mandag, juni 13, 2016

Ein ny grisesommar på veg


Grisesnute i kveldssol! 


Eg er strålande nøgd. I helga kom åtte flotte grisar seg
ut på beitet; ut i livet, ut i glede og graving, ut i sol og svidde
stumpar, ut i gjørmebadet og knuffing på graset.


For to år sidan hadde eg to grisar på tunet mitt. Eg lova meg
sjølv at det ikkje var siste gongen, men i fjor orka eg ikkje
alt som følgde med det og ville ha eitt års pause. Og så vips
og dobbelvips så var eg jo kapra av sjølvaste grisebonden,
frå den gamle garden Sæterbø på Fitjar, og der har
eg vore mykje det siste året. Han har hatt utegåande gris
tidlegare, men elles har han alt innandørs. Så eg føler
kanskje biiiittelitt skuld i at me fekk ut nokre grisar i år!
Det ligg også noko anna bak, nemleg at kjøtet faktisk kan 
kjøpast til hausten, og det er knakande kjekt det!
Eg håpar no på sjansen på å lage bacon og spekeskinke
til hausten også, og ikkje minst ete knallgode koteletter. 


Gris møter hund, hund møter gris. Den eine
vil leike, den andre veit ikkje heilt kva han vil. 


Unnskyld, du har noko i håret ditt! 


Fyrst dagen ute og rett ut i gjørmebadet! Graving og bading, godt og kjøleg
er det nok. Grisane har godt med gjørme å bade i, godt er det,
naturleg solkrem det. 


Det har no ikkje fått namn enda, det må dei no få. Vert mange Gissar
og Gossar dette! 

4 kommentarer:

  1. Skulle ønske jeg visste om noen her oppe som driver med utegangsgris. Da ville jeg handlet der og laget sylte og spekeskinke og pølser. Godt med alle grisene som får komme seg ut synes jeg.
    Hilsen Camilla i Harstad

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei, det er ikkje så mange stader dei driv med utegåande gris. Dessverre. Kan jo vere litt skummelt å starte opp med også, ein del folk er nemleg ikkje interessert i kvalitetskjøt og vil berre ha det billegaste på butikken. Synd det. Du får ta deg ein svipptur nedom og hente deg litt kjøt til hausten Camilla! ;-) Eller kanskje me kan sende fryst ;-)

      Slett
  2. Jeg sitter her med tårer i øynene! Blir så rørt av dette.
    Disse er noen heldige griser! Fantastiske bilder, vil se mer

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Og eg vert rørt når du vert rørt! Så kjekt!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!