fredag, mai 20, 2016

Godt i naturen


Å ta seg ein tur i skogen. Ikkje berre haste
avgårde for å få pulsen opp. Stoppe opp
og kjenne luktene, stoppe opp og sjå kva
naturen har å by på. Til akkurat deg. Heilt 
gratis. Dette er min store hobby om våren.
Kanskje det ikkje lokkar så mykje når regnet 
høljer ned, men elles ja. Og Buster er strålande
nøgd av at eg har god tid.


 Fiolar. Noko av det vakraste av blomar ein finn
på våren. På Eskeland er det få av dei, men eg veit
akkurat kor dei er. På Sæterbø derimot, på gamlegarden
som kjærasten min eig, er det mange, mange, mange
av dei. Dei er så små at eg plukkar ikkje bukettar, 
men eg tek ein eller to i munnen. Så vakre blomar
kan etast. Som så mykje anna i naturen. Dei kan pynte
opp ein dessert eller ei kake til det kongelege nivå.


Gauksyre. Blada er så irrgrøne og fine. Og blomane så
skjøre og rolege. Sure og gode desse her. Eg tek
alltid med meg nokre blad eller blomar og knaskar 
langs med vegen. Dei er visst rike på c-vitamin også gitt,
det er jo litt kjekt!


Løvetann. Perfeksjon. Og gul og strålande. Hugsar du
den bitre smaken om du hadde fått saft frå stilken
på fingrane? Eller på leppene om du skulle blåse 
i ein stilk? Syns å hugse at eg blåste i ein løvetannstilk
i alle fall. Fysj for ein smak. Og fargen sat att i fingrane.
Men knoppane og blomane er etande. Tør du å prøve?


Ramslauk. Før blomane spirer er dei best til å ha i mat 
vert det sagt. Her har eg plukka små røter til å plante 
i hagen til kjærasten min. Må jo gjere det litt frodig og 
nyttig i bedet der. Ramslauk er ei lita delikatesse, tenk
gratis kvitlauk, grøn og fin, berre å plukke om du veit
kor den er. Som regel så luktar du det lang veg. 


Marikåpe. Då eg var yngre såg eg ikkje denne planta her.
Den var liksom berre der og gjekk i eitt med alt anna. 
No elskar eg marikåpe. Eg elskar blada, dei fine viftene.
Dei søte små blomane. Det er sagt at morgondugg frå 
marikåpeblada gjer underverk for huden. Er nok berre
eit gammalt sagn men eg stoppar gjerne opp og fuktar
andleet med ein dråpe. Det er no litt fint då. 
Sunn er den også, om du skulle finne på å ete den, 
den fungerer som spinat. Eg vel å ha den i blomevasen eg.



 Rogn. Rognebær har eg skrive om før, for saft har eg
laga av den. Ikkje noko eg syns noko særleg om, den er
for bitter for mi smak. Eller kva eg til no er vant med av
bitter smak i kvardagen vel og merke. Men blada er noko
i seg sjølv. I fjor lærte eg heilt tilfeldig at om du tygg på 
eit ungt blad, eit lite skot, så vil du kjenne smaken av
mandlar. Snodig. Må no alltid ta meg eit blad om eg
kjem over eit. Det kjem jo opp små greiner her og der
som ber fram små blad på denne tida. Prøv!



Granskot. Smakar ikkje gran. Smakar friskt og godt. Ta
eit skot og tygg på det. I fjor laga eg granskotsirup 
for fyrste gong. Laga også mange andre typar sirupar 
etter det, men granskot var ein av dei beste. Så fruktig 
og god smak. No er tida til å plukke det, dei skal helst vere på 
storleiken av det ytterste fingerleddet ditt, eller mindre.
For best smak.

Mykje godt for augo og smaken i naturen. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!