tirsdag, mai 17, 2016

Reisebrev frå Italia: Firenze



Fortsettelse på turen til Italia, for grisebonden og eg!

Frå Milano tok me hurtigtog ned til Firenze. 1 time og 40 minutt,
det kosta nokre euro men heller det enn å sitje mange timar på
tog. Det går også fly til Firenze og til Pisa om ein får dei
rutene til å passe med reisedato og lommebok. Eller
ein kan ta hurtigtog opp frå tur til Roma, ein by som flest
besøker i Italia. 


Me hadde funne oss eit familiedrive hotell, ca 15-20 minutt gange frå 
den eine togstasjonen. Hotell Royal var gamalt, flott og erverdig
med litt småsært vertskap, flott hage og basseng (som ikkje var opna
for sesongen dessverre). Enkel frukost med rundstykke og croissant med
pålegg og sjølvsagt kaffimaskin. Til ein ganske så grei pris. 


Til tross for at me hadde vandra halve Milano, teke tog og duppa
litt av der, så var det rett i klesbytte i varmen og på med sandalar og
ut og gå! Me gjekk til saman 29 000 steg denne dagen, det kjendes 
godt i kroppen for å seie det sånn. Men så mykje me fekk sjå! 
Her er me oppe på eit utsiktspunkt for å sjå heile byen. 


Ponte Vecchiobrua, gamlebrua, bygd i 1345. Det vart bygd på ein
innandørs korridor på denne brua slik at den kjende og rike Medici-
familien kunne vandre mellom sine residensar utan å måtte blande
seg med byens folk. Ein tur over denne brua er obligatorisk og 
er alltid full av folk. Og mange, mange gullsmedutsal. 


Strømsøveska fekk vere med på tur. 
Og berre sommarkjolar. Temperaturen låg
rett over tjue grader så det passa bra. 


 Piazza Michelangiolo.
Eit flott utsiktspunkt etter å ha gått ein del trapper oppover.


Utanfor byen kan ein sjå den frodige naturen utover i 
Toscana. Me kunne skimte små slott og gardar rundt om
og det lokka jammen til å besøke, men det får bli ein annan
gong.


Kyrkja San Miniato al Monte, som låg enda høgare
enn utsiktspunktet, ga nydeleg utsikt. Her
var det nydeleg å sjå utover byen. Og inni kyrkja
var det gregorigansk song, stille og kjøleg. 



Palazzo Vecchio, sto ferdig 1322. 


Og kjæresteparet, framfor sjølve Duomoen Santa Maria del Fiore. 
Den har ein stor kuppel som ein kan sjå frå mange stader i byen. 
Me fekk kome inn og sjå inne i kyrkja, men fekk ikkje sjans
til å sjå inne i den malte kuppelen eller gå til topps i tårnet
denne gongen. 




Elva deler Firenze i to og det går fleire bruer over
til den andre sida med til dømes Piazza Michelangiolo. 



 Gatelangs i Firenze. Nydelege smale gater.



Det er noko med vindauge med blomar og planter. 
Vakkert. 


Klestørk i gatene. 






Etter tips frå ei jente som føl meg på Instagram
så vandra me til Santo Spirito Piazza. Eit lite stykke
å gå men vel verdt det. Her var det marknad, både nokre 
bruktboder og mange boder med ostar, syltetøy, trehandtverk,
honning, keramikk og anna. Ein del lokale folk her og det
er herleg. Me var også innom ein anna marknad i San Lorenzo
men der var det mykje turistvarer. 


Nei, eg kjøpte ikkje ein heil slik. Men jo, eg kjøpte nokre
kilo parmesan med meg heim. 


Lunsj på ein skjønn kafe på plassen der. Eg prøvde 
gnocchi, sjølv om den nok ikkje var "ekte" med potet
så var den fløyelsmjuk og deilig. Med ostesaus og
rive parmesan. Sverre hadde god risotto. Obligatorsk
å smake på kvarandre sine middagar! 



Kaffi og kake i andre etasje på ein kafe med utsikt over
Ponte Vecchiobrua. Herleg å kvile augo på. 


 Jau, maten då. Innom matmarknaden på San
Lorenzo. Me var ikkje lange tida her men fekk kikka litt.


Då veit eg no det til neste spekeskinkelaging. Mugg på 
spekeskinka - ingen problem! Steike mykje god mat her! 



Eg, som matglad og matinteressert, fekk prøvd det meste eg hadde
lyst til å prøve, Men vart eg nøgd med det? Neida, eg ville jo gjerne
ha prøvd enda meir! Det trur eg jammen meg er eit prosjekt som
tek mange turar og mange år gitt. Men matinspirert de luxe no, og 
gira på å framleis lage den beste italienske pizzaen, heimalaga pasta,
krema risotto, heimalaga gnocchi, biscotti, ja..lang liste vert det no.

Den siste restuaranten me var på var nok den beste. Ein økologisk
pizzarestaurant i gata Via san Gallo. Ein liten restaurant med vedfyrt
bakarovn. Liten meny og gode prisar. Eg fekk prøve pizza med ferskosten
Burrata, noko som eg har vore nysgjerrig på. Sverre åt pizza med mozzarella
og heimalaga pølse. Me storkosa oss og fekk så lurt i oss ein heilt 
utruleg god tiramisu etterpå som servitøren valte å bestille til oss
til tross for at me var stappmette. Heilt greit det! 


Må jo også ha med isen då. Eller gelato som det heiter i Italia, ein
meir mjølkebasert is enn me er vant med i fløyterike Noreg. 
Gelatobar var det på kvart hjørne, i kvar gate og med mange smakar.
Eg som har starta med å lage is og sjølvsagt lest brødrene Hellstrøm
si isbok hadde jo peikt meg ut kva isbar me skulle besøke. Men
me prioriterte heller å sjå byen i denne omgong og så får besøket
vente til ein anna gong. Is smaka me i fleirtal uansett med smakar
av pistajs, mørk sjokolade, pinjenøtter, kirsebær, mango og mange
mange fleire. Det går nok ikkje an å ikkje kjøpe gelato på Italiatur.


Dag to i Firenze stakk me innom Boboliparken. Ein gigantisk hage 
tilhøyrande Palazzo Pitti, eit palass der alle byen sine herskarar har budd. 
Hagen var heilt nydeleg og ein kunne nok sikkert brukt nokre 
timar her. 




Joda, på ein vegg der andre hadde rissa inn namn så 
gjorde me det same. Får sjå om me finn det att
når me reiser attende som pensjonistar ein gong. 



Flotte statuar rundt om i parken. 


Me fekk gått oss ein runde i parken før himmelen
vart mørk som natta. Bonden min var rask i reaksjonen
og me kom oss avgårde for å få tak over hovudet i tide. 
Me sette oss på ein benk utanfor ein bokhandel i parken
og venta på regnet. Og det kom, i bøttevis, med
torebrak i massevis. Og der satt me, eg i lett sommarkjole
og sandalar i det kjølege draget. Og me kjende at søvnen kom over oss.
Me sat der i ein time før me gjekk inn i Palazzo Pitti og fekk
 kikka litt der også.  Og så lysna det opp att og varmen kom
attende. 


Siste natta i Firenze enda også med torebrak og regn. Det høyrtes
ut som at fjell velta og knustes om kvarandre. Heilt utruleg. 
Lang reiseveg med to tog og to fly og så var me heime att. 
Med god olivenolje, 2 kilo parmesan, god risottoris, god
såpe, kefirkorn og polentamjøl i bagasjen. Og erfaring om at
me klarte oss godt på ferietur, berre oss to, fleire dagar i strekk,
det var no nesten like kjekt som turen det! 

2 kommentarer:

  1. Så kjekke reisebrev, og kjekt å endelig få se bonden :-)

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Han dukkar opp når du minst ventar det Elisabeth ;-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!