tirsdag, mai 10, 2016

Mai på tunet


Dagane går så altfor fort på denne tida. Og sjølv om ein står opp
når det er lyst og legg seg når det er lyst så har dagen gått på
eit blunk. Eg er oppe før seks kvar dag og no om dagen er det
heilt nydeleg å stå opp. Sola skin lågt innover tunet og det er liv
i både høns og ender. 



Obligatorisk hanegaling frå no tre hanar høyrer med. 
Det er jo den mest naturlege vekkarklokke det. 


Denne høna her, Eli, har tulla seg skikkeleg til. For nokre veker sidan
syns eg det byrja å minke veldig på dei få egga eg får for tida. Eg kikka
litt rundt om men fann ingenting. Og ein dag var ho Eli ikkje å sjå heller. 
I andre enden av hønsehuset, som no ikkje er i noko form for bruk, 
låg ho i eit hjørne. Under ho låg det heile seksten egg. Det vert litt styr 
når desse hønsa skal ordne slikt sjølv, for egentleg skal ein ikkje vente så lenge 
før ein rugar fram kyllingar.  Så eg måtte jo berre ta med rubbel og bilt og flytte
egg og høne inn i eit lite hus inne i hønsehuset der dei kunne ligge lunt og godt. 
Høna Eli var ikkje så veldig nøgd med det men roa seg no etter ein dag.

Ein dag låg det eit egg utanfor på golvet som eg plukka med meg inn.
Eg tenkte no at ei anna høne hadde lagt egg der, dei surrar jo litt med
kvar dei legg egg. Og morgonen etter hadde eg kokt meg egg med
eit lite kyllingfoster i. Eg høyrer dette er ei delikatesse i Asia, men eg
prøvde meg nok ikkje på det. 

Det viste seg at den andre høna la seg også inn til høna Eli, la sine
egg der og då ho vandra ut til dei andre lurte sjølvsagt Eli hennar egg
under seg. Så realt eggekaos vart det. Då vart Eli og huset
hennar flytta atter ein gong, no med ingen tilgong for dei andre 
hønsa. Egga vart lyst og ein del vart sortert ut. 


Og som venta så dukka det opp ein gul kylling på søndag. I går var det
ein ny og i dag tidleg var det visst enda ein til. Fleire egg ligg inne i huset
men no spørs det om Eli held det gåande slik at fleire vert rugd fram,
eller om resten av egga må hivast. 


Ikkje alltid like lett når naturen går sin gong, litt svinn og styr vert
det, men koseleg er det jo. 


Her er kyllingane som vart ruga fram av anda Kvitveis. Dei er no ti veker
gamle og i storform. Dessverre ser det ut til at det er to hanar for eg har observert
nokre små hanekampar allereie. Og det var no typisk min flaks då, hanar kan
ein jo ikkje ha for mykje av. Kyllingane bur no utandørs i eit bur med eit
lite hus attåt og får verkeleg nyte sommardagen me har no.



Og ei siste eggehistorie til. Desse endene byrja også å
styre litt. Det er heldigvis berre to ender som legg egg no,
det held for meg slik at eg får brukt dei til bakst og is. Men
der også vart det lite egg ei stund. Eg kikka rundt og fann ingen 
egg. Til eg tilfeldigvis såg ei and sitjande i luka
under utedoen på hønsehuset. Mistenkeleg tenkte eg. Og gjekk straks 
bort for å kikke ned. Og der hadde ho lagt nokre egg ja. Ikkje 
berre berre å komme seg både ned og opp der så eg måtte
nok fint vente til ein dag der eg hadde assistanse, berre sånn
i tilfelle. Under utedoen er den gamle måttinga, eit rom i sement
med ei lita luke heilt øverst under taket. Så ein må lirke seg gjennom
bokstaveleg talt. Etter mykje lirking, tøy og bøy og den reinaste
yoga-sesjonen gjennom luka fekk eg redda opp heile åtte gode
mategg. Og fekk unngå at anda Guro la seg på egga nedi der.
Og så var det berre å snekre igjen luka slik at eg aldri må
ned der att! 


4 kommentarer:

  1. Haha, herlig, nå fekk eg ein god latter igjen. Du skriver så godt og levende om stort og smått.

    Og hønemor i dobbelt forstand

    Dagene flyr, viktig å nyte dem mens vi har dem :-)

    Og du, de hanene gjør seg vel i ei gryte med vin?!

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha, ja, kjekt å skrive om desse finurlege tinga som skjer her då, er vel aldri heilt kjedeleg på tunet her! Og jada, det vert nokre hanekyllingmiddagar, men eg skulle no gjerne hatt nokre nye høner gitt! Få av dei no, Men det ordnar seg nok - med myyykje tolmod!! ;-)

      Slett
  2. Er det generelt sånn at det blir flere haner enn høner? Syns alle "hønemødre" bekymrer seg for det

    SvarSlett
    Svar
    1. Det skulle vel egentleg vere 50/50, men trur det nok egentleg er 30/70 etter min erfaring ;-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!