torsdag, mars 10, 2016

Bilethistorie - gamlehuset på Eskeland - TOLV



Jau. No har eg budd i gamlehuset i over tre år. Skjebnen vil 
det kanskje til at eg ikkje skal bu der resten av livet, men til dess
så skal eg nyte den gode kjensla av huset, roen som kjem i meg
når eg kjem heim frå jobb, frukoststunder i morgonsol, fargane eg har
fått leika meg med og fortsatt skal leike meg med. 
Og eg har framleis planar for huset. Eg har lyst til å male gongen min,
trappa mi, pusse opp dei to andre soveromma (salen og fars rom) og ikkje
minst å gjere noko bra ut av det store rommet på lemen som no 
berre står fullt av rot. Eg skulle gjerne ha pussa opp badet og utvida det. 
Eg skulle gjerne ha rehabilitert den fine gamle ovnen på kjøkenet.
I draumane mine skulle eg også ha sett opp eit bakstehus på tunet
med steinovn til brødbakst samt drivhus av eigne vindauge. Og i gamle
draumar skulle eg også gjerne ha teke over garden eg har vakse opp
på men det har eg i realiteten lagt heilt frå meg. 
Men, så ventar nye draumar, i saman med ein annan. Og dei er viktige også. 
Og livet er fullt av fine mulegheitar, for akkurat meg og akkurat deg,
så lenge me ser dei og tek i mot dei. Og eg skal utvikle mine vidare.



Gamlehuset ja, eg forlet deg aldri heilt altså! 

5 kommentarer:

  1. Jammen du må ikkje slutte å blogge altså! Dette er min absolutte favorittinteriørblogg!! Lovar du?

    SvarSlett
    Svar
    1. Satsar på å blogge vidare enda ja! Kanskje kjem det til å handle meir om ein anna plass etterkvart, men håpar det vert kjekt å lese vidare for det ;-) Takk takk Gimmeline!

      Slett
  2. Det var sikkert gammelhuset glad for å høre! (",)
    I helga fikk jeg endelig lest Allers-artikkelen om deg og huset, velfdg fin artikkel og artig å se huset sett gjennom linsa til en annen fotograf.

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha, kom bladet seint opp i nord ;-) Så kjekt at du fekk lest det då!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!