mandag, juli 11, 2016

Reisebrev frå Noreg III








Moskenes i Lofoten. Fjell, berg, fugl, sjø. 




Mykje fine blomar, blant anna ein del ville orkidear: flekkmarihand. 



Kveldslys.


Og maritimt. 


Campingplassen me låg på var rett ved ferjekaien. Og hadde nydeleg utsikt og ei
fin ro. Herleg å drikke ein kopp te med godgenseren på. For her vart det jo ikkje mørkt heller.
Me var kome over grensa til midnattssola. 






Og me hadde også nådd ei anna grense. Her lukta det fisk. Tørrfisk. Pålane
sto tomme her overalt, men nokre få tørrfiskar var blitt gløymd i innsamlinga.


Men det var jo ikkje dei som lukta. Fyrste kvelden vandra me rundt og 
kom over noko som var heilt nytt for oss. Tusenvis på tusenvis med torskehovud.
Dette ante me ingenting om og måtte spørre ut ein lokal mann som var ute på kveldstur.
Jo, dei vart tørka (ikkje salta) og sendt til Nigeria der dei var hovudingrediens i ei
suppe/gryte. Staseleg middag i bryllup og fest. Og gode pengar for fiskarane. 
Desse hovuda dukka opp langt innover vegen i Lofoten.




Tørka bleiflabb, freista det? 


Eller måseegg? Til svinedyr pris? Eg held meg til mine hønseegg
og andeegg eg trur eg. Men fersk torsk kjøpte me og den var heilt nydeleg. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!