mandag, juli 11, 2016

Reisebrev frå Noreg I


Me nordmenn er så rike, så reisevante. Me har vore her og der, hoppa
av og på fly, til fjerne destinasjonar og sand mellom tærne, til storbyar
og fjerne kulturar. Men kjener me vårt eige land godt nok? Det gjer i alle
fall ikkje eg. Og denne sommaren var planen å bli litt betre kjend med landet
vårt. 


Og ja, eg har funne meg ein mann med ei campingvogn. Ei laaang vogn, med stove
og kjøken og bad og fleire senger. Eg har aldri reist avgårde på real campingferie før,
Og med kjærast, hans tiåring og 16-åring var dette ei spennande utfordring for meg. 



Me tok fyrste natt på tur på ein herleg liten campingplass i Luster. La oss overskya
og vakna opp til herleg sol og nydeleg utsikt. 



Me skeia ut med frukost på steinovnsbakeriet Lustrabui. Med store og gode
bakverk. Og heilmjølk i glasa.




Vidare gjekk turen over sognefjellet. I sol og med snofønner til
å stikke føtene nedi. Obligatorisk. Og eg vart mektig imponert over
bonden min som bada føtene vel og lenge!




Ein del snø i høgfjellet enda og god sommarstemning med saugene
som går langs vegen. 

4 kommentarer:

  1. Tror ikke jeg skal vise min kjære dette innlegget. Det svære bakverket gjør vel at vi må innom Lustrabui når vi kjører nordover nærmere helgen :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Anbefaler sterkare Bakeriet i Lom til magefyll! ;-) Ti gongar betre!

      Slett
  2. Så artig å lese reisebrevene dine. (",)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Kjekt å høyre ;-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!