fredag, mars 25, 2016

Sofaprosjekt


For tida har eg eigentleg to heimar. Huset mitt på Eskeland og ein ekstraheim
ute på Sæterbø på Fitjar. Så interiørinteressa herjar begge stader. Her ute er det
mykje å ta tak i, i følge mi fargeglade sjel. Men me får gå fram litt etter litt
og så er det viktig at det er prosjekt me begge likar for at det skal bli bra. 
Me heiv ut ein gammal slitt sofa for nokre månader sidan og fekk nokre greie
Formfin sofaer av nokre slektningar. Dei var gode å sitje i men hadde lite plass
for samling av familien og passa vel heller ikkje for den nesten to meter lange
grisebonden. Så me byrja å sjekke andre alternativ. Skal du kjøpe ny stor sofa
i dag så må du faktisk opp i nesten tjue tusen. Vil du ha tak i ein brukt billeg kan du
få mykje rart. Vil du ha tak i ein bra og stor brukt ein så må du gi nokre tusen. Eg
er alltid for å kjøpe/få brukt, men lommeboka er ikkje alltid villeg. 
Dessutan sparer ein miljøet ved å kjøpe brukt enn å berre kjøpe nytt. Finn.no
har nettopp vore medverkande på ein rapport om dette nyleg. 


Grisebonden hadde no kjøpt seg ei ny seng etter at den gamle hadde
vore mange år i bruk. Den øverste madrassa vart kasta og dei to undermadrassene
tok me vare på. Eg bestilte møbelstoff og passande tråd frå Stoff og Stil 
samt nokre innerputer. 


Me hadde også ei veldig mjuk og lite brukt overmadrass i tempurkvalitet.
Den delte eg i to og la over sengene. Så var det å klyppe til stoffet og å 
setje i gong og stifte fast. Tung jobb det der, men veldig gøy!


Den eine senga måtte sagast av litt samt klyppe av fjørene for
at det skulle passe med måla. 



Til bein nytta me nokre plankar som bonden hadde liggande. Han saga opp
og høvla ned. To stykk la me oppå kvarandre og festa saman. Dei vart skrudd 
fast under sengene. 



Sofaen vart nesten fire meter lang etter mål frå den eine veggen. Den er
fylt opp med puter me/eg hadde frå før. Genserputer, sydde puter og hekla puter.
Planen er å sy putetrekk av same stoffet til fire lengre fiberputer. Samt lage til
enda fleire puter om heklenåla blir varm eller fine strikkegensrar dukkar opp.
Sofaen vart utruleg god og vart ein skikkeleg slengesofa! Grisebonden vart særs
nøgd og dei yngre i familen digga den også! No er planen å snekre bord også, er
rart med det når ein set i gong. Dei plankane var nemleg særs fine. 

Siste loppisfunn


Ei stund sidan eg har lagt ut fine funn her no. Rett over jul fann eg desse Wiinbladplattene
på Fretex i Bergen. Dei representerer kvar sine månader og det skal finnast til saman
12 månader med ulike motiv. Eg likar at det er svart og kvitt og at motiva er så snirklete.
I lag med dei andre fata som heng på stoveveggen min vert det ein herleg 
kombinasjon med mønsterog fargar. 


Desse her fann eg på bruktbutikken Retro på Husnes. Fire kvite glas, opprinneleg gamle
medisinglas som nokon har lagra krydder på etterpå. Etikettane er det berre å fjerne og
så kan eg jo berre henge på mine eigne. 
Veldig snodige desse syns eg. 


Eg var på eit møte inne på Ullensvang Hotell for nokre veker sidan. Der fekk
eg høyre ord om eit loppemarked i bygda. Og eg og ei anna sprang ned og fekk
raska med oss nokre skattar. Dette er livet altså, skikkeleg gøy. Og lopperusen
i kroppen. Det store løveglaset fekk eg for 20 kroner! Siler har eg visst byrja 
å samle på, dei er så fine, men dei er også i bruk til pasta og slikt. Og den vesle
emaljeskåla var nydeleg. Den vesle fløytemugga frå Figgjo var søt til tross
for skår i seg.


Og mine siste funn, denne veka, på bruktbutikken på Heiane. Eit ekte gammalt ullteppe
til berre 40 kroner. Denne butikken er ganske dyr til å vere bruktbutikk, derfor er det kjekt
å finne slike kupp der. Slike gamle tepper er mykje betre og varmar betre
enn desse tynne flisene ein får tak i på interiør- og møbelbutikkar i dag. Om ein ikkje går
høgt opp i pris då og kjøper gode klassikarar. 


Passande til påsken - og resten av året! Eit brodert putetrekk med
ein herleg hane, i kule fargar! Ser ikkje ut til at det har vore brukt i det
heile så eg gjekk i gong med å sy det saman over ei gammal dunpute. 


Og fem Figgjo Fajansetallerknar i herleg blåfarge. To av dei var heile, dei andre
hadde sprekker eller skår i seg. Eg er ikkje alltid så nøye på det. Det er vel også ein
grunn til at eg har litt forskjellig og fint av gammalt servise heime. Spor av liv
er viktigare enn at alt skal vere nytt og perfekt. 
Fine skattar og loppislukke i heimen!

Gode gamle røyrstolen


 Før jul hadde eg meg ei lita skattejakt på garden til grisebonden. 
Der fann eg til saman fire skikkelege røyrstolar med armelene. Mest
sannsynleg kjem dei frå den gamle husmorskulen på Fitjar og har blitt
redda frå å gå i boset av ein i familien. Stolane var flekkete av både maling
og olje og trengte sårt litt pleie. Så eg tok dei med meg inn. 


Og nokre månader seinare så var eg i gong. Treverket vart skrudd av og ramma
fekk seg bomullskvit maling. Til metall nyttar eg alltid Bengalakk, men også på
treverk er den heilt super og glansfull. Men då gjeld det å ta malingen utandørs!


Ein ettermiddag i sol og nokre få varmegrader var bengalakken i ein
herleg grønfarge på plass på penselen. 


 Eit nattbord og ein krakk vart med i same slengen. Også nokre
lysestakar og ein benk kom til etterkvart. Det er rart med det når
ein malar og likar fargen. 




Nokre av delane skulle skrus fast, andre skulle poppast. Heldigvis for meg
at eg har ein grisebonde som kan sine ting. Han hadde nemleg
ei poppnagletang og gjekk i gong med den oppgåva. På denne måten
fekk eg måla alt skikkeleg og festa alt skikkeleg att. Stolane vart knallkjekke
og lyser skikkeleg opp! Og er overraskande gode å sitje i faktisk!


torsdag, mars 17, 2016

Edle dropar


Våren er her og med det er det klart for å tappe bjørkesaft!
Eg gjekk oppover i går med drill og anna i sekken og sette i gong.
Det er fleire måtar å tappe bjørkesaft på, men eg nytta meg av eit
bora hol, sugerør, flaske og tau. Litt Cola-reklame vart det visst også
på garden, huffameg. 



Det gjeld å få tilpassa hol og sugerør rett slik at ikkje dropane renn utanfor. 
Litt prøving og feiling der tenker eg. Og alle hol bør etterpå tettast
att med ein treplugg som ein lett lagar til av ei grein, slik at ikkje treet
blør ut all safta si. 


Bjørkesaft kan ein tappe no før blada spring ut. Når dei spring ut så treng
trea den næringen si sjølv. Men no kan ein gjerne tappe mange liter per tre. 
Bjørkesaft er vel mest vatn, men den inneheld litt forskjellige sukkertypar og
næringsstoff. Dei seies at ein kan vaske håret i bjørkesaft og det er også
sunt å drikke. Eg lot mine to flasker henge på tre i rett under eitt døger. 
Og sprang så spent opp etter jobb. Den eine flaska var jammen meg heilt
full og den andre var 1/3 full. Veldig gøy!


Rart å sjå naturen gå sin gong! Næringsvæske drypp ned i flaska mi!


Planen var å prøve meg på bjørkesirup. Dei fleste har vel smaka lønnesirup og det
er jo knakande godt. Og vert laga på same måten. Nemleg at væska/sevja vert 
kokt inn til den til slutt vert sirup. I mitt tilfelle så hadde eg heile to liter
med bjørkesaft. Det kokte og kokte i nokre timar og stor panne måtte skiftast ut
med ei lita. Og vips så vart det ferdig ein liten skvett rein og søt bjørkesirup,
akkurat nok til å ha over nysteikte havrepannekaker til kvelds. 


Utruleg gøy å prøve! Og eg har sjølvsagt lyst til å lage meir, men får
no sjå kva eg får til. Det smaka i alle fall godt og det var no litt stas 
med slik kveldsmat, for edle dropar vart det no! 

tirsdag, mars 15, 2016

Årets beste HAVREKJEKS


Dei ser trauste ut desse kjeksa. Fargelause og kjedelege. Freistar no ikkje.
Men smak då, og bli overraska! Dei som har fylgt bloggen min nokre stunder
hugsar nok at eg jakta på den beste havrekjeksoppskrifta. Men eg hadde
visst ein lang pause før neste prøving var i gong. Og denne gongen, etter
ei sjølvlaga oppskrift så er eg veldig nøgd! Skikkeleg gode kjeks, litt søte
kanskje, men det kan kuttast ned på. Store mengder rein havre, som då er
det viktigaste spør du meg. Og desse er gode i farten som dei er, eller med
nokre skiver brun eller kvit ost på. Vil du prøve? 

ESKELANDSHAVREKJEKS

2 dl sukker
100 g smør
2 dl surmjølk
6 dl havremjøl
3-4 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts hornsalt
litt salt

Rør smør og sukker kvitt. Tilsett surmjølk og mjøl og resten av
det tørre. Rør godt. Ha deigen ut på bordet og elt lett med kveitemjøl
til deigen har god konsistens. Kjevle ut fine flater og press ut
runde kaker med eit glas eller ei skål. Steik kjeksa på 175 grader i
om lag 10-15 minutt til dei er lett gyldne rundt kantane. Avkjøl
på rist og lagre dei i tett kakeboks. Klar til påsken! 

Frå vinter..


Desse årstidene me har her er nok til å bli filosof trur eg.
Eg vert overraska på ny og på ny, når ei ny årstid trer i kraft.
Eg likar dei godt alle, med sine lukter, med sine fargar, med
sitt lys og andre kjensler som heng med på lasset. Men våren,
eg trur jammen meg eg likar våren best. 


Det er eigentleg ikkje så mykje å sjå på. Bakkane er brune og
trea er nakne. Eigentleg ikkje så fint akkurat no. Men desto viktigare
er desse små teikna. Lukta som møter ein om morgonen,
den litt fuktige vårlukta. Som markerer vinter til vår. Sola
som lyser opp og som byrjar  så vidt å varme opp eit ansikt. 
Dyra som storkosar seg ute, Buster spring som ein gal på bakkane
for tida, eg trur han er lukkeleg. Og når ein etterkvart ser
desse små teikna, dei fyrste snøklokker, dei fyrste krokusar,
dei fyrste kusymre, kvitveis, løvetannar. Blada som sprett ut
i full fart, graset som klyv opp mot sola. 



Våren er for meg eit skifte i året trur eg, frå ein kropp som
er slått av til ein kropp som slår seg på att, som vil ut,
som vil male, vil bygge, som vil springe. 



Våren er i gong på Eskeland, ute på tunet, oppe på haugane, inne
i hagen, inne i huset. Og våren er på veg inn i kroppen min. Eg gler meg. 

torsdag, mars 10, 2016

Bilethistorie - gamlehuset på Eskeland - TOLV



Jau. No har eg budd i gamlehuset i over tre år. Skjebnen vil 
det kanskje til at eg ikkje skal bu der resten av livet, men til dess
så skal eg nyte den gode kjensla av huset, roen som kjem i meg
når eg kjem heim frå jobb, frukoststunder i morgonsol, fargane eg har
fått leika meg med og fortsatt skal leike meg med. 
Og eg har framleis planar for huset. Eg har lyst til å male gongen min,
trappa mi, pusse opp dei to andre soveromma (salen og fars rom) og ikkje
minst å gjere noko bra ut av det store rommet på lemen som no 
berre står fullt av rot. Eg skulle gjerne ha pussa opp badet og utvida det. 
Eg skulle gjerne ha rehabilitert den fine gamle ovnen på kjøkenet.
I draumane mine skulle eg også ha sett opp eit bakstehus på tunet
med steinovn til brødbakst samt drivhus av eigne vindauge. Og i gamle
draumar skulle eg også gjerne ha teke over garden eg har vakse opp
på men det har eg i realiteten lagt heilt frå meg. 
Men, så ventar nye draumar, i saman med ein annan. Og dei er viktige også. 
Og livet er fullt av fine mulegheitar, for akkurat meg og akkurat deg,
så lenge me ser dei og tek i mot dei. Og eg skal utvikle mine vidare.



Gamlehuset ja, eg forlet deg aldri heilt altså! 

tirsdag, mars 08, 2016

Bilethistorie - gamlehuset på Eskeland - ELLEVE




Prosjekt stove, vår og sommar 2015. Tenk at eit vegg-til-veggteppe låg på dette stovegolvet
i over 50 år? Eg anar ikkje om dei har rensa det på noko som helst vis
anna enn å dra støvsugaren over det. Nokre stader byrja det å smuldre opp og etter
at eg flytta inn med ein teppeglad hund så vart teppe meir og meir øydelagt. Hundar
elskar å gni seg neråt tepper og klø seg litt her og der. Grunnen til at eg venta så 
lenge med å ta dette var at eg visste nok ikkje heilt korleis det såg ut under og eg 
trudde eg måtte til med å legge nytt golv. Og det tek ein ikkje på eit blunk. 
Ei helg gjekk eg berre laus, reiv opp teppet, heiv det ut, støvskyene for som berre det og
de som har lest Allers veit at nokre støvsugarar gjekk absolutt i det. 



På golvet var det spikra plater med tusenvis av småspiker. Platene måtte av og ut og
spikrane måtte dras opp. Steike arbeid  og mykje slit, men det gjekk. Under platene
skjulte det seg fint tregolv med breie bord i eine enden og litt nyare golv med mørk lakk
med tynne bord i andre enden. 


Og den store overraskinga, eit hol som var sagd til ein gong etter
ein vasslekkasje mest sannsynleg. Rett ned i jordkjellaren. 



Buster var ikkje så glad for at teppet hans var borte vekk nei. 


Testing av fargar, eg ville ha grønt og leita etter rett nyanse for golvet.
Eg fann eg fann, men etter mykje god hjelp frå Flügger farge så 
vart ikkje fargen rett blanda. Det var kjedeleg men so var no det. 
Då gjekk valet på ein lysare blåfarge i staden for. 



Det gjekk nokre veker med stell av tak, veggar og golv. Sparkling av hol og stygge sprekker etter
vasslekkasje med meir. Og tetting av hol i golvet. Kjekk mestringskjensle å ha gjort det! 


Og stova vart som ny. Herleg. 


Benk til spisebordet vart også snekra av gamal bordkledning. 
Nøgd med den!




Ute kosa eg meg med hesjastaurbenklaging etter å ha laga eine bedet om til
sitjeområde. 


Denne tida fekk pipa seg ein real runde også. Den gamle
vart rive og røyr vart sett inni, med ny pipe på toppen.
Mykje tryggare for huset. Til tross for at den gamle pipa
no var flott då. 



Eg likar som de skjønar å nytte ting vidare på andre måtar. Skiferhella
som låg oppå gamlepipa vart til bordplate framfor hønsehuset. Og
mursteinane vart sett opp som veggar til eit bed midt på tunet her. 
Då har alt si historie og si nytte.