kva som helst, men for det som krev
si mimring, sine kjensler og sine fine bilete. Så som Marianne frå Toten spurte
etter så kjem det no eit heilt innlegg om hanen Inge. 



 Hanen Inge var fyrst høna Ingunn. Han var nok ein såkalla "late bloomer",
litt sein i utviklinga og vips så vaks han til, fekk god hanekam og byrja å 
gale. Og pare seg med alt og alle og vart stadig jaga av storhanen Knut. 
Inge vaks opp med mykje nærkontakt frå meg då mora gjekk tidleg i frå han. 
Så kanskje difor vart han som han vart. 



Inge var ein ekstremt sosial kar. Han kom springande mot meg og ville ei
stund gjerne også prøve å parre seg med meg. Buster og katten prøvde
han seg også på. Litt forvirra men også så glad og nøgd. Då han skjønte at 
han ikkje fekk parre seg med meg, etter å ha utført parringsdansen sin så
sto han gjerne lenge og berre kikka på meg. Og pusta. Han likte uansett
 å henge med meg, om eg var her eller der. 



For moro skuld tok eg han rett og slett med meg opp i hengekøya ein gong i fjor.
Det er slikt eg kan finne på. Det som overraska meg var at han likte dette.
Han la seg gjerne strak ut og lukka augo. Sovna gjorde han nokre gonger.
Når det var nok så hoppa han ut, men fleire gonger kunne han ligge der lenge. 
I solstolen også. Deilig med litt kos og nærkontakt. 





Nokre gongar lot eg han berre ligge der åleine, og vogga han i søvn. 






Sosial type som han var så kosta det han ingenting å vandre rett inn i huset. 
Når temperaturen aukar litt opp ute så står dørane berre opne her. Det har vore
mange slags dyr innom dette huset på grunn av dette, eg syns det er morosamt sjølv
om det hygienisk ikkje er noko eg føretrekk. Då eg pussa opp stova i fjor sommar
vandra han særleg mange gongar inn for å sjekke forholda. Bileta av då han ligg
på teppet i sofaen og står på stolen er rett og slett frå ein liten fotoshoot frå ein gong,
han hadde ikkje for vane å vere inne slik. 


Hanen Inge kunne også finne på å gå med meg og Buster på tur. Han gjekk eit godt stykke opp 
bakken her og fulgte etter ei stund. Så stoppa han gjerne og venta til me kom
ned att slik at han kunne følge oss ned. 
Her frå eit bad i bøtta. Han måtte ha seg eit bad pga midd på føtene. Det var ikkje noko
stas syns han, men han godtok det. 



 Inge vart også midlertidig lokal stjerne. Eg tok han inn under bustadreportasjen
i Sunnhordland. Og fekk nokre kommentarar for det. Inge syns det var heilt
naturleg å stå oppå kjøkenøya og å posere for kamera. Det er det ikkje mange
høns som hadde gjort. 



No er hanen Inge i jorda. Han gjekk i kamp med hønsehauken på
Sæterbø i romjula. Etter det vart han hakka på av dei andre, høns er
nemleg slik at om dei ser blod så hakkar dei i veg. Han vart rett og 
slett nedkua, stjerten låg lågt og han slutta å gale. Eg prøvde å isolere
han og la han få tida til hjelp. Han fekk også med seg litt besøk i
buret og fekk godt med mat og drikke. Men til slutt såg eg ikkje 
noko meir løysing på det, han hadde sjølv byrja å hakke på kammen
til ei høne i buret. Og då var vegen kort til hoggestabben. Men
minnene om ein særs spesiell hane har eg med og det hjelp bloggen
meg med å bevare. Og det vert nok ikkje det siste spesielle dyret
eg har rundt meg.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!