fredag, mai 20, 2016

Frå skogen til magen


I går plukka eg godt over ein liter med flotte
granskot! Dei koka eg opp med vatn, silte av,
tilsette sukker og kokte opp til sirup. Oppskrift
på granskotsirup? Det finn du på innlegget HER
som eg skreiv i fjor. Vel verdt å prøve!


Og fleire liter med løvetannblomar. Berre blomane, ikkje
noko stilk på. Blomane dekka eg med vatn, hadde oppi skiver
av to sitronar og kokte opp. Lot det stå i kjøleskapet og trekke
over natta og så koka eg opp med sukker. Halvparten nytta
eg til saft og halvparten til sirup. Eg drista meg til å smaksette
safta med litt bringebær frå frysen, for litt farge og litt sødme.
Så den fekk stå å trekke mens eg var på jobb og så silte eg av
då eg kom heim, varma opp att, tilsette litt sitronsyre og helte på
reine glas. Oppskrift på sirup, som er veldig kjekt å prøve,
finn du HER.


Og løvetannknoppar gjekk rett i lomma. Dei havna i steikepanna
med smør. Deretter fekk dei litt pressa sitronsaft over seg, litt
maldonsalt og rive fersk parmesan frå Italien. Det var litt godt 
men også litt bittert. Og eg er ikkje heilt vant med det bitre eg,
men så er det jo ein av smakane våre då. Kjekt å ha prøvd det
i alle fall!


Løvetanndrops. Sett det før? Ikkje eg, så det måtte eg no prøve. 
Eg helte oppi sirup i nokre glas og lot ein del sirup vere att
i panna. Tilsette litt lys sirup og litt meir sirup. Kokte opp og smakte
for å sjekke korleis det ville gå. Som eg mistenkte så mørkna smaken
og fargen etterkvart som temperaturen steig. Er det som er vanskeleg
med å lage drops av naturlege smakar, du kokar ihjel smaken. Mykje lettare
å tilsette "kunstig" smak på slutten derimot. Dropsmassen måtte kokast
til den bikka 145 grader. Så litt mørk og bitter vart den, men
elles også syrleg og søt. Alltid kjekt å prøve, dette også!


Og litt glad fargekunst til slutt. Todagars verk. Som du ikkje finn
på Rema eller andre stader for den saks skuld. 
GULT: løvetannsirup
ORANSJ: granskotsirup
RAUDT: løvetann- og bringebærsaft



Guloransj frukost, helgefrukost; havrelappar med andeegg,
granskotsirup krutsterk kaffi i fin-fin mummikopp og eit
glas med frisk vasskefir (den må eg nok kome attende til). 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!