mandag, juli 11, 2016

Reisebrev frå Noreg II


 Etter ein dagsstopp i Lom som det har lest om tidlegare og
ei natt i Malvik så gjekk vegen vidare nordover. Me stoppa opp i Mosjøen
der me hadde to netter og tok ein dagstur ut til Sandnessjøen for fyrste smak
av nord-Noreg. 


Ut til det opne havet. 




Me jakta på dei syv søstre. Som denne dagen var halvvegs dekka av
skodde. Men uansett magisk flotte. 


På rekke og rad ligg dei og skodda badar seg i mellom toppane. 


Mykje fint landbruk oppe i nord. Og gardsinteresserte som me alle er
måtte me kikke ekstra på alle kyr som me passerte. 


Slott okse og sjarmerande kjærast. 



Og ein anguskalv som smiler til kamera.


Den flotte Helgelandsbrua som svingar seg uti sjøen. 


Og så strake vegen vidare. Over saltfjellet mot Fauske og Bodø.


I Bodø kom me oss, etter lang tid og mykje forvirring, ombord
i ei ferje på veg til Lofoten. Ferja tek tre timar over. For oss vestlendingar
som er vant med store (?) ferjer, flinke ferjemannskap og presise avgongar
fekk oss ei stor overrasking her. Men etter nokre timar fekk me få bli
med og var sikra turen opp som sparte oss ein del mil med bilen. 
Ferjeturen var flott og veret var strålande. 


1 kommentar:

  1. Smiler godt når du skriver om fergen i Bodø. Vestlendinger er svært godt vante med fergene. Når jeg kom til vestlandet fikk jeg hakeslepp, går ferga hver halvtime?! Og ristet på hodet når folk irriterte seg over at de mistet ferge; slapp av, det går en til om 25 minutt .... :D

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!