lørdag, februar 20, 2016

Vinterleg sommarsmak






Det som er så fint med å vere sankar, syltar og saftar, er at ein alltid har noko
ståande eller liggande. Til dømes har ein fryse ned heile bær, det er alltid lurt
å gjere. For ja, dei kjem til god nytte ein dag. Eg er av gamle sorten, eg gidd
rett og slett ikkje å kjøpe desse ferske utanlandske bæra ein finn i butikken
no om dagen. Då prisar eg heller den plukkejobben eg gjorde sommaren eller
hausten før. Så her kjem ei god oppskrift på knallgod pai! Til kvardag eller
til fest! Ein smak av sommar, ein smak av naturen vår, midt i månaden februar.
Er ikkje det fantastisk?



Paideig - 2 former

300 g mjøl
200 g kaldt smør i terningar
100 g melis
1 egg

Bland saman alt saman enten for hand eller veldig enkelt
med ein foodprocessor/kjøkenmaskin. Legg deigen i ein pose
og legg den i kjøleskapet eller i frysen til den er kald (ca 30 min).
Kjevle den så ut tynt, legg den over paiformer og set dei i frysen
til avkjøling i nye 30  minutt. Set ovnen på 170 grader og forsteik
paiskala i ca 30 minutt, hugs å prikke botnen med ein gaffel. Om
du vil lukke botnen heilt så tek du ut paiskalet, penslar med vispa
egg og steiker den i ytterlegare fem minutt. 

Ekte eggekrem

9 eggeplommer
3 dl kremfløyte
4 dl mjølk
1 dl sukker
1 vaniljestang 
2 ss maisenna

Varm opp fløyte, mjølk, sukker og frø av vaniljestang. 
Visp saman eggeplommer og maisenna og ha oppi, visp
heile vegen. Når det mjuknar ta panna av plata. Avkjøl.

Dekk paiskala med eggekrem. Ha på det du ynskjer av bær.
Eg hadde bananskiver og blåbær på den eine paien og
ei blanding av rips og bringebær på den andre. Der laga eg også eit
lite flettalokk av resten av deigen som ikkje vart nytta. Steik så paien 
på 200 grader i ca 20-25 minutt. Banan - og blåbærpai er super
med vispa krem med litt brunt sukker i på toppen. Bringebær- og
ripspaien er fantastisk som den er, men ei iskule attåt er ikkje å
forakte! Nam nam nam!


Enkelt kunstverk, litt styr for å lage det perfekte paiskalet, men absolutt verdt det! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!