fredag, juli 01, 2016

BAKERIET I LOM


Ja, dette innlegget får overskrift i store bokstavar. Og det er det
meining i. Eg har nemleg hatt lyst til å reise her til i mange år. For ein del
år sidan vart eg tipsa om han bakaren Morten Schakenda, hans 
fantastiske bolleoppskrift og andre oppskrifter som eg har vist til her
fleire gonger, hans store "bakebibel" som inspirerte meg veldig
på bakefronten, ryktet om bakeriet hans som låg attåt ei elv
og selde boller og brød som det suste etter sommarsdagen.


Og eg er på ferie, med min grisebonde, ei dotter på 16 og ein
son på 10. Og det la seg endeleg heldigvis til at eg fekk besøke
bakeriet. Og her var det lang kø, akkurat som forventa. Tok
ei stund før ein kom seg inn og fekk bestille og der inne
gjekk det hastig for seg. 


Mykje godt i brødsortar og særs mykje godt når det gjeld boller 
og anna søtt.


Tomatbrød, olivenbrød, tomatfoccacia, olivenfoccacia. Tomatfoccacia
prøvde me, knallgodt og saftig!


Lekre boller på vent. 



Sjekk desse kunstverka av boller då. Me prøvde fem forskjellige boller
inkludert vanlege store kveiteboller. Pistasjboller med pistasjnøtter og fyll
var nok favorittane til oss vaksne og kanelknutane var til dei yngste, som måtte
kjøpe seg enda fleire.


Surdeigsbrød vart også med i posen. Skikkeleg luftig og flott brød.


MEN. Det var ikkje berre bollekjøp. Då eg kom ut sto nemleg bakaren
der sjølv. Og eg, fylt av magiske krefter tydelegvis, gjekk bort for å 
helse på han. Eg sa han var ei stor inspirasjonskjelde for meg og bakinga mi
og han ville gjerne vise meg drifta om eg ville det. Nesten skjelvande
og i høggir vart eg med inn. Han viste meg alt, absolutt alt, og eg
følte meg utruleg heldig. 


Eltemaskinar på rekke og rad og kilovis med ekte meierismør 
sjølvsagt. Surdeigen fekk eg sjå, deigar som sto klare, heveskap, 
arbeidsstadene og alt som skulle gjerast. Flinke medarbeidarar
fekk eg helse på også. 


 Den store bakarovnen klar for nye brett med boller. Og jommen sel dei 
mykje boller og bakverk i løpet av ein dag, i løpet av ei veke, i løpet
av ein sommarmånad, i løpet av eit år. 50 ansatte om sommaren. 
Og uteservering med start 2. juli med sal av pizza og anna godt.
Jommen har han jobba opp eit flott bedrift, gjort bakarevna til ikkje
berre eit levebrød men ei stoltheit, lært mange av dei norske folk kva
baking er og kan vere. Heilt noko anna enn desse hurtigbrøda og tyskproduserte
bollene som vert slengt ut til oss frå ein kvar butikk og Narvesen med 
"nysteikte bakervarer"-skilt.


Her står han sjølv. Ikkje heilt i full jobb for tida men innom bakeriet
sjølvsagt. Og eg er så takknemlig for mi oppleving i dag, det betyr
så mykje for meg. Takk for det Morten! 

3 kommentarer:

  1. Så utolig artig, både for deg og Morten. Dette var nok inspirerende for dere begge! (",)

    SvarSlett
  2. Så hyggelig gjort! Har selv kost meg på bakeriet ved en anledning, og vært så heldig å delta på brødbakekurs med Morten. Han er en stor inspirasjonskilde for meg også :-) Mvh Margrethe

    SvarSlett
  3. Heisann! Flotte bilete frå ei vakker bygd og eit suverent bakeri ;) Kan du ta kontakt med meg vedr. "lån" av eit bilete? Mvh sg@sb1ls.no

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!