søndag, mai 29, 2016

Ei lita kyllinghistorie


Her kjem ei lita trist historie, berre om kyllingar. No kan
du no lure. For historia er jo krydra med flotte bilete frå
Eskelandskyllingar som nyt livet ute i bur og veks fint til. 
Det har seg nemleg slik at eg og grisebonden min, før me sette
i gong dette forholdet i fjor, hadde begge kjøpt oss islandshøns-
kyllingar. Eg frå ein oppdrettar i Sveio, han frå genbanken. Og
begge hadde lyst til å satse på denne rasen. Og det har me no 
fortsatt med å tenke etter å ha vore saman og hatt kvar våre
hønsegjengar. Så grisebonden min investerte i ein rugemaskin
for å enkelt ruge fram kyllingar til oss sjølv, og til å eventuelt
selge. Fyrste ruging vart litt mislukka, truleg med forsinka 
fuktigheitsauke, men noko om det, me fekk fram nokre kyllingar
og ein venn ville gjerne ha dei og fekk dei. Så me samla saman
egg og starta maskinen på ny. Denne gongen vart det heller ikkje
liv i alle egga, men 15 kom ut, og 13 levde opp. Dei fekk bu i ei
pappeske på kontoret i grisehuset og vakse greit til. 
Etterkvart som dei vart større flytta bonden min dei inn i
hønsehuset sitt, i eit enkelt bur dekka med hønsenetting rundt
og litt enklare tak. Der hadde dei det supert. 


Sist veke kom grisebonden med ein veldig trist beskjed. 
Av 13 kyllingar var plutseleg åtte borte vekk. Som blåst vekk
av jorda, utan noko som helst spor. Hønsa vandra glade rundt.
Så kom diskusjonen, kven i all verda kunne ha tatt åtte kyllingar på
ei natt? Grisebonden snakka om at han var redd at rottene kunne ha
gjort det, det er nemleg rotter på garden, og katten tok nett ei rotte
mens me såg på. Men det er jo veldig rart då. Katten kunne jo
gjerne ha teke kyllingar, men han hadde klart seg med ein og
ville uansett ikkje ha kome ned til dei. Mink kunne det jo også
ha vore, men det var som sagt ingen spor. Det absolutt eklaste og
skumlaste for min del var tanken på at eit menneske hadde snike
seg rundt og teke kyllingane. Det har nemleg skjedd før andre stader. 


Dagen etter sjekka grisebonden kyllingane og dei var der alle
saman. Og me pusta letta ut. Men morgonen etter det att
fann han berre ein kylling att i buret. Han var daud og hadde
tydelege spor etter angrep på seg. Grisebonden var lei og ville
gi opp heile greia. Og me skjønte det, rotter altså, om dei får tak
i så kosar dei seg gjerne med kyllingar. Berre tanken på dei søte små
som ikkje hadde sjans til å rømme frå dei sleske rottehalane får
meg nesten kvalm. 
Så då vart det ei lita pause i "oppdretten" og så får me prøve
oss på ny. Prosjekt bli-kvitt-rotter og prosjekt nytt tryggare 
hønsehus er i emning. Heldigvis for at eg har nokre trygge
kyllingar hos meg. 

1 kommentar:

  1. Rotter er ikke noe hyggelig bekjentskap, nei, æsj!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!