onsdag, februar 03, 2016

Leik med maling


Eg får det av og til for meg. At eg må fram med malingen att. Denne gongen
var det ein styggfin lampe på bruktbutikken som sette inspirasjonen i gong. Så
etter litt grubling kjøpte eg den med meg til ein billeg penge
og la heller litt meir pengar i ein god boks spraymaling. Skulle eg 
ta ein anna farge denne gongen mon tru? Nei, den gule var jo framleis finast gitt.
Så gult det vart. 


Slik såg lampen ut før. Gammal og styggfin spør du meg!



Kanskje gammal og stygg for mange framleis, men for meg er den blitt ny og gul og kul!
Likar denne runde lampeskjermen, den minnar meg om dei gamle taklampane som ein
finn i eldre hus, som til dømes i mitt hus. 


Det er rart med det. Eitt prosjekt vert gjerne to. Eg har ein gammal og sær
lampe liggande, som eg kjøpte brukt for mange år sidan. Den er kul syns
eg, men også litt vèl spesiell. Kitsch rett og slett. Den fekk seg nokre rundar
med maling den også. Og no skal den fram att i lyset, skikkeleg kul er den blitt!



Likte du dei? Eller absolutt ikkje? Har du noko lampar liggande eller hengande
som hadde trengt eit nytt liv, ein ny vår? Kjøp inn god spraymaling, eg kjøper
min på Mekk. Ca 150 kr per flaske, ikkje den billegaste, men den beste spør du
meg, haldbar og fin. Tape rundt det som ikkje skal malast, ta av det som kan takast
av, vask lett over med ein klut for å få vekk eventuelt fett, og gjer dette ute, eller
i garasjen eller anna. Spray heller mange gonger tynt enn få gonger tjukt. Og la tørke
godt i mellom strøka. Mine lampar to ca ei veke før eg vart heilt nøgd. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!