mandag, juli 11, 2016

Reisebrev frå Noreg V


Me køyrte vidare inn til Svolvær. Landskapet byrja å forandre seg litt om litt. Og 
me såg meir og meir forskjellen på flo og fjære. Sjøen forsvann ut og sand, tare og
anna som lurte seg der kom fram. Alt såg heilt aude ut ei stund og vips så hadde det snudd.
Fascinerande for store og små. Og Buster syns det var stor stas å grave under fersk tare.




Tilfeldigvis denne dagen skulle det skje noko stort i Svolvær. Det nye Hurtigruteskipet skulle 
døypast Spitsbergen. Og det var sett i stand stor folkefest. Så det måtte me sjølvsagt
få med oss.


For meg var det enda større at Cecilie Skog var der og skulle vere gudmor. Ho er ei flott
dame som eg ser opp til og boka om ho storkosa eg meg med i fjor vinter. Den like 
sjarmerande mannen hennar var også tilstades. 


Svolvær var ein herleg liten by, denne kafeen her likte eg særs godt. 
Til tross for at den ikkje var open så fekk den absolutt mitt smil,
sjå kor fargerikt og deilig! Der må det vere koseleg å drikke kaffi!


Me tok også turen til Kabelvåg i kveldinga. Ein liten søt stad. 


Eg diggar slike "frie bibliotek", her ved namn Mikrobibliotek. Her hadde me det
ganske så moro med å ta bilete, kikke på bøker og tulle. Så fin grønfarge den gamle
telefonboksen hadde fått seg også, så godt når folk tør å bruke litt fargar! Til og med
ei gammal bok av Einar Økland fann eg der inne, men eg plukka med meg denne
som ferielektyre. 

"gatekunst" i Kabelvåg. 


Siste dag i Lofoten reiste me innover i landet og såg landskapet
sakte men sikkert forandre seg. Meir grønt og fleire gardar. 
Me reiste vidare til Bognes og tok ferja til Lødingen. Derfrå køyrte me
til Fauske og nedover til me kunne køyre inn i Sverige for heimvegsturen. 
Det vart to dagar og to overnattingar i Sverige med fine vegar, strake vegar, kjedelege
vegar, litt grus og litt raspa asfalt, masse loppisskilt, nokre tranar og nokre reinsdyr,
smak av knallgod svensk lågpasteurisert mjølk og mykje anna. Siste overnatting
i Noreg før stopp for Rullestad Camping hadde me i Finnskogen på ein
camping som heiter Dragomoen. Ein nydeleg plass med pisselunka badevatn,
veldig fin og god atmosfære.



Til saman køyrte me 4000 km, det vart nokre kroner i diesel ja, ikkje så mykje 
på campingplassane, me hadde med oss ein del heimekjøt som sparte oss litt
pengar men me skeia nokre gonger ut med boller og is og middag. Reise i lag
i bil og vogn ga litt irritabilitet og klaging og masing, frå både store og små,
men alt i alt var det jammen meg ganske vellukka til tross for nesten 14 dagar
i lag. Kjekt å endeleg ha sett ein del av nord-Noreg, men lysta ligg jo sjølvsagt 
i å reise attende og sjå meir, kanskje gå i fjellet. Tida vil vise om det vert ein gong! 

6 kommentarer:

  1. Ja, dere har virkelig fått med dere de beste delene av Norge (synes jeg da). Nesten hjemom meg også jo. :-) Jeg trives godt her i nord selv om jeg er vokst opp i hovedstaden.
    Hilsen Camilla i Harstad

    SvarSlett
    Svar
    1. Skulle nesten ha vore i Harstad også. Tenkte på det, har ein song av Lars Bremnes om Harstad på telefonen min, skulle gjerne ha sett den byen også! Men trur me hadde bikka over køyregrensa vår, måtte snu og komme oss nedover att ;-)

      Slett
  2. Drømmeferie ! Ser helt fantastisk ut. Nordnorge er en opplevelse som alle burde få . Imponerende å dra på den svære vogna i lofoten :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Glad me hoppa i det og gjorde det ja! Om det blir ein neste gong blir det nok utan ei så stor vogn ;-)

      Slett
  3. Så trivelig at dere for det meste har hatt det flott på tur! Vi skal også kjøre til Svolvær en liten tur kommende søndag, men for oss blir det jo faktisk å reise i motsatt retning. (",)
    Skulle dere finne ut at dere har lyst til å se Nord-Troms en gang tilbyr vi gratis oppstilling for vogn på tunet. Bor like ved E6. (",)(",)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hihi, takkar og bukkar for det!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!