mandag, juli 11, 2016

Reisebrev frå Noreg IIII



Me tok oss ein liten fjelltur der ute. Jommen var det mange som gjekk i fjellet og
langs med vegane der ute, samt sykla. Og det kan eg godt forstå. Ein aktiv ferie
i Lofoten hadde vore noko. Ein liten og middels tur ga oss faktisk litt klatring med
kjetting. Og skodde på eine toppen. Skodda kom plutseleg sigande og som
fjellvante me er valte me å snu og gå ned. 



Me reiste så vidare ut til Å, i enden av Lofoten. Utanfor der ligg det nokre øyer, blant
anna Røst, men elles er det hav hav hav. 


 Mektige fjell, sol og skugge. Utruleg vakkert. 




Og så vidare innover mot Reine. Naust og rorbuer, båtar og sjarmerande
hus. Her kan det vere verhardt men ikkje alle hus såg så hardføre ut
slik som me gjerne er vant med her på vestlandet. 











Til slutt, skagsanden strand. På ein dag med regn. Surfarar var ikkje utpå ein gong. 
Planen var å reise ut til Hauklandstranda også men det lot seg ikkje gjere denne gongen.
Det er ikkje alltid at alt går etter planen. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!