onsdag, februar 10, 2016

Gamlehuset i ALLERS




Om nokre dagar,  måndag 15. februar, kan du kikke inn i huset mitt på glansa 
papir, i bladet Allers! Eg hadde besøk av ei kjekk journalistdame for nokre 
veker sidan og ho har laga ei fin sak om huset mitt. Det ser ut til at
det vert fokus på fargar og gjenbruk, to viktige ting i mi interiørinteresse. 
Korleis er det å få ein journalist på besøk i huset? Jo, det er veldig kjekt!
Å få vise og snakke om det ein brenn for, "reiret" sitt, kva ein gjer
for å få det trygt og godt og inspirerande og roleg rundt seg. Er mange
ting ein ikkje nødvendigvis tenker på når det gjeld interiør og korleis
ein vil ha det for å trivast der ein bur. MEN. For å sei det slik så 
vert det sjølve julevasken før ein slik reportasje. Dei som kjenner meg
veit at eg ikkje har det plettfritt rundt meg kvar dag, som så 
mange andre også heldigvis. Og at vasking
kanskje ikkje er av mine favorittar. Så eg trur huset sjølv takkar meg
for å få vere med i reportasjar, det vert nemleg rydda og vaska og stelt,
og i tillegg skrytt av! Og eg høyrer nesten at bestemor seier seg einig også. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!