lørdag, april 30, 2016

Laurdagsloppis


Kvar fyrste mai er det loppemarknad på Solgry i Sveio. I år vart det
visst flytta og eg og ei venninne sette oss i varebilen min og køyrde avgårde.
Denne loppemarknaden er stor og kjent og har mykje til sals og mange
besøkande. Men ikkje i dag. Mindre utval og lite folk. Er det bruktbutikkane
som får alt levert til seg no kanskje? Kjekt var det no uansett og me fekk
oss begge to nokre skattar. Eg fann nokre glas, eggeglas, og nokre andre ting.


Platte frå Stavangerflint. Ukjent design for meg men eg falt heilt for den 
rolege blåfargen. Den skal enten opp på tallerkveggen eller i bruk på
kjøkenborda. 


Ein liten duk eller brikke med Disneydesign. Fæl brunfarge men utanom det var
den knæsj og herleg syns eg. Kanskje det vert ei pute eller noko av denne ein gong?


Gammal, fin og stor kakeboks. Kakeboksar treng ein alltid. 


Loppeglade som me er så reiste me vidare til Bruktløa i Førde i Sveio
og handla litt der også. Der var det til og med auksjon, noko me dessverre
kom for seint til. Der har det jammen meg kome fram nokre skattar
etterkvart. Eg fann meg tre gamle blomebøker til eit framtidig prosjekt.

 Denne vesle hylla betalte eg 20kr for. Eg sto og lurte på butikken kva
eg skulle bruke den til, men kjente at eg måtte ta den med meg før eg fann
ut av det. Av og til må ein berre det. Han i kassen sa at dei hadde fått inn
dødsbo frå ein postmester og tenkte denne kanskje stamma derifrå. 
Eg har ikkje særleg til post her så den skal i alle fall ikkje få samle
brev og rekningar hos meg, men herleg å vite!


Siste post på loppelaurdagen. Bruktbutikken på Heiane. Ei fin gammal
fuglebok med teikna bilete og to Kilner sylteglas. Eg erfarer også at glas
får ein liksom aldri nok av. I alle fall ikkje eg! Det er alltid noko å
ha på glas. 

Herleg sjeldan loppislaurdag er over og kropp og hovud er trøytt gitt. 
Det er mykje krefter i sving under sånne turar, i alle fall for oss som
er dedikerte skattejegarar. Men kjekt er det i alle fall og kjekt etterpå
å bli kjent med det ein har kjøpt! 

fredag, april 22, 2016

Prosjekt PASTA





Har du laga din eigen pasta før? Dei mest entusiastiske på kjøkenet har kanskje
det, men mange har nok ikkje. Eg har berre prøvd meg fram så vidt. Men eg er jo 
glad i pasta då,  men helst av god kvalitet og gjerne økologisk. 
Det er ofte dyrt og ikkje alltid så lett å få tak i. Difor hoppa eg i det 
og kjøpte meg ein Jamie Oliver pastamaskin. 


Pastadeig er superenkel å lage, du treng 1 egg per 100g mjøl og litt salt. Det er alt!
Du legg mjølet på bordet, lagar eit lite hol i mjølet og har i egg. Og litt godt salt.
 Blandar det heile med ein gaffel før du knar deigen saman med hendene. Har 
deigen i ein pose og legg den i kjøleskapet i minimum ein time.

Vil du prøve utan maskin har du litt jobb framfor deg, for du må kjevle
deigen så tynt som du klarer og kutte den opp i strimler med kniv. 



Kan vere greit å tørke den litt før du kokar den, då er ein kleshengar supert!


Men tilbake til denne pastamaskinen. 
Fyrste deigen vart laga med halvparten durumkveite 
 og resten steinmalt kveitemjøl frå Mylnå i på Møre. 
Når ein brukar pastamaskin køyrer ein deigen mange gonger i gjennom
 maskinen slik at den vert veldig fin i konsistensen, og ikkje minst tynn. 


Fyrst skal du køyre den ein del gongar på største opning. Og så kan du 
justere ned hakk for hakk til du kjem til det smalaste. Den vesle lefsa du hadde 
vert lengre og lengre og skjørt som papir, men rivnar heller ikkje. 


På pastamaskinen har ein to valg: spaghetti og tagliatelle. Det held no i massevis. 
Her kjem tagliatelle ut på eit blunk. 


Nylaga spaghetti. Eg blandar bittelitt mjøl innimellom her
slik at dei ikkje klistrar seg saman.


Nam nam nam. Grisebonden min hadde til og med ein tallerken som 
passa til temaet. Her hadde me fersk spaghetti med noko grovt mjøl i
og ein god bolognesesaus med eige bacon og hjortakjøtdeig. Det
var godt det!


Testing igjen, denne gongen med reint steinmalt speltmjøl frå
Mylnå. Eg har ein del forskjellige mjølsortar på grunn av bakinga
mi, og det kjem også godt med til pastaen. Det treng ikkje smake
dårleg sjølv om det er sunt, og kvifor ikkje lure i seg noko sunt når
ein skal først ete denne pastaen då. 
Denne deigen var hard og fæl. Eg lurte no på om det kom til å gå an.
Eg hadde i alle fall ikkje klart det for hand. Men med pastamaskinen
du, då gjekk det som ein drøm!


Denne runden laga eg berre spaghetti som eg heiv i frysen i porsjonsposar. 
Veldig enkelt og greit til ein rask og god middar. 


Og så var det testing då. Det enkle er ofte det beste. God olivenolje, godt 
salt og parmesan. Veeeldig godt ein onsdagskveld!
God helg og kanskje det vert pasta ein dag?

God fredag


Det er fredag. Det er siste arbeidsdagen i veka. Eg kan sove ein og ein
halv time lenger enn andre arbeidsdagar. Og då eg kikkar ut vindauge
er det klår sol og mørke bakkar. Eg høyrer hanegal og fuglekvitter.
Ein god dag ventar.


Ute skin sola rett på hønsehuset, ja, ein kan nesten tru at 
det er her ho kjem frå. Akkurat i dag, denne morgonen. 
Dette er ein god dag. God fredag. Og eg håpar du der ute
vil også kjenne på akkurat det. 


torsdag, april 14, 2016

Sweet like blueberries


Innimellom, særleg på torsdagar trur eg, får eg ei intens bakelyst over meg. 
Og dei som kjenner meg veit at eg sjeldan følger oppskrifter kvar gong,
men prøver meg fram i hytt og pine. Det vert vellukka og ikkje vellukka. 
Knallgodt og heilt greit. Supersøtt og usunt eller litt småsunt til kvardags.
Og sidan det allereie er midten av april så tenker eg no å reinske opp
i frysen og det er då heilt naturleg å bruke bær i baksten!
Me plukka mykje blåbær på Seljestad i fjor og ein del vart frose
som heile bær. Eg er så glad eg gjorde det! 

Denne gongen vart det halvsunne blåbærsmuffins med havre. 
Eg nytta brunt sukker som gir litt karamellaktig smak og er litt 
meir nyttig å bruke enn kvitt raffinert sukker. Men ja, ei
god mengde ekte smør måtte jo sjølvsagt med. 

BLÅBÆR- og HAVREMUFFINS

3 egg romtempererte
1,5 dl brunt sukker
2 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver
2 dl små havregryn
3 dl kveitemjøl
250 g smør
ei klype godt salt
3-5 dl blåbær
Store eller små muffinsformer

Set ovnen på 210 grader. 
Smelt smøret og ha oppi havregryna. La smøret avkjølast
mens havregryna mjuknar. Visp eggedosis. Vend forsiktig i det 
tørre og så smør og havregryn. Til slutt vender du i blåbær.
Eg likar å ha mykje bær oppi røra, dei skal ikkje berre vere 
til pynt. På toppen av muffinsane drysser eg nokre blåbær til
og litt demerererasukker (lysebrunt sukker). Det tek om lag
30 minutt å steike store muffinsar, rundt 20 minutt med små.
Dei skal vere gyldne på toppen men ikkje mørke.

Nam! Småsunn mat til å hjelpe på søtsuget ein
torsdag kveld! 

Påskeliljehimmel


Desse har eg skrive om før. Og eg kjenner det nesten er obligatorisk å 
skrive om dei att. For kvar vår dukkar dei opp. Eg kikkar etter
dei vesle blada som kjem opp. Og ventar. Ser knoppane. Ventar. 
Plukkar nokre med meg inn og lar dei springe ut inne. Herlege
påskeliljer altså. Men det finaste er når dei spring ut her ute,
i hadla (skråninga) langs med vegen min. I tre rekker
av ulik lengde. Dei finaste påskeliljene, fylte og lodne og 
knallgule. Og så deilig dei luktar. 



Så då bombarderer eg bloggen med nokre påskeliljebilete. Og takkar
på ny bestemor for at eg fekk nyte dette synet i på ny og på ny. 




Påskeliljevår og sol på Eskeland denne veka. 

søndag, april 03, 2016

Kylling i fokus


Møt mine to kjekke kyllingar. Reine islandskyllingar. 
Rett over ein månad gamle no. Eg la nemleg seks egg
under anda Kvitveis, som hadde lagt seg til
i verpekassen. Eg har ikkje hatt nokre klokser blant
hønsa enda. Og ho låg no ho Kvitveis, og to kyllingar
fekk eg redda ut. Dei neste to kyllingane kom då eg var 
vekke og dei hadde nok Kvitveis med sin store kropp
trakka godt ned. Og dei siste egga hadde nok blitt
for kalde og kyllingane hadde døydd tidlegare. Så det var den
erfaringa. 



Kyllingane bur i eit bur eg har laga med varmelampe 
over. Sidan dei ikkje har ei mor så har eg måtte vise dei
maten og slikt og dei er difor veldig trygge på meg. 
På ettermiddagar med varm sol tek eg dei ut ei 
bittelita stund for å kjenne litt på sol og gras og slikt.
Og møte dei andre rare dyra som heng rundt her. 


Buster er i jaktmodus og må passast godt på i nærleiken
av kyllingane. Hønsa er nysgjerrige men hakkar dei rett
ned om dei får sjansen. Og endene lurar fælt. 



Det vert ikkje dei siste kyllingar for i år. Grisebonden har kjøpt
seg rugemaskin og me har samla egg frå 
både meg og hans høns til å få fram reine islandskyllingar.
Så om ei veke skjer det nok noko der!




Vårsol


Vår. Når du berre vil inn og hive i deg noko middag og
så berre vere ute. 
Inn og haste i veg ein krutsterk kaffi og velge den mest
passande vårkoppen.


Eg pleier sjeldan å bruke mykje pengar på kjøpeblomar, men
påskeliljer og etterkvart stemorsblomar må eg alltid ha.
Dei pyntar opp og kan også brukast på ny. 
Gamle hermetikkboksar er supre potter det!



"Trädgårdskiltet" som Ernst Kirchsteiger har designa, presang 
frå ho Marianne frå Toten, har rusta seg veldig fint. Men eg veit no
ikkje om det stemmer heilt. For min del så er det kanskje "vill du bli
lycklig så skaffa et tun". Kjenner tunet er meir meg enn hagestell gitt. 



Det blømer godt blant krokusar i hagen. Og kusommaren som
eg har henta meg heim frå garden her og der. Har hatt meg ein 
runde på garden og ser at dei er ikkje kome så langt der enda.
Påskeliljene mine, dei gamle fylte, er også rett rundt svingen! 
Eg storgleder meg til dei blømer i sola!