tirsdag, mai 17, 2016

Reisebrev frå Italia: Milano


Eg har då funne meg ein bonde, ein travel grisebonde, som då
arbeider kvar einaste dag. Og då me bur i kvar vårt hus med ein
halvtimes køyring mellom så treffes me mest i helgene. 
Han bonden min har sjeldan fri i helgene og når han har
fri er det godt for både han og meg og oss å kome seg vekk litt.
Til vanleg går turen til Rullestad men då me i pinsehelga såg
an nokre ekstrafridagar og avløysar var booka så vart plutseleg
ein langtur litt lokkande. Og vips så hadde me bestilt tur/retur til
Milano. Eaentleg drøymer me om å reise rundt i Italia, matlandet
Italia, men me måtte ta fatt på ein mindre del i fyrste omgong.


To fly nedover til Milano. Ein storby nord i Italia. Me kom med
tog til Milano Centrale togstasjon og den var gigantisk og flott
av eit palass gitt. Men elles var byen meir av nyare art.




Eg vert fascinert av dører og vindauge og gater
og planter. Fine små detaljar langs vegen. 




Me hadde ein halv dag i Milano før toget gjekk vidare
så me la ikkje noko planar enn å berre traske nedover. Det vart
nokre timar gåing og me fekk sett ein del flott! Blant anna
kom me oss ned til den flotte kyrkja, Duomoen i Milano. Her i
handlegata som leier ned til den og det seier seg sjølv
at den var full av designbutikkar heile vegen.


Og godsaker. Dette lokkar meg. Ferske bakverk på rekke og rad. 
Berre synd at ein berre har plass til litt i magen om gongen gitt.



Croissant fylt med pistasjkrem vart med på deling, nydeleg god. 


Duomoen i Milano. Svær kyrkje med mykje utsmykking. 


Og eit flott hus ved sida fylt med fleire designbutikkar, for
dei som er interesserte i slikt. 





Gatelangs i Milano. Sjarmerande på sitt vis, nytt
og reint og ryddig. Og frodige planter som pyntar opp
med sitt grøne. 



Denne kafeen ville dessverre ikkje Sverre innta lunsj på,
ein real kattekafe. Herleg spør du meg!



Og i Milano starta testinga av italiensk mat, det kjøkenet eg føler meg
nærast til må eg sei. Her prøvde eg pizza med tomatsaus og bøffelmozzarella.
Steike meg godt. Til lunsj var det å teste ulike pastaer, både den klassiske bolognese
og med kvitløk og olje og urter. 


Ein real bondeneve løftar sin vesle koffeinfrie espresso. Det
vart mange slike, sterke og gode. Det set i gong magen det etter
eit rikt måltid. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!