onsdag, februar 17, 2016

Hanekamp

 ELVIS
 RACER


 Dette er mine to hanar no etter at Inge er lagt i bakken. Begge to er reinrasa
islandshøns og særs flotte hanar. Elvis er roleg og flott, med hanekammen
lett hengande ned på den eine sida. Racer bærer hanekammen sin som ei
krone, som ein konge, men er lettare nervøs og veldig kaklete av seg. Til no
har Racer vore sjefen men så ville Elvis utfordre dette. Så nokre dagar var
det kamp på kamp på kamp ute på bakken. Det er ikkje så dramatisk som
desse fæle hanekampane som føregår i ulike land, men det ser litt dramatisk
ut her også. Ingen vert skada og det går egentleg berre ut på at den
som til slutt gir seg er den som gir frå seg trona. 







Det er mykje nistirring på kvarandre, noko hopping og grafsing. 
Utruleg fascinerande å vere publikum til. Dei andre hønsa
kunne ikkje brydd seg mindre. 



Etter nokre dagar vann Racer att tronplasseringa si og er
sjølvutnemnd sjef på tunet. 
Utanom denne hanen under då, som han dessverre ikkje får til å 
kjempe imot, då han er laga av smijern og står plassert oppå vedaskuten...


3 kommentarer:

  1. Åh,for noen herlige haner.
    Jeg har en drøm om et hus på landet,men både haner og høns.
    Snart håper jeg!
    Nyt dagen & god torsdag.
    Klem Christina ♥

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er herleg med høns ja! Og roleg liv. Håpar du får det du drøymer om! :-)

      Slett
  2. Herlige haner! Mine ble jo bare mat siden vi bor midt i en by.
    Hilsen Camilla i Harstad

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!