søndag, juni 26, 2016

Eit grisete innlegg


Grisane har no vore ute på Sæterbø i to veker. Og dei storkosar seg. 
Og DET gjer eg også! Eg er sjølvutnemnd griseansvarleg, grisesjef og 
grisekommunikatør. Eg vert nemleg trekt ut til dei, i alle fall ein gong
til dagen, om ikkje fleire. Eg tek hunden Buster med bort for ein tur,
eg går bort i ein pause frå gardsjobbing eller maleprosjekt, eg går bort
når eg føler meg lei og litt deppa. Og grisane gir meg ro, dei gir meg
glede, ei oppleving av å vere tilstades her og no, dei gir meg kontakt. 
Terapi i utegrisar, det er sikkert og visst, og det opplevde eg grisesommaren
for to år sidan også. Fine og gode dyr desse her. 
Så her kjem eit grisete innlegg med nokre herlege bilete frå dei siste to vekene,
og kjenner eg meg sjølv godt så kjem det nok fleire av desse framover, slik
at de lesarar herved er advart. 






Grisane får seg litt matrestar i ny og ne. Så dei har innimellom real
matfest der borte med godsaker frå det me har kost oss med, det seg
vere jordbær, melon, nedsafta hylleblomar, gulrot og brød. Dei et det meste
og kosar seg med det vesle ekstra. Eg tok til og med bort nokre heile hasselnøtter
etter litt rydding på kjøkenet her. Og det var gøy det. Tygge av skalet før den gode
nøtta kom fram. Og grisar, dei likar utfordringar dei. 


Dette er ein av dei finaste grisane. Med eyeliner som eg kallar det. 
Nesten modellaktige auge. 


 Og så var det min favoritt då, Frøken som eg kallar ho. Dei er ikkje 
fullt ut trygge på kos og kløing enda, men ho her var tidleg trygg
på å få seg litt kos. Her lurer eg meg ned på ryggen hennar ei lita stund. 
Grisar likar eigentleg ein del kontakt, både prat og kos og varme. Men
det varierer sjølvsagt kor mykje dei får det. Eg har mål om å kommunisere
og kose mykje med dei. Kjekke vert dei og enda betre kjøt vert det no 
også trur eg. 


Og ei griserompe under tunge skyer kan vere beste kunst i seg sjølv. 
Dei har det grisegodt i alle fall. Og eg med. 

Mi beste sommardrikk


Eg har laga ein del sortar saft og syltetøy opp i gjennom åra. Men 
den aller beste sommarsafta for meg er hylleblomsaft. Ikkje berre
den reine hylleblomsafta, den kan nemleg bli litt skarp, men eg 
har friske norske jordbær i også. Det gjer at den får ein sommarleg 
sødme i tillegg til det sukkersøte, det friske og det syrlege. 
Rein saft blanda med kolsyrevatn og nokre isbitar er noko av
det beste eg får å drikke sommarsdagen. Og heldigvis at ein kan 
lage litt ekstra og ta opp litt sommar utover resten av året også. 
I år har eg jammen meg laga seks porsjonar av denne oppskrifta!


Hylleblomsaft med jordbær

30 blomeklasar med hylleblom
2 store sitron
2 lime
1/2 korg friske jordbær
1,5 kg sukker
1,5 liter vatn
50 g sitronsyre

Plukk inn blomar og ha i ei stor panne eller bolle. Kok opp vatn med sukker
og sitronsyre og sjå til at sukker og syre løyser seg godt opp. Har du økologiske
sitron/lime så er du heldig, elles så kan du vaske godt av dei før du skjærer 
dei opp i tynne skiver. Skjær opp jordbær i tre-fire skiver per bær. Ha dette 
over hylleblomane og hell over sukkervatnet. Kjøl ned og la det stå kaldt i 
tre døger. Sil av og hell på flasker eller glas, ikkje heilt opp sidan det skal
i frysen. Det går dessverre ikkje an å hermetisere safta, men samtidig så held
ho på den gode smaken betre når ho er fryst. Nyt sommaren på drikkande vis! 


onsdag, juni 22, 2016

Feriemodus og maling


Jau. Eg har fått ferie. Utruleg godt. Men eg ligg ikkje strak ut
for den del. Ferie for meg er prosjekt. Det likar eg, eg likar å jobbe,
komme inn i ei god flyt, høyre på Sommar i P2 og Reiseradioen,
jobbe akkurat når eg vil på døgeret og ikkje minst sjå resultat av
det eg driv med! I fjor tok eg stova skikkeleg i gamlehuset. Ikkje
visste eg då kva eg skulle drive med denne sommaren, til tross
for at kjærleiken no var i gong med ein Sæterbømann. 

I år vert det nemleg maling hos han. Det er nemleg slik at me som 
kjæraster gjerne vil bu i lag, og eg har brukt året på å jobbe med
den saken. Eg har kome mykje lenger i den prosessen, men 
tenker eg vil gjere litt meir her før det vert flytting. 
Til dømes startar eg opp med kjøkenet. Det er eit flott kjøken, 
men mørkt og tungt. Så det skal få seg ny farge! 


Kjøken er ikkje noko du hoppar på i løpet av ei helg, då
eg reknar med det tek ei lita stund dette. Ein del arbeid berre i
å skru av dører og skuffer. Så må det vaskast og pussast. Og
så grunnast både på eine sida og andre sida. Og så sparklast i 
hola der handtaka har vore. 


Dagen i dag har gått i grunning og sparkling. Fortsettelse følgjer!


Me har også gått laus på huset utanpå. For nokre år sidan vart
det malt (nesten ferdig) med ein lys farge. Det var ein akrylmaling
som ikkje var så haldbar, i alle fall ikkje på vestlandet. Så
me vart einige om raud. Og for tre veker sidan gjekk me i gong. To fulle
helger, nokre enkeltdagar og kveldar har gått i det. No ventar nok
siste rest i helga som kjem. Men det er klart, huset gjekk
frå eit fint men anonymt hus som ikkje skilte seg særleg frå
naturen rundt, til det eg vil kalle ei svensk sommarstuga. 



God energi på husfargen og snart skal sprossene opp
også. Og eg nærmar meg litt meir klar for flytting. 

Benkeglede


Sjå den nye benken min? Vel, den er no ikkje heilt ny då. Me som driv
og pussar opp møblar pussar av og til opp dei same fleire gonger. Dobbel
glede over bruktfunna då. 


Denne telefonbenken, utan sete her, fann eg på SIM si 
gjenbruksavdeling for nokre år sidan. Eg tok det som ei
gøyal utfordring og ville gjere den kul.


Joda, den vart no litt kul. Og god pute fekk den. Men den
sto no i stova ei stund før eg ikkje visste heilt kor eg
skulle gjere av den. Den passa liksom ikkje inn syns eg. 


Så då eg var i gong med grønmalinga mi så heiv eg meg rundt og
malte beina til benken også. Skuffe og hylle reiv eg rett og slett
av og setet er no i bruk ein anna stad. Litt brei og god kryssfiner-
plate vart sagd til og skrudd på.


Madrassa eg har liggande på lemen fekk gjort enda meir i livet 
sitt gitt. Og litt vattert stoff vart stoppa på benken. 
Deretter gjekk det eit lyseblått laken, kjøpt i Finland til campingen
i fjor samt ei gamal blondegardin som eg har hatt liggande
i sikkert snart ti år no. 


 Og den vart heilt totalt forandra. Sjarmerande og romantisk. 
Og den fine grønfargen då. Benken er no i arbeid på soverommet.


Men eg tok for meg ein benk til. Denne benken "arva" eg, eller
redda frå ein container under rydding av eit hus i slekta. 
Den malter eg sjølvsagt gul.


Ååå, den var fin og gul! Men alt har sin ende. Eg hadde den
nemleg ståande framfor hønsehuset ei stund og den tålte
visst ikkje fukt. Plata var nemleg i sponplate og det svulma opp.
Men ein slik fin benk ville eg gjerne ha vidare. 


Så då vart den jammen meg stoppa den også. Med eit gamalt
ullpledd under og så ein kul voksduk eg hadde liggande over.
 No skal den tåle meir fukt men eg kjem nok til å passe på. 
God stemning i fine benkar! 

onsdag, juni 15, 2016

Sirupsinspirasjon


Vart du ikkje inspirert til å lage sirup i fjor? Då får eg 
prøve på ny i år. Sirup kan egentleg likestillast med
saft og syltetøy; ein kan nytte naturen og hagen, 
ein får fram gode smakar og fargar
og det gir ein ekstra piff på måltidet. Og ja, det 
er vel kanskje mest søte måltid som får sirup på seg men
så går det også an å ete ei pannekake med sirup i staden for 
den isen, den posen smågodt, den sjokoladen og anna. 
Heimalaga saft, syltetøy og sirup er ikkje farleg, det er mykje
anna rart me kanskje heller ikkje burde putte i oss. 
Nok om det. Denne veka har eg forska fram ein ny sirup.
Dei siste stilkane av rabarbra er henta inn, hylletreet har
byrja så vidt å bløme og i urtebedet veks det mynte. 2-3 stenger
rabarbra, ein god neve mynteblad samt 4-5 blomar dekka eg 
så vidt med vatn, ga eit oppkok, sette lok på, 
lot det stå kaldt i eit døger, silte av og kokte opp med
sukker. Om lag 2 deler sukker til 3 deler vatn er greit.
Så koka eg opp, skumma av og då sirupen var passeleg
i konsistens så helte eg den på reine og varme glas 
og flasker. 


Hjelp, eg druknar i sirup! Til ære for fotografen. 
Men sirupen var god, med lett smak av hylleblom, 
god smak av rabarbra og ein god sidesmak av mynte. 
Herleg kombinasjon, angrar ikkje på den! 
God sirupsinspirasjon til deg!

mandag, juni 13, 2016

Sommarstemning på Eskeland


Eg har vore mykje på Sæterbø i det siste, der er det alltid noko
på gong. Så då er det litt godt å ta det litt roleg her i heimen.
Gå ein tur og ta nokre fine bilete. Åååå, sommar på Eskeland,
det er saker det. Sommar, sol, sauge og ein kopp krutsterk kaffi
på solsenga. 











Ein ny grisesommar på veg


Grisesnute i kveldssol! 


Eg er strålande nøgd. I helga kom åtte flotte grisar seg
ut på beitet; ut i livet, ut i glede og graving, ut i sol og svidde
stumpar, ut i gjørmebadet og knuffing på graset.


For to år sidan hadde eg to grisar på tunet mitt. Eg lova meg
sjølv at det ikkje var siste gongen, men i fjor orka eg ikkje
alt som følgde med det og ville ha eitt års pause. Og så vips
og dobbelvips så var eg jo kapra av sjølvaste grisebonden,
frå den gamle garden Sæterbø på Fitjar, og der har
eg vore mykje det siste året. Han har hatt utegåande gris
tidlegare, men elles har han alt innandørs. Så eg føler
kanskje biiiittelitt skuld i at me fekk ut nokre grisar i år!
Det ligg også noko anna bak, nemleg at kjøtet faktisk kan 
kjøpast til hausten, og det er knakande kjekt det!
Eg håpar no på sjansen på å lage bacon og spekeskinke
til hausten også, og ikkje minst ete knallgode koteletter. 


Gris møter hund, hund møter gris. Den eine
vil leike, den andre veit ikkje heilt kva han vil. 


Unnskyld, du har noko i håret ditt! 


Fyrst dagen ute og rett ut i gjørmebadet! Graving og bading, godt og kjøleg
er det nok. Grisane har godt med gjørme å bade i, godt er det,
naturleg solkrem det. 


Det har no ikkje fått namn enda, det må dei no få. Vert mange Gissar
og Gossar dette! 

søndag, juni 05, 2016

Saftig rabarbrakake



Her har helga gått i maling. Eg har vore ute på Sæterbø og malt 
hus heile dagar. Mat har vore ei nødvendigheit nesten. Men så fekk
eg eit realt innfall over meg, eg måååtte bake. Slik som eg innimellom
får. Og rabarbraen ropte frå hagen, det var nokre stilkar att. Oppskrifta
vart surra saman på eit blunk og her er ho, saftig og knallgod på
ein ettermiddag:

Steike saftig rabarbrakake

150 g smør
150 g sukker
3 egg
1 ts vanilijesukker
1 ts bakepulver
150 g mjøl
ca 1 dl rømme
litt sukker
2-3 rabarbrastilkar

Set ovnen på 180 grader. Visp smør og sukker kvitt
og tilsett eitt og eitt egg. Ha i det tørre. Del opp rabarbra
i små skiver og ha over litt sukker, eg nytta lysebrunt sukker
(demererasukker). Ha røra i ei lita springform eller firkanta
form kledd med bakepapir. legg over rabarbra og knepp dei lett 
nedi røra. Ha på små klattar med rømme over og dryss
til slutt over litt meir sukker. Steik i ca 30 minutt til kaka
er gyllen på toppen. Server varm, lunken eller kald, like
saftig og god er den! Ååå, rabarba i bakst altså, noko
av det beste!! 


Sengegavl



Jau, der kom den seg opp på veggen gitt! Kryssfiner på 180 x 80 vart sagd til,
plata vart stoppa med trekket til ei brukt overmadrass og så eit brukt laken over der 
før heklateppet vart festa på. Ein del stiftar vart det no til slutt. Utfordringa var så
å få festa gavlen til veggen. Skruar måtte igjennom plata og då surra både
padding laken og til og med heklinga rundt og rundt. Så det måtte gjerast særs
forsiktig, særleg når me brukte drill ja, kanskje ikkje det luraste å bruke for å sette 
skruane i. Men opp kom det utan dei største skavankane Og fint vart det! 
Skikkeleg fargefest her no, på soverommet til grisebonden, med blå
veggar, grøne nattbordmøblar og gul sengegavle. Det passar meg godt!
Nytt sengetøy måtte kjøpast inn i anledning gavlen. 

onsdag, juni 01, 2016

Egg, egg og egg



Skal du bake noko til helga? Eller lage gode pannekaker, vaflar eller
lappar? Og bur i nærleiken av meg? Så må du gjerne ta ein tur oppom
og hente deg nokre andeegg. Eg har så mange no, endene legg egg
i eitt sett og eg klarar ikkje å bake unna. Og det skal seiast, dette er 
fantastisk gode baksteegg, mykje betre enn hønseegg spør du meg!
Ta i tilfelle kontakt! 

Hekleprosjekt


Det har vore lite kreative prosjekt på bloggen i den siste tida, 
det er vel kanskje ikkje tida til det med dei fine dagane me har
hatt i vår. Men noko putlar eg no på med då, som alltid. Sidan før
jul har eg planlagt ein sengegavl og grubla mykje på korleis eg skulle
lage den. Og i starten av april var eg jammen meg i gong med å hekle
ein. Naiv som eg kan vere tenkte eg at det kunne no ikkje ta så mange
vekene, vel, det kjennest som eg har hekla rundt og rundt i eit heilt
år, men no er det no ferdig, berre to månader etterpå. 


Sengegavlen skal måle 180 cm lang så eg starta opp med å hekle
ei rekke som var halvparten av dette. Eg hekla fleire enkle bestemor-
ruter og hekla dei så saman. Det er så mykje eg ikkje kan i hekling
enda så det fins nok mange fine måtar å gjere dette på,
men eg har ikkje alltid tid til å søke lærdom når kreativititen
boblar. 


Planen var å lage ein gul men allikevel roleg gavl. Men så var det 
desse hola i mellom rutene då. Så då gjekk det litt restegarn i 
kjekke fargar og ein del blomar vart hekla samt festa med 
fargerike knappar. Ein har det ikkje meir gøy enn ein gjer
det til sjølv!


Ingen fargesystem, litt skeivt og slikt, men eg må sei 
eg likar det godt. 


Og så var det berre å hekle rundt og rundt. Etterkvart så
vart teppet ganske stort og det tok laang tid å hekle ein runde
rundt. Eg gjekk jo sjølvsagt tom for den gule tråden eg hadde
kjøpt inn frå tidlegare og måtte kjøpe nye, og vips så
var den også tom. Så tre gulnyansar kan sjåast for det
trente auga! Eg tør ikkje rekne kor mange buntar med
garn dette teppet slukte. Men eg brukte no heklenål
nr. 4 så litt storleik var det no på stavane. 



Dette er dei siste bileta eg har teke, men eg har no hekla enda meir. Teppet
er no på storleiken ca 180 x 85, litt pluss for bretting og festing på gavlen. 
Og så har eg hekla litt meir gult langs den eine sida for at sengegavlen går jo
gjerne eit lite stykke nedfor overmadrassa. 
Så kanskje til helga vert det montering. Kryssfinerplate må sagast til og underlag
må festast på. Men eg gler meg til gul fest på soverommet!