tirsdag, juli 12, 2016

Svenskaloppisar


Me køyrte altså igjennom Sverige på veg heim. Eg tenkte det kanskje kom
til å dukke opp eitt og anna skilt med Loppis og ytra vel så vidt eit ynskje 
om å besøke nokre få om muleg. Me drog jo på lang og tung vogn og skulle jo
i hovudsak køyre. Fyrste loppis sprang eg til som gal, men vart skuffa.
Ein stor hall i Arjaploga var fylt med mykje, men ingenting som lokka meg. 
Men desse loppisskilta dukka opp overalt. Og ein gong køyrte me spontant
inn i skogen rett frå europavegen gitt. Inn på ein grusveg og langt langt innover
på ein gard ein stad i Lappland. Der stod det nokre telt med møbler og nips
samt ein slags liten kafe med kaffi og vafler. Og ein haug med smikka (knott).


Her var det nokre skattar og veldig fine prisar. Til dømes fann eg to gamle stolar
til 20 kr stk. Men sidan eg har så mange stolar og eg ikkje ville sprenge kapasiteten
i bagasjerommet så vart dei verande. 


Dette ser kanskje ikkje ut som ein skatt men det skal bli
det. Eit gammalt hattestativ malt i ein gyseleg farge. Skal få bli
noko anna, det får eg heller kome tilbake til med tida. 


Litt sliten emalje. Eg er veldig svak for emalje og særleg i desse fargane her. 


Potetpresse, har du det? Dei er så fine og skal lage den ultimate
potetstappa! Eg gler meg til bruk!


Slike glas har eg sett både i Sverige og Finland. Dei er veldig
fine men ofte høgt prisa. Denne kosta berre ein tjuar og fekk vere med heim.


Ei lita skuffe til å ha i mjøl eller anna. 


Og eit stort emaljelok til samlinga mi på hønsehusveggen.


Me stakk innom ein til loppis der det var billeg men sånn halvvegs i utval. Og så,
i Dalarna, sto det plutselig eit loppisskilt, langt inn i gokk. Det viste seg å vere
i ein nedlagt gammal togstasjon i Emådalen. Eit nydeleg hus med loppis i fyrste
etasje, i ventesalen.


 Ei utruleg herleg dame tok oss imot og snakka med oss imens me farta rundt der
inne. Dei som held loppisen har også ein del å sei for kva ein kjøper med seg faktisk.
Her brant det i lommeboka for her var det mykje mykje fint! Litt dyrare prisar og
eg måtte velge dei tinga som fekk vere med etter det eg hadde att i svenske og norske
sedlar. Skulle gjerne ha reist attende her og handla meir ein anna gong! Må spare litt
først. 


Ei stor trakt i emalje sjølvsagt. Eg har ei mindre heime og den er ofte
i bruk i saftlaginga. Ja, eg har som mål å bruke det eg kjøpe, helst. 


Denne skal no ikkje brukast til anna enn pynt. Og eg har hatt lyst på
ein dalasset ei stund. Dei har med tida sjarmert meg meir og meir, sikkert
sidan eg byrja å sjå dei her og der i dei gode svenske blada eg les i. 
Denne var passeleg stor, i god stand og kosta like mykje som ein mummikopp.
Min feriepresang til meg sjølv i sommar. 


Ei stor krukke som rommar ein del liter, utan lok. Til kjøkenet sjølvsagt.
Eventuelt som vase men det syns eg vert grusomt kjedeleg, så det
vert nok noko anna oppi.


Og ei lita samling gamle og fine linhåndkle. Til bruk og til baking. 
Eg smilte frå øyre til øyre på veg tilbake til bilen og til tross
for at no var ungane like gira på loppis så meg så roa me ned 
loppisbesøka for å kome oss heimover. 

Det er rart kor forskjellig det er i Noreg og Sverige når det kjem til bruktkjøp.
I Sverige har nokon loppisar på tunet sitt heile året, og mange set opp loppis
gjennom heile sommaren. Eg såg nokre få bruktbutikkar utanom. Kven er desse
som held loppisane og kvifor gjer dei det? Det er i alle fall heilt tydeleg at 
det sosiale med at folk stikk innom var viktig for fleire. Og det å få
tene litt pengar og bli kvitt litt ting er jo ein anna sak. Men her i Noreg
 er det misjonen og Frelsersarmeen som styrer brukthandelen for det
meste, utanom nokre få bruktbutikkar og dyre antikvitetshandlarar sjølvsagt.
 Og dei få loppemarknadane som dukkar opp vår og haust. Men her i vest er 
det ikkje mange av dei og eg ser dei også har mindre utval. Elles er det vel
kjent for dei fleste at bruktbutikkane vert dyrare og dyrare også her i landet.
Det er veldig synd. For meg som går på skattejakt er det kanskje ikkje det
verste, men for andre som treng klede og ting billegare er det ikkje noko 
særleg. 

Du som les innlegget
og har nokre tankar om dette: legg gjerne igjen nokre ord! Og god
loppissommar vidare! 

8 kommentarer:

  1. Jeg er helt enig med deg. Håper prisene holder seg lav så folk kan skaffe seg det de trenger til en rimelig penge. Ulempen er selvfølgelig at jeg selv har samlet på meg alt for mye (og mer blir det vel også...)
    Hilsen Camilla i Harstad

    SvarSlett
    Svar
    1. Huff ja, det har no eg også ;-)

      Slett
  2. DET var mange fine loppiser, dalahesten er stilig !
    Jeg er altfor lite flink til å stoppe innom loppiser, er så destinasjonsfokusert. Tør ikke tenke på alt jeg har gptt glipp av.

    Ikke godt å si hvorfor det er som det er i Norge, den må jeg grunne litt på. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. No må du stoppe opp på vegen ja,mykje gøy ein kan kome over! Og mykje tull også ;-)

      Slett
  3. Gøy med loppis på tur ja, og litt vanskeligt å vite hvor det er bryet vert å stoppe.
    Eg liker Erikshjelpen på Sverige turer. finner ut på nettet hvor dei er i forhold til der me kjører og opningstid. gps er nyttig da for dei ligg ofte i utkanten av byene litt sånn industriområder.
    liker godt kjøkkenhånkle, og putetrekk, og overlaken hylla.
    Har kjøpt litt sånnt no, men er ikkje ofte i Sverge (to turer tenker eg) så angrer at eg ikkje kjøpte mere, men sånn er det jo begrenser meg litt på tur, og kan ikkje bare løpe tilbake,,,,

    http://www.erikshjalpen.se/secondhand/
    Det er vist ein Erikshjelpen i Tønnsberg og, der har eg ikkje vert.

    Klem,

    SvarSlett
    Svar
    1. Erikshjalpen får eg sjekke ut neste gong tenker eg! Takk for tips!

      Slett
  4. Herlig, liker spesielt godt sånne lin-kopphåndduker.

    Dette likner på vår ferie i fjor, da var det automatisk stoppordre hver gang det sto "Loppis" i veikanten. Etterhvert erfarte vi at for vår del var det der det sto "Antikloppis" at vi fant det vi var mest interessert i. Ikke at det var så veldig mye som var reellt antikt, men det var mer retro og rariteter der enn på mange av de som bare var merka loppis.

    Er litt usikker på hvorfor det er forskjeller mellom landene - men at det er det er helt sikkert! Er vi blitt litt for kjøpesterke i Norge, kanskje? Det kan være årsaken til at alt er blitt dyrere, handler vel om tilbud og etterspørsel. Sjøl styrer jeg unna f.eks. Fretex, der er det som oftest dyrt og helt utplukka for "mine" godbiter til enhver tid. Og når vi har så mye penger, trenger vi jo ikke å anstrenge oss for å selge det vi ikke trenger?

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, er vel både òg på desse loppisane. Plutseleg kjem ein innpå noko bra, men då må ein gjerne stoppe på ein del dårlege undervegs ja. Så syns me var heldige som stoppa på fire stykk der to av dei var bra!
      Og trur me har litt for mykje pengar her ja. Og gode trygdeordningar også. For dei har jo loppisar i mange veker, også gjennom heile året i sverige. Så er jo kanskje ikkje folk som er i full jobb som har dei. Nei, ikkje godt å seie. Fretex i Noreg er blitt aaaltfor dyrt ja, men eg stikk innom ein gong i blant for å kikke i alle fall. Men kuppa gjer eg nok andre stader!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!