onsdag, juni 22, 2016

Feriemodus og maling


Jau. Eg har fått ferie. Utruleg godt. Men eg ligg ikkje strak ut
for den del. Ferie for meg er prosjekt. Det likar eg, eg likar å jobbe,
komme inn i ei god flyt, høyre på Sommar i P2 og Reiseradioen,
jobbe akkurat når eg vil på døgeret og ikkje minst sjå resultat av
det eg driv med! I fjor tok eg stova skikkeleg i gamlehuset. Ikkje
visste eg då kva eg skulle drive med denne sommaren, til tross
for at kjærleiken no var i gong med ein Sæterbømann. 

I år vert det nemleg maling hos han. Det er nemleg slik at me som 
kjæraster gjerne vil bu i lag, og eg har brukt året på å jobbe med
den saken. Eg har kome mykje lenger i den prosessen, men 
tenker eg vil gjere litt meir her før det vert flytting. 
Til dømes startar eg opp med kjøkenet. Det er eit flott kjøken, 
men mørkt og tungt. Så det skal få seg ny farge! 


Kjøken er ikkje noko du hoppar på i løpet av ei helg, då
eg reknar med det tek ei lita stund dette. Ein del arbeid berre i
å skru av dører og skuffer. Så må det vaskast og pussast. Og
så grunnast både på eine sida og andre sida. Og så sparklast i 
hola der handtaka har vore. 


Dagen i dag har gått i grunning og sparkling. Fortsettelse følgjer!


Me har også gått laus på huset utanpå. For nokre år sidan vart
det malt (nesten ferdig) med ein lys farge. Det var ein akrylmaling
som ikkje var så haldbar, i alle fall ikkje på vestlandet. Så
me vart einige om raud. Og for tre veker sidan gjekk me i gong. To fulle
helger, nokre enkeltdagar og kveldar har gått i det. No ventar nok
siste rest i helga som kjem. Men det er klart, huset gjekk
frå eit fint men anonymt hus som ikkje skilte seg særleg frå
naturen rundt, til det eg vil kalle ei svensk sommarstuga. 



God energi på husfargen og snart skal sprossene opp
også. Og eg nærmar meg litt meir klar for flytting. 

6 kommentarer:

  1. Det er jo fint å arbeide seg gjennom en sånn prosess. (",) Jeg er veldig spent på hvordan kjøkkenet blir etterpå - det er som du sier litt av en jobb! Men fint blir det jo, helt sikkert.

    SvarSlett
    Svar
    1. Jau, eg trur på gode mentale prosessar, med eller utan maling :-) Men veldig kjekt med maling då! ;-)

      Slett
  2. Blir spennende å følge med prosessen. Og male seg inn i samboerskapet er en lur strategi, gjorde det samme for 13 år sida,har endra kjøkkenfarga en gang siden den gong men samme kaillen har jeg fortsatt, vi er til og med gift <3

    SvarSlett
  3. Det er to store prosjekter du har satt i gang! Blir kjempefint. Er spent på kjøkkenfargen! Håper det blir Ingvildsk!

    Vi leverte det 30 år gamle eikekjøkkenet vårt inn til lakkering, ble kjempefint. Og nå satser vi på at det varer i 30 år til :-p

    Gleder meg til å følge med videre

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Er nok ikkje dumt å levere det inn heller. Tenkte på det me også, men så vart det no billegare om eg gjorde det ;-) Og du må vel uansett kanskje male litt i kjøkenskroget heime? Og må de førebu skapdører med å vaske/pusse mon tru? I alle fall full jobbing her, mykje grunnarbeid. Men no er andre strøket på frontane ferdig og det ser 97% bra ut! ;-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!