lørdag, juli 23, 2016

Sommarkjensler: Det beste i livet er gratis



Kjærleik og bringebær. Blåbær og kjærleik. Kjærleik og villjordbær og hylleblom
og geitrams og bjørnebær og alt anna godt. Det er gratis og i alle fall ein del
av bæra er der ute akkurat no! Kjærleik er no kanskje ikkje så lett å plukke med seg, men
finn ein den så grip tak! Når det gjeld bær: ein treng ikkje alltid å hauste inn i bøtter og spann,
men plukke i eit litermål ein kveld, ete med eggedosis på, med fløyte på, kneppe
det med sukker og ete ferskt syltetøy med skei. Eller raske saman ei kake på eit
blunk. Egg, sukker, smør, mjøl, bakepulver, vaniljesukker, me har det alle i skapet og
det trengs ikkje alltid ei oppskrift heller. Det vert som regel saftig og godt.


Grisefine bilete


Laurdag, sommar og sol. Og ein tur til grisane med mat på morgonkvisten. 
Både tørrfôr og restemat i kassen på firhjulingen og grisane spring glade
imot meg på vegen. Me køyrer nemleg firhjuling ned med sekkar med fôr
om gongen og denne lyden knyttar dei no til mat, mat, mat. Og i dag
hadde eg med halvtørka bringebær frå eit halvdårleg bærtørkeprosjekt 
samt restemat i form av laks og grønsaker. Stor glede hos grisane. 
Og mykje gaping. For visste du at grisane smakar på maten ved å gape
opp slik? Tenk om me skulle ha gjort det? Det hadde sett rart ut. 




Denne vesla her måtte ha seg ein liten pause i sola etter nokre smakar. 
Men det varte ikkje lenger før den kalde gjørma freista meir. 



Grisar, med sine store og opne augo, er så fotogene. Så lenge dei
står i ro i ein augneblink slik at ein kan få teke eit bilete eller fem då.
Dei er nemleg veldig aktive og har mykje for seg. Helst skal alt av klesplagg
og fotplagg og hår og hud smakast og tyggast på. Og kanskje får du deg 
eit realt knuff i sida av ein i litt tøysete og tullete humør. Aldri kjedeleg 
med fine grisar i sol!


Nyt soldagane vidare, med eller utan gris ved di side!

onsdag, juli 20, 2016

Sommarprosjektet


Såg du at eg skulle i gong med eit kjøken i sommar? Kjøkenet til
grisebonden min på Sæterbø. Eit slags "gjere-det-klart-til-å-flytte-inn"-prosjekt.
Prosjektet vart vel delt i to: før og etter Lofotentur. Så det vart ein god pause i mellom
og det er ikkje alltid ein dum ting. Her frå verkstaden med faktisk 18 skapdører og ni 
skuffefrontar overalt. Fyrst to strøk med maling, så eitt toppstrøk på framsida, så 
ferie og grubling over glansgrad, så ny boks maling med høgare glans og nytt strøk 
før tørking og herding. 


Så male resten av kjøkenet. To av skapa med glasdører fekk maling inni 
samt eit skap frå golv til tak vart også malt inni. Utanom dette malte eg
inni to hyller og ein del der me tok ut eit vinstativ. Hyllene fekk to strøk 
lakk på seg etterpå for å tåle best slitasje. 


Veggane var grå og listene var kvite men gusjne. Blått kjøken kjem
best fram med ei lys ramme så det vart god gammal Lady med bomullsfargen min.


Eit kjøken som har levd gjennom nokre år, til tross for at huset er ganske
nytt. Det starta med mørk nittitals grønfarge, så kom det ein lys knæsj
limegrøn og til slutt blass gråfarge. Ingen av desse fargane tiltaler meg, det
skulle ein kanskje ikkje tru at bomullskvit heller gjer, men for meg gjeld
det å finne lys og balanse i eit rom. På Ingvildsk vis i alle fall! 


Ein kveld fekk eg ein ide om å vere litt gul og sprø. Nemleg male inni to skap med 
min faste gule bengalakk. Som eg tilfeldigvis hadde ståande. Det var to skap som var
ekstra slitt: under vasken og skapet med panner og kasseroller. Til tross for god utlufting
i rommet så var dette kanskje ikkje ein lur ide  sidan ein har hovudet rett utanfor 
malingsdunsten. Og det resulterte i veldig hovudverk og svimmelheit og klar
beskjed om å anskaffe seg gassmaske til vidare maling. Og ein malepause.



Gult og kult og ei herleg overrasking. Du ser det ikkje før du skal kaste
litt boss og det øydelegg difor ikkje det blå fine kjøkenet. 


Eg reiste på "ferie" til gamlehuset og då eg kom att hadde grisebonden montert
frontar. Og rydda litt. Herleg å sjå! Knottar må til på skapdører og veggane har 
to strøk til i vente. Benkeplata er laminat og ikkje noko fin, men me tok
ikkje arbeidet med å skifte denne ut i denne omgong. Eg har vurdert å male
den og så har eg fått tips i å legge kontaktfolie på den. Over benkeplata har det 
heller aldri vore noko, der er det malt rett på sponplata. Panel er kjøpt inn og 
glasplate til å ha over vasken. Håpar det vert bra! 


Ei kjøkenøy er også under planlegging (og forhåpentlegvis laging). Planen
er å bruke tre av dei gamle skuffene frå mitt gamlekjøken. Difor har eg funne
skålhandtak som er like i form og storleik som dei som eg har. Dei er frå 
allebeslag.no og vart då bestilt frå Sverige. Malinga på kjøkenet er frå
Flugger Farge og har oppført seg fint under oppussinga. Veldig nøgd er eg 
med hjelp og gode råd eg får då eg tek turen der. 
Så snart er kjøkenet heilt nytt og får seg eit nytt liv i huset. 

Eit glimt av min sommar


Stoore villjordbær frå hemmeleg stad.



Ekte fiskelukke. Med bøtta full av makrell. Eller for å vere heilt korrekt: nokre
makrellar og ein del pir. Eg eelskar makrell, så lenge eg elskar den, for 
plutseleg er eg lei, men akkurat no, for så lenge, eelskar eg den.


Ein liten til Frensur som takk for at han passa huset imens. 



Sommar på Sæterbø er å gå tur opp til gamlehuset og å sjå til
angusane med det same. I fjor heldt dei seg langt vekke frå meg, no
er dei meir nysgjerrige. Eit godt teikn.


Bilete frå instagram: Yoga lotus light gross. Grisane byrjar å bli ekstra
kosete og sosiale no. Og det er jo alltid eg!


Kveldsstemning med mørke skyer, låg sol og fine geitrams.



Året har på ein måte vore i unntakstilstand. Eg fekk ikkje sådd og planta det 
eg ville, alt stod på halv åtte. Men nokre vekstar kom seg og her er resultatet:
store planter som spyr ut squash og anna i drivhuset! Gode på grillen!


Har du sett kvite blåklokker før? Eller kvitklokker? I ei skitten arbeidshand?



Bærtid og baketid. Mine faste muffins må til når bæra er klare.


Og besøk frå det store austland høyrer også heime. 



Med gode sommarfrukostar, krutsterk kaffi, surdeigsbrød på gong og
lesing av svenskeblad. 




Drama på Sæterbø. Me fanga ei rotte, ei lita ei, serverte den på sølvfat til 
Frensur og så var sjølvsagt ikkje Frensur i noko jaktmodus nett denne dagen.
Me fekk teke rotta allikevel. 

Sommar er vanlege dagar, regn og sol, godt humør og dårleg humør, dagar
med mykje energi og dagar der ein er tømt heilt for krefter. Slik er i alle fall
sommaren for meg! Men det viktigaste er å kunne styre timane heilt sjølv, at
dagane er annleis enn jobbkvardagar og kanskje ein legg seg litt seinare og søv
litt lengre. Det er godt å lade seg på til resten av året det. 

tirsdag, juli 12, 2016

Svenskaloppisar


Me køyrte altså igjennom Sverige på veg heim. Eg tenkte det kanskje kom
til å dukke opp eitt og anna skilt med Loppis og ytra vel så vidt eit ynskje 
om å besøke nokre få om muleg. Me drog jo på lang og tung vogn og skulle jo
i hovudsak køyre. Fyrste loppis sprang eg til som gal, men vart skuffa.
Ein stor hall i Arjaploga var fylt med mykje, men ingenting som lokka meg. 
Men desse loppisskilta dukka opp overalt. Og ein gong køyrte me spontant
inn i skogen rett frå europavegen gitt. Inn på ein grusveg og langt langt innover
på ein gard ein stad i Lappland. Der stod det nokre telt med møbler og nips
samt ein slags liten kafe med kaffi og vafler. Og ein haug med smikka (knott).


Her var det nokre skattar og veldig fine prisar. Til dømes fann eg to gamle stolar
til 20 kr stk. Men sidan eg har så mange stolar og eg ikkje ville sprenge kapasiteten
i bagasjerommet så vart dei verande. 


Dette ser kanskje ikkje ut som ein skatt men det skal bli
det. Eit gammalt hattestativ malt i ein gyseleg farge. Skal få bli
noko anna, det får eg heller kome tilbake til med tida. 


Litt sliten emalje. Eg er veldig svak for emalje og særleg i desse fargane her. 


Potetpresse, har du det? Dei er så fine og skal lage den ultimate
potetstappa! Eg gler meg til bruk!


Slike glas har eg sett både i Sverige og Finland. Dei er veldig
fine men ofte høgt prisa. Denne kosta berre ein tjuar og fekk vere med heim.


Ei lita skuffe til å ha i mjøl eller anna. 


Og eit stort emaljelok til samlinga mi på hønsehusveggen.


Me stakk innom ein til loppis der det var billeg men sånn halvvegs i utval. Og så,
i Dalarna, sto det plutselig eit loppisskilt, langt inn i gokk. Det viste seg å vere
i ein nedlagt gammal togstasjon i Emådalen. Eit nydeleg hus med loppis i fyrste
etasje, i ventesalen.


 Ei utruleg herleg dame tok oss imot og snakka med oss imens me farta rundt der
inne. Dei som held loppisen har også ein del å sei for kva ein kjøper med seg faktisk.
Her brant det i lommeboka for her var det mykje mykje fint! Litt dyrare prisar og
eg måtte velge dei tinga som fekk vere med etter det eg hadde att i svenske og norske
sedlar. Skulle gjerne ha reist attende her og handla meir ein anna gong! Må spare litt
først. 


Ei stor trakt i emalje sjølvsagt. Eg har ei mindre heime og den er ofte
i bruk i saftlaginga. Ja, eg har som mål å bruke det eg kjøpe, helst. 


Denne skal no ikkje brukast til anna enn pynt. Og eg har hatt lyst på
ein dalasset ei stund. Dei har med tida sjarmert meg meir og meir, sikkert
sidan eg byrja å sjå dei her og der i dei gode svenske blada eg les i. 
Denne var passeleg stor, i god stand og kosta like mykje som ein mummikopp.
Min feriepresang til meg sjølv i sommar. 


Ei stor krukke som rommar ein del liter, utan lok. Til kjøkenet sjølvsagt.
Eventuelt som vase men det syns eg vert grusomt kjedeleg, så det
vert nok noko anna oppi.


Og ei lita samling gamle og fine linhåndkle. Til bruk og til baking. 
Eg smilte frå øyre til øyre på veg tilbake til bilen og til tross
for at no var ungane like gira på loppis så meg så roa me ned 
loppisbesøka for å kome oss heimover. 

Det er rart kor forskjellig det er i Noreg og Sverige når det kjem til bruktkjøp.
I Sverige har nokon loppisar på tunet sitt heile året, og mange set opp loppis
gjennom heile sommaren. Eg såg nokre få bruktbutikkar utanom. Kven er desse
som held loppisane og kvifor gjer dei det? Det er i alle fall heilt tydeleg at 
det sosiale med at folk stikk innom var viktig for fleire. Og det å få
tene litt pengar og bli kvitt litt ting er jo ein anna sak. Men her i Noreg
 er det misjonen og Frelsersarmeen som styrer brukthandelen for det
meste, utanom nokre få bruktbutikkar og dyre antikvitetshandlarar sjølvsagt.
 Og dei få loppemarknadane som dukkar opp vår og haust. Men her i vest er 
det ikkje mange av dei og eg ser dei også har mindre utval. Elles er det vel
kjent for dei fleste at bruktbutikkane vert dyrare og dyrare også her i landet.
Det er veldig synd. For meg som går på skattejakt er det kanskje ikkje det
verste, men for andre som treng klede og ting billegare er det ikkje noko 
særleg. 

Du som les innlegget
og har nokre tankar om dette: legg gjerne igjen nokre ord! Og god
loppissommar vidare!