søndag, april 03, 2016

Kylling i fokus


Møt mine to kjekke kyllingar. Reine islandskyllingar. 
Rett over ein månad gamle no. Eg la nemleg seks egg
under anda Kvitveis, som hadde lagt seg til
i verpekassen. Eg har ikkje hatt nokre klokser blant
hønsa enda. Og ho låg no ho Kvitveis, og to kyllingar
fekk eg redda ut. Dei neste to kyllingane kom då eg var 
vekke og dei hadde nok Kvitveis med sin store kropp
trakka godt ned. Og dei siste egga hadde nok blitt
for kalde og kyllingane hadde døydd tidlegare. Så det var den
erfaringa. 



Kyllingane bur i eit bur eg har laga med varmelampe 
over. Sidan dei ikkje har ei mor så har eg måtte vise dei
maten og slikt og dei er difor veldig trygge på meg. 
På ettermiddagar med varm sol tek eg dei ut ei 
bittelita stund for å kjenne litt på sol og gras og slikt.
Og møte dei andre rare dyra som heng rundt her. 


Buster er i jaktmodus og må passast godt på i nærleiken
av kyllingane. Hønsa er nysgjerrige men hakkar dei rett
ned om dei får sjansen. Og endene lurar fælt. 



Det vert ikkje dei siste kyllingar for i år. Grisebonden har kjøpt
seg rugemaskin og me har samla egg frå 
både meg og hans høns til å få fram reine islandskyllingar.
Så om ei veke skjer det nok noko der!




2 kommentarer:

  1. Så koselig å være "mamma" til sånne fine små. Håper de får gå i fred på tunet og kose seg til de blir store.

    Er litt misunnelig på den fargen dere har på graset. Her forsvant graset i tre cm med sny i løpet av natta. Heldigvis tinte sola snyen bort i løpet av dagen, men det er jo ikke akkurat grønt enda...

    SvarSlett
  2. Her har det byrja å bli grønt ja! Og brunt på ein del bakkar, der møkka har fått lufte seg ;-) Men store forskjellar her også. Der eg arbeider i nabokommunen har graset kome høgt og er skikkeleg grønt!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!