lørdag, april 30, 2016

Laurdagsloppis


Kvar fyrste mai er det loppemarknad på Solgry i Sveio. I år vart det
visst flytta og eg og ei venninne sette oss i varebilen min og køyrde avgårde.
Denne loppemarknaden er stor og kjent og har mykje til sals og mange
besøkande. Men ikkje i dag. Mindre utval og lite folk. Er det bruktbutikkane
som får alt levert til seg no kanskje? Kjekt var det no uansett og me fekk
oss begge to nokre skattar. Eg fann nokre glas, eggeglas, og nokre andre ting.


Platte frå Stavangerflint. Ukjent design for meg men eg falt heilt for den 
rolege blåfargen. Den skal enten opp på tallerkveggen eller i bruk på
kjøkenborda. 


Ein liten duk eller brikke med Disneydesign. Fæl brunfarge men utanom det var
den knæsj og herleg syns eg. Kanskje det vert ei pute eller noko av denne ein gong?


Gammal, fin og stor kakeboks. Kakeboksar treng ein alltid. 


Loppeglade som me er så reiste me vidare til Bruktløa i Førde i Sveio
og handla litt der også. Der var det til og med auksjon, noko me dessverre
kom for seint til. Der har det jammen meg kome fram nokre skattar
etterkvart. Eg fann meg tre gamle blomebøker til eit framtidig prosjekt.

 Denne vesle hylla betalte eg 20kr for. Eg sto og lurte på butikken kva
eg skulle bruke den til, men kjente at eg måtte ta den med meg før eg fann
ut av det. Av og til må ein berre det. Han i kassen sa at dei hadde fått inn
dødsbo frå ein postmester og tenkte denne kanskje stamma derifrå. 
Eg har ikkje særleg til post her så den skal i alle fall ikkje få samle
brev og rekningar hos meg, men herleg å vite!


Siste post på loppelaurdagen. Bruktbutikken på Heiane. Ei fin gammal
fuglebok med teikna bilete og to Kilner sylteglas. Eg erfarer også at glas
får ein liksom aldri nok av. I alle fall ikkje eg! Det er alltid noko å
ha på glas. 

Herleg sjeldan loppislaurdag er over og kropp og hovud er trøytt gitt. 
Det er mykje krefter i sving under sånne turar, i alle fall for oss som
er dedikerte skattejegarar. Men kjekt er det i alle fall og kjekt etterpå
å bli kjent med det ein har kjøpt! 

2 kommentarer:

  1. For en herlig lørdag du har hatt! Og så mange fine skattar!
    Det må være fine tegninger i fugleboka for ugla var utrolig flott

    Ha ein fin lørdag videre. Her bobler surdeigen godt, blir baking i morgen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, den fugleboka var fin! Kanskje eg legg ut noko frå den seinare, me "øydela" nemleg boka laurdagskvelden! Med plan om tapet! Fart i surdeigen, det er bra! Ventar på pastabilete frå deg no ;-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!