torsdag, mai 12, 2016

Desse sommardagane me hadde


Eit lite biletdryss for å feire desse nydelege dagane me har hatt. 
Blomane skyt opp og dannar blomeeng frå eine dagen etter den
andre. Trea er irrgrøne og humøret like så.


Tulipanane blømer om kapp i bedet framfor huset. Greit, dei får litt
konkurranse frå nokre, eller mange løvetenner og veksande gras og
visnande påskeliljer. Eg er treig i hagen men det gjer ingenting, det
er så fint og frodig for det. 



Epletreet nedfor huset byrjar å bløme, framleis berre på eine sida, den som får 
ettermiddagssola. 


Har du sett eit geipande lamb før? Nei, versågod! 


 Brekande lamb i grønt gras og engkarse i tusenvis. 


Neida, eg skal ikkje forstyrre kvilen. Berre kvil vidare.



Lukta av himmelen. Eg plukkar med meg til å ha inne og ute.
Eg elskar denne lukta. 


 Velkommen til liljekonvall! Tenk, i går plukka eg nokre få
på den hemmelege staden på garden. Eg håpar det blømer meir
etterkvart. Denne lukta minnar meg om bestemor. 


Og kjempeliljekonvall. Frå storehagen, der saugene går og beitar. 
Dei hadde knaska med seg nesten alt, men nokre få sto att. 
Så fine blomar, vårkjensle, sommarkjensle, kjensle av at
det er godt å leve. 
Nyt helga. 

2 kommentarer:

  1. Det er ein utrolig fin plass du har og alle de fine historiene du forteller tyder på at du lever i nuet. Kjempeliljekonvall er giftig trodde eg, men sauemagar er vel sterke

    Kjekt å følge Italiaturen din og

    Ha ein fine 17. mai

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Elisabeth! Eg lev nok ikkje alltid i nuet, eg lev både i fortida og framtida, men naturen og dyra og kameraet mitt får meg til å leve her og no og roe heilt ned. Det er så godt! Kjekt å ha bloggen til å legge det ut på etterpå då :-) Håpar du har hatt ein fin 17.mai!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!