tirsdag, februar 16, 2016

På glansa papir i veke sju



Jau, eg må no sei at det er litt stas! Å ha huset i Allers
denne veka! Til og med på framsida kom den fine spisestove-
veggen min.


Inni var det stova og noko utsida av huset dei hadde valt
ut som bilete. Og denne gongen fekk anda Kvitveis 
ei veke med kjendisstatus. Ho ligg på hønseegg i verpekassen
og anar ingenting, eg må nok inn og kviskre det i øyra hennar
i morgon. 


 Temaet var gjenbruk og fargar. Og eg fekk med ei av mine
beste oppskrifter;  rabarbramuffins. Og det beste er at oppskrifa
fekk vere i mi skrift, på sjølvaste nynorsk!
Veldig fin reportasje, og journalist Irene Jacobsen kan sine saker.


På butiken på Åkrafjordtunet i dag, på veg heim etter nokre
fine dagar fri og på ski, så måtte det berre til med eit lite
bilete av meg og bladet. Huffameg. Men er no litt moro å
vere med på slike reportasjar ja, gjer kvardagen enda litt
meir gøyal! 

1 kommentar:

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!